søndag 17. august 2008

Matgilde utan hundemat...

I går reiste vi inn til Halsnøy. Det var så vidt matmor kunne bli med for ho er ikkje i så god form for tida, men heldigvis kom vi oss avgarde. Eg hadde jo lukta at det var kjøpt inn mykje god mat så dette ville eg ikkje gå glipp av. Då vi kom inn, var alle dei andre i full gang med matlaginga. Det lukta SÅ godt.
Alle kom ut og helsa på meg. Eg var så grei. Hoppa ikkje. Og ka fekk eg til takk? Jo, eg blei plassert i langline under eit tre! Hallo! Ka skulle eg det for? Eg òg ville vere med. Det gav eg nokre meldingar om. Det einaste som skjedde var at matmor kom ut og prata og gjekk ein tur med meg. Eg blei ganske frustrert. Det lukta god mat, på dei andre gardane høyrte eg hundar og det lukta sau. Til slutt meldte eg frå såpass kraftig at eg fekk kome inn.

Og ka fekk eg sjå? Jo, tallerken på tallerken med breiflabb, soppsuppe, fasan... ja eg kan ikkje namnet på alt, men det såg veldig godt ut. Matmor prøvde å få meg til å ligge i reiseburet. Ho er ikkje heilt oppegåande for å seie det mildt. Ka skal eg i eit slikt bur når rommet er fullt av mat og folk som koser med meg?
Eg fekk ingenting! Det var det eg fekk igjen for å vere grei.... Til slutt gjekk matmor og la meg i bilen. Dumma!

Tidleg i dag begynte nabohunden å sende meldingar til meg. Eg måtte svare. Klokka var jo 6 så det var på tide å stå opp. Veit ikkje heilt om kommandøren syns det, men ho kom i alle fall. Endeleg kunne eg få meg ein skikkeleg prat med setteren på den garden der oppe. Tok med meg Kvakki og strente avgarde. Men så var det ho der mindre intelligente som er i andre enden av bandet. Ho skulle liksom på langtur. Eg protesterte. Eg skulle jo bare snakke med setteren, ikkje springe halve øya rundt. Hadde jo ikkje sove så godt at eg var klar for trim. Eg trur ho hadde stått opp på feil fot, for ho drog meg avgarde. I kvart kryss protesterte eg. Til ingen nytte.

Etter ein halvtime snudde ho. På tide. Eg drog henne nesten heim. Veit de ka vi møtte? Jo, ein stor sau midt i vegen! Då blei den tobeinte litt redd. Eg hadde jo Kvakki i munnen så eg beit litt i den. Sauen likte ikkje Kvakkilyd. Hadde veldig lyst å springe etter den, men mor holdt meg knallhardt.

Vel framme fekk eg frukost (bare tørrfòr - kor er den gode maten? Åt dei alt?). Matmor fann fram solstolen og fotograferte litt. Eg vimsa litt. Ingen andre hadde stått opp. Vi måtte vente VELDIG lenge på dei. Eg brukte tida til å kjefte på noen sauer som kom for nære huset. Det er greit at dei går nokre meter i frå, men heilt oppi gjerdet til det området eg hadde ansvar for - nei, takk!

Etterkvart som dei stod opp, viste eg dei Kvakki og helsa fint i følge matmor. Og det rare var at i dag var det heilt OK å vere bunden ute, sjøl om dei andre var inne. Dei sa det sikkert var for at eg nå var kjent og trygg på området. Veit ikkje eg, men eg koste meg ute eg. Åt gode pærer og sov litt.

Nå har vi reist heim. Ikkje ein matbite hadde ho greidd å lure med seg. Sukk!





Voff frå
Ekko

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg syns litt synd i deg eg Ekko. Eg vett alt om kor fælt det e når det lukta så godt og så e det ikkje te meg.

Gro sa...

Stakkars Ekko..... ja der så det ut til å være myyyye god mat.
Du får få hu der matmorå de te å snika litt te deg og ein aen gang!!

Har registrert det kjekke med at siste innlegg i blogglisten din kommer opp. Det var veldig greit. Kossen får du det te, Aud Venke?

Anonym sa...

JA, eg har hatt det vondt. Matmor sender deg epost om det du spø om Gro.