Treningskveld (ja det er torsdag og det regnar). Det var ikkje mange der i dag. Matmor og eg skulle jobbe saman med Silje og Pia. Eg sat i bilen og såg på Pia. Lurte jo på ka vi skulle i dag. Og det såg rart ut. Silje dingla med eit eller anna og peika. Eg skjønte lite. Så var det min tur. Matmor hadde fått låna Trofast sitt halsbånd. Det lukta rart. Ka skulle ho med det når eg hadde på meg sele? Så begynte ho med å peike i lufta. Eg såg litt oppgitt på henne. Det der har vi gjort så mange gonger, må eg no òg? Men ok det er tydeleg target på finger ho vil. Etter to enkle, drog ho fram dette halsbandet som lukta så rart. No begynte ho å stikke fingeren gjennom halsbandet. Eg tok snuten borti fingeren. Klikk og fiskekake. Sånn haldt vi på til snuten min var halveges gjennom bandet og fingeren hennar på andre sida av der eg stod. Då ville eg ikkje meir. Det var kjedeleg. Eg prøvde å bukke, dekke all slags kjekt for å sleppe unna. Til slutt forstod ho, og eg fekk med meg litt fiskekake i bilen. Eg såg Pia kom litt lenger, men ho slapp i alle fall å ha Trofast sitt band å lukte på.
Så var det ei kort økt til. Eg gjer eit par slik ho vil, men prøver etterkvart å dytte vekk bandet og ta snuten på fingeren utan å stikke snuten gjennom det ekle bandet. Då sa matmor: "Sitt, dekk,sitt opp osv. " Eg slo til . Mykje kjekkare det. Men så kasta ho meg i bilen igjen.
Trur ikkje Pia heller syns dette var det tøffaste vi gjorde for dei drog fram kjegla i neste økt. Syns eg såg at halen til Pia var meir med då.....
Heldigvis hadde dei ikkje lagt vekk kjegla då eg kom ut. Denne gongen tok eg dei så det suste. Til og med dei på bakken tok eg med snuten utan å ta labben borti.
Siste økta var det litt til av at eg skulle stikke hovudet gjennom eit band, men denne gongen hadde heldigvis matmor oppdaga at det var ein ekstra sele i bilen. Det var litt betre lukt på den i alle fall. Eg gjer det eg skal i to-tre repetisjonar, men du og du kor keisamt...............!!
Då tok ho fram apportbukken. Eg syns eg har blitt flink. Plukka opp og kom på plass. Litt for enkelt for ho på to bein. Så dermed kom utfordringa. Eg skulle plukke opp apportbukken, kome inn (fekk velge om eg sette meg framfor eller kom på plass), halde apporten mens ho dingla med "kvakki" framfor meg. Snakk om nervepirring. Første gongen blei apporten dinglande laust i munnen på meg. Eg mista litt munn og mæle. Andre gongen holdt eg fast til ho sa takk. Tredje gongen var ho ekstra fæl. I tillegg til å dingle med den kjekke fuglen, fekk ho den til å lage lyd. Eg prøvde å sjå ein annan veg. Eg visst jo at eg ikkje fekk leike med den viss eg slapp. Og eg greidde det! Då fekk eg riste og bite i fuglen ei stund. Det var ei vanskeleg oppgåve, men eg syns eg fiksa den ganske godt.
Etterpå hamna eg i bilen og dei tobeinte blei ståande å prate lenge. Lotta kom òg. Ho og matmora var ute på tur. Lotta har visst ikkje lyst til å trene for tida. Rar dame det der. Eg er så treningsgira at eg kunne tenkt meg å trene heile dagen. Men kanskje sånt går over?
Faya var der ikkje i kveld. Ho skal på utstilling i helga. Eg syns ho er veldig pene og veldig bestemte så hadde eg vore dommar hadde eg ikkje turd gje henne noko anna enn beste resultat. I alle fall ein premie med mat i. Eg kryssar labbane for henne! Stå på, ditt røde arbeidsjern!
Scotty var der heller ikkje. Han er visst blitt sjuk. Dei snakka om at han kanskje hadde spist noko han ikkje skulle. Scotty, han et plastikken òg på maten han, for då går det fortare. Han er ganske rå sånn. Men matmor har visst fått beskjed om at veterinæren trur det er virus. Uff då. Lurer på koss Scotty er når han er sjuk? Blir han sliten då? Eg har aldri sett han sliten. Han er jo så travel. Eller kanskje han er travelt sjuk òg? Altså sånn brått sjuk og så brått frisk igjen? Eg kryssar labbane for han òg. Men no må eg ha litt kryssepause for elles blir eg vel kasta ut. Ho på to bein kjem til å tru eg er tissetrengt.
2 kommentarer:
Hei Ekko.
Eg tror det at Scotty e travelt syk. Han må nok pipe og pipe sånn at alle får det med seg at han lide. Ja sånn så mannfolk flest pleie å varra.
Eg har ein dårlig nyhet te deg og ein så kansje kan varra goe. Det gjelde denna kjekke ballen så Faya har så du like så godt.
1: (dårlig) Har nå leita over alt i dyrebutikkene her i nord, men ikkje funne den.
2: (Kansje god) Min bror sa det va på dyrebutikken på Amanda han hadde kjøpt den. Men dei hadde den ikkje der. Og ikkje fant dei den i produktkatalogene sine heller. Men dama skal snart reise ned til Tyskland å besøke dei så dei kjøpe alle lekene av. Og då ska hu se om hu finne den der. For det va jo immari trist at dei ikkje skulle ha den leken vist det va så månge så likte den. Så nå må du krysse labbene igjen. :-)
Ps: Faya har bursdag i morgen
Elisabeth
Du er grei, Elisabeth. Tenk at du har sjekka alle dei butikkane. Nå håbe eg på Tysklandsturen te den damå.
Aud Venke har fått lapp om pakke frå Canis. Då e sikkert kjegla til Faya komt.
I dag har eg kost meg lenge. Eg skulle få eit kraftbein, men så er mor ikkje heilt klar over ka ho gjer. Eg fekk to for dei hang saman! he, he. Det var godt det!
Eg ska huska Faya i morgon!
Ekko
Legg inn en kommentar