lørdag 9. august 2008

Han er litt dyrare i dag....

Fredag var det sol og fint. Eg tok med meg Ekko på treningstur. No skulle vi trene på å komme på innkalling med fløyte og å gå fint i band sjølv om vi møter forstyrrande element som forbipasserande, ungar, barnevogner osv.
Halve turen var i band og halve utan så det er kanskje lett å forstå ka vi trente på når.....

Ekko går fint forbi når vi møter voksne. Omtrent i alle tilfelle. Men nokre er tydeleg spennande utan at eg greier å sjå kven.. Ungar og barnevogner er verre. Dei er pr. definisjon kjempespennande og må undersøkast. Vi møtte kun ei barnevogn på turen. Akkurat då var det noko anna veldig spennande som skjedde så det var lett å avlede. Dei vaksne vi møtte var heller ikkje vanskeleg å få han til å gå fint forbi.

Så var det innkalling. Eg klar med fløyte, leike og godbit (leika hadde eg gøymt så han visste ikkje om den). Men Ekko hadde tydeleg tenkt å vise glansbilete av seg sjølv. Han holdt seg ganske nær meg. Låg han litt framfor meg, hendte det at eg gjekk litt annleis enn han eller gøymde meg bak eit tre. Det var snakk om sekund før han oppdaga det og var i nærleiken av meg igjen. Vi møtte ingen andre hundar eller folk i skogen. Det var jo både dumt og godt for eg fekk jo auka vanskegraden hans i treninga, men eg fekk ikkje dei vanskelegaste freistingane.

Heldigvis fekk han etterkvart ferten av noko og sprang ut. Eg fløyta. Ekko "snudde på tiøringen". Rett i leik. Eit par gongen lot eg han springe litt både for trimmen og for å sjå om tid og avstand sløva han. Men det verka ikkje slik. Så kom den store prøven: Rett framfor han stod det ei kanin! Då var det fullt firsprang. Eg venta litt (rekna ikkje med at eg fekk han til å kome på sekundet der) og så fløyta eg. Han snudde nok ikkje brått då fløytelåten kom, men det var ikkje lenge å vente og det var tydelege at det var innkallingssignalfart han hadde då han kom inn til meg.
Like etter kom det ein syklist gjennom skogen. Heldigvis var Ekko like ved meg så det var bare å halde han i selen. Verka ikkje som om Ekko brydde seg i det heile.
Alt i alt ei fin økt.

Til prisen på hunden:
Når ein seint på natta er ute og går tur med stor svart hund med rosa gris i munnen, er jo det verd nokre kroner. Å stå opp og sjå ein hund som søv søtt med den same grisen tett inn til seg, er òg verd nokre kroner. Blir i godt humør av det. Så han er dyrare i dag :-).

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt at all denna innkallingstrenigå begynne å gro fast i ryggmargen. :-)

Bare litt nysgerring, kor mye kosta Ekko når han e billig og kor mye når han e dyr?? Litt greit å vite vist eg plutselig sko ønska å kjøpa ein svart hannhund med krøller og egne meininger.

Aud Venke sa...

Tja det komme ann på. Når han e dyre så e han jysla dyre og når han e billige- Tja eit par hundre..