mandag 4. august 2008

Vi trufaste.

Det er ganske kjekt med denne sommartreninga. Vi har dei siste vekene vore ein liten kjerne å fire der det har dukka opp ein eller to ekstra i blant. Tempoet vårt har ikkje vore det høgaste, men det har til tider varmen vore, så då går det vel opp i opp?

I dag dukka Ingeborg og Sander opp. Det var kjekt. Kanskje det betyr at det nå går mot den tida der fleire kjem? Vi må gjerne setje opp tempoet òg då??

Aller først hadde vi helsing:
Det gjorde vi på ulike måtar med dei ulike hundane. Faya skulle ha utgangsstilling og sjå på Elisabeth før ho fekk kome til oss. Det var ei utfordring for vi lokka jo med godbitar. Men Faya greier det meste, så det gjekk jammen det òg.
Med Ekko ønskte eg at dei var i oppreist stilling. Det lokkar mest til hopp. Han forstod fort teikninga (at han skulle sjå på meg før han fekk helse). Då endra vi til at Ekko og eg gjekk tur i tillegg til at figurant gjekk rundt og lokka. Då gløymte Ekko alt. Dit ville han. Til slutt sette han seg ned med ryggen til meg! Han trengte tid før han forstod at det var blikk-kontakt som var viktig her òg. Ingen hopp.
Sander syns ikkje vi var interessante då vi bare lokka. Men då vi begynte å friste med godbitar kom han som ei kule.
Era skulle vi helse kort på og det var matmor som skulle premiere henne. Det gjekk veldig bra. Ho sprang fram. Det var vel kun eit lite hopp og det var då ho kom mot meg. Trur mest det var feilrekning av avstand.
Pia er i storform for tida så ho greidde det òg med glans, men ho syns ikkje vi var så spennande som før.

Innkalling.
Dei andre hundane er så flinke at det bare er å bøye seg i støvet. Innkalling er ikkje akkurat det vi kan best. I dag skulle eg trene med den nye fløyta eg kjøpte av Marit. Eg hadde sikra meg med at det var eg som hadde kvakkien. Ved første fløytelåt var det ingen reaksjon. Ekko sat som ein gud og venta på kommando. Eg måtte rope. Då kom han som ei kule. Dei to neste var med stor avstand, freisting i midten og med fløyte. No var han ikkje i tvil. Kjempebra!
På Pia tok vi ei innkalling som eg håper Ekko òg kan greie etterkvart. Pia gjekk og snuste i bakken. Plutseleg ser ho Ingeborg springe i fullt firsprang inn i buskane. Pia etter. Silje fløytar og Pia snur! Eg er imponert!

Klossen.
Eg må ta meg saman og ta opp den treninga. Den forsvann litt i varmen for meg. Ekko har begge beina på klossen og går med bakbeina. Men vi må vidare.

Frivillig sit/dekk/stå.
Eg gjekk bakover - Ekko framover. Eg premierte alle frivillige sitt og stå som kom. Det kom ingen dekk. Brydde meg ikkje om det. Var meir oppteken av at han tilbaud frivillig utan at eg stoppa å gå eller sa noko.

Felles tur.
Eg var litt spent på korleis Ekko ville reagere på Sander. Hadde sett at han ikkje brydde seg om han heile kvelden, men når dei skulle gå i lag... korleis ville det bli?
Det var ingen problem. Alle gjekk fint. Av og til i breidde og av og til på rad. Ser at det hjelper at Ekko trener på å gå midt i og bak i ei rad.

Når eg har fått sove ut etter dei rotete nettene med tôrever (Ekko var ikkje mykje høg i hatten då...) og gjort leksene til instruktørsamlinga, då skal eg setje opp nokre treningsmål for den nærmaste framtid. Kjenner eg treng det no. Er lite gjennomtenkt på ka det er eg vil for tida. Får skulde på feriekjensla.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Om me ikkje har jobba så veldig målretta i det sista, så tror eg nå det at me har jobba med viktige ting. Så du ska ikkje ha så veldig dårlig samvittighet for det :-)

Anonym sa...

Einig med deg i det. Vi har fått gjort mykje bra. men eg kjenner at eg nå må begynne å jobbe litt konstruktivt rundt det eg har begynt på. Alt er bare halvveges.

Anonym sa...

jeg synes dere er veldig flinke!! Og trofaste på treningene, i motsetning til meg. Her er det valper og hunder hele dagen. Hvor har du kjøpt den "kvakkien" hen? Ser ut som jeg må anskaffe en sånn:)
Hilsen Marit og PUnky

Anonym sa...

Akkurta denne "kvakkien" har eg lånt av Silje. Fekk fatt i ein på Plantasjen i dag. Dei hadde ikkje fleire,men eg håper dei får inn.
kjøpte ei miniutgåve. Den er visst ikkje så verst den heller i følge Ekko.