søndag 20. januar 2008

I morgon blir eg 3 år!!

Eg hadde tenkt dagen skulle feirast med fest på måndagstreninga, men så kjem mor og fortel at eg skal på kennelen. Ho er ikkje klok. Torhild på kennelen er veldig kjekk, men det betyr jo at eg ikkje får trent saman med kremgjengen. Og dei går glipp av kake og all slags.

Nå er ikkje matmor heilt i form i dag, så det blir lite baking på henne. Ho sit med teppe rundt seg og halvsøv og jobbar litt. Ser at ho har lyst til å invitere meg opp i sofaen, men det der med sofaen er vel det siste prinsippet ho har igjen og det er ikkje lett å la det òg falle. Altså ligg eg ved beina hennar og trøystar så godt eg kan. Men ho hadde fått mykje betre kos om eg hadde fått kome opp. Eit par dagar til med sjukdom og eg er i sofaen, det er eg sikker på!

Nå har mor lova at neste måndag skal det bli kake og kaffi til dei tobeinte.

Eg har forresten fått litt presang på førehand. Ho kraup ut av senga for at eg skulle få rundere i dag. Det er kjekt å springe att og fram i skogen. Nå har ho til og med begynt med at figurantane skal leike med meg. Då er det jo heilt topp! Det einaste er at eg blir så trøytt på slutten at eg ikkje orkar å leike. Vil bare ha godbiten slik at eg har krefter til å springe til neste person. Alle 4 hundane i dag var visst heilt gira og sprang som uvèr. Det var Pia, Thelma, Era og meg. Figurantane blir sveitte, det har dei godt av.

Torhild på kennelen har sendt melding om at dei skulle gjere litt stas på meg når eg kom. Mellom anna så var der nok eit par tisper eg kunne leike med og kanskje vanka det ein godbit eller to. Og så få eg sikkert litt ekstra kos av henne òg. Kanskje det ikkje var den verste måten å avslutte treårs-dagen på?
Så får de heller greie dykk på ei måndagstrening utan meg. Eg som skulle imponere med at det er så enkelt med apport.. he, he

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ka e det den matmorå de ska på nå da. Har hu ikkje lert seg at hu må slutta å planlegga ting på våras trenedager. Tross dårlig planlegging så ønske eg Aud Venke god bedring.

Faya

Aud Venke sa...

Hu ska te Haugesund i mårrå og det varer visst så lenge at hu ikkje likte at eg sko vera aleina så lenge. Nå trur ikkje eg at hu komme seg te Haugesund for hu e ikkje møje tess. Sånn sett kan det godt vere at det er smart å vera på kennel. Der skjer det i alle fall någe. Her arbeider hu i 10 minutt så må hu kvila. Blir ikkje trening eller tur av sånt.