torsdag 7. august 2008

Hund kan kjøpast for billig penge....

... i alle fall var det slik eg kjente det opp til fleire gonger på treninga i dag.

Det heile starta med at han trengte 15 minutt på å bestemme seg for å hoppe i bilen.

Då vi kom til OD, fekk han og Faya vere ute saman med oss tobeinte medan vi prata og planla treninga. Det var Torhild med Era, Elisabeth med Faya og Silje med Pia (altså sommargjengen) som var der.

Vi starta med innkalling. Eg tok med Ekko og Kvakkien og gjekk til nærmaste skog. Her fekk han gå fritt. Noko hunden nytta seg lite av. Han var litt for fiksert på at eg hadde med meg yndlingsleika. Ut frå skogen kom Elisabeth, Silje og Torhild springande og lokkande. Ekko syns det var spennande, men holdt seg til meg for han skulle jo ha premie. Men omsider beit han på lokkinga. Eg fløyta og han snudde på tiøringen. Veldig bra.
For at han skulle få blikket vekk frå den kjære Kvakki, kasta eg godbitar i bakken slik at han blei opptatt av å søke. Dei tobeinte var forsvunne igjen. No dukka dei opp. Ekko blei glad, såg på meg (venta han på Kvakki eller tillatelse til å helse??). Eg gjorde ingenting. Han sprang mot dei. Og snudde like kjapt straks fløyta kom. To gode økter. Eg stoppa der.

Tilbake til bilen. Her full stopp. Absolutt ikkje inn i den. Dei andre tok først med seg Faya som skulle gjennom det same, så Era og til slutt Pia. Ekko sat, låg, stod.. ja det meste med blikket vekk frå bilen og meg. Eg stod bare der med han i band. Hadde tenkt eg skulle vinne kampen.
Etter at dei andre var ferdig, tok dei pause. Då var eg passe sur på fillebikkja og bandt han til bilen. Gjekk og sette meg med dei andre. Då hoppa dyret INN i bilen. Han hadde tydeleg sett at eg la litt mat der. Sprang bort og premierte han. Fekk han ikkje til å gå i buret, og tilllot at han fekk gå ut igjen sidan han hadde vore inne.

Etter det hadde vi ei treningsøkt med klossen (bakpartskontroll), trefte ukjente folk (noko heile hundeflokken reagerte på (minus Era) og helsa litt.Så skulle eg hjelpe Elisabeth litt. Men gjekk Ekko i bilen? Då pakka eg saman og gjorde meg klar for å gå tur. På veg ut av området, kasta Ekko seg ut for han ville ha ballen til Faya. Eg blei så sint at han fekk eit like kraftig rykk som det han gav meg. Etter det "pliste" hunden meg i lang tid....
Heldigvis gjorde dei andre seg klar for tur dei òg for no var ikkje fillebikkja mi verd mange ørene.
På turen gjekk Ekko stort sett fint både først , i midten og bak. Unntatt då dei alle blei gira på eit spor. Då låg Era først ei stund. Og då blei det fart. Det var rett før Torhild låg flat etter henne. Men ho fekk roa henne ned. Då var det Ekko sin tur til å ta av. Vi stoppa opp av og til. Hundane fiksa fint at vi stod med liten avstand og prata. Dei sette seg og venta.

Hunden min kom ganske fort i bilen etterpå. Eg brukte litt makt.... Eg lei - nei, kven kan tru det...........

For dei som var med i kveld: Ekko tok den rosa grisen med seg inn. Det har vore grisehyl i det vie og breie. Men brått blei det stopp. Han sovna!

1 kommentar:

Anonym sa...

Off off off... eg forstår godt koffer du blir ganske lei te tider. Du hadde ein sinnsjuk tolmodighet i dag når du venta på at han sko inn i bilen.

Kan det finnast ein enklere å raskare metode å lera hunden å gå inn i bilen montro uten bruk av straff??? For eg forstår godt at du e lei nå. Me får tenka litt på det. Kansje du kunne sendt et spm te canis folket om det og om dei kan skriva et lite innlegg på det.

Kan tenke meg det va godt for øyrene når endelig hunden og grisen sovna ja. :-)