lørdag 12. januar 2008

Oppsummering av veke 2

Matmor evaluerer:
Det har vore ei veke der vi endeleg er i gang med trening. Det har vore flotte vinterdagar og ufyselege regndagar.
Så ka har vi fått gjort av det vi tenkte denne veka?

Grunnferdigheiter:
Vi er i gang med å rygge i vinklar. Ekko slår til med ein flott og neste blir bare kaos. Eg bør visst kun ta ein om gongen når det gjeld dette.
Vi pirkar på utgangsstillingen. Han har mange fine innkomstar, men bør nok få fart på seg.

Lydnad:
Eg kommenterte måndag korleis eg opplevde tannvising/ utgangsstilling og fellesdekk. Eg held fast med at vi ikkje må gå så fort fram. På fellesdekk-delen må eg fokusere på dei enkelte delelement.

Bruks:
Ekko har begynt å hente lausbitt hjå figurant om er nære. Hentar, kjem på plass og viser figurant. Trener førebels det og rundering kvar for seg. Vil at han skal halde på farten i flyingen ei stund. Vil så gjerne at den skal overførast til enkeltslaga. Men eg reknar med at han snart er klar for å prøve seg på melding.
Luktdiskrimineringa har vi fått gjort lite av.

Triks:
"Skjems du?" går framover, men han syns ikkje det er så veldig kjekt.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko

Lurte bar litt på koss det va gått med foten din. Har sikkert gått bra siden du ikkje har skrivt noe om det.
??

Chico

Aud Venke sa...

Eg er resergod i foten! I alle fall holdt eg farten i dag! Koss går det med deg? Har du like vondt?

Anonym sa...

Off. Ja det har eg. Så Elisabeth seie me ska tebars te dyrlegen igjen i morgen. Hu seie det at det ser ikkje lyst ut. Så nå e eg bekymra altså.

Chico

Anonym sa...

Så fælt. Eg fekk litt vondt i foten i kveld eg òg. Trur det er når eg tenke på deg. Det e dumt at du har vondt for då kan du jo ikkje vera med å trena heller. Såg du bildene frå treninga i dag? Du sko ha vore med der. Det e SÅÅÅÅÅÅ kjekt. Det e sikkert någen som kan passa Victoria akkurat når du elle Faya ska arbeida. Me e jo så månge og eg e sikker på at de e någen så e gla i ongar der.

Anonym sa...

Ja det hadde vært gøy og væra med. Og me ska varra med noen gonger me og seie Elisabeth. Så me gleda oss masse. Det va noen tøffe bilder. Spesielt det bildet av Scotty med djevel auger:-)

Anonym sa...

Han er jo ein liten djevel av og til................