torsdag 31. januar 2008

Ei effektiv treningsøkt

Vi veit når det er torsdag - det er bare å sjå ut: Det regnar, det bles - garantert treningsdag! I tillegg har det hagla, lynt og tordna. Men har vi hund så har vi hund!

I dag var det Elisabeth og eg som trente i lag.
Første oppgåve var target med snute på kjegle. Ingen av hundane hadde prøvd det og vi var bevisst på at kjegla ikkje skulle vere i bakken i starten for å unngå at det blei target med fot. Og det var ei flott oppgåve. Ekko prøver seg først ut med å setje seg fint framfor meg. Kontakt, mor - det plar alltid gje poeng. Men så blei heldigvis kjegla Elisabeth hadde, interessant. Han tok fort at det var snuten som skulle borti same kva høgd kjegla var i. Var borti med labben då kjegla var på bakken, men det gjekk fort vekk. Ei kort og effektiv økt.
Faya er tydeleg drilla på klikkar for ho fatta teikninga med ein gong. Om kjegla var høgt oppe eller langt nede, same det, Faya hadde fart og var borti med snuten. Kjempebra.

Ekko hadde to økter med kjegle. I den andre økta var han mykje kjappare til å forstå kva han skulle gjere.

Neste økt hadde fokus på apport.
Elisabeth sat med lausbittet framfor seg og leike bak ryggen. Det var spennande. Ekko henta lausbittet, men ville helst ha leika straks. Forstod at han måtte inn med bittet, men hadde det litt travelt. På plass blei ein halvmeter framfor meg. Men bittet holdt han fast til eg sa takk. Og det var kjempekjekt å springe ut til figurant for å få leike.
Denne måten å gjere det på er ikkje heilt slik eg hadde tenkt å trene det, men eg kom ikkje på den andre varianten i dag. Skal lese på det til helga.

I siste økt var det stå på kommando. Vi fekk låne den kjekke ballen til Faya og sette på Ekko langline. Eg rygga, han fulgte tett og veldig oppmerksam. Kom nå med kommandoen, eg vil ha ballen! "Stå" og han stod klistra. Kjempebra reaksjon. Neste steg må vere at han må stå litt lenger, mens eg fortset å gå før eg kastar ballen.

Og etter det kom lyn og torevèret så nære at vi fekk hundane i bilen. Det blei ein effektiv kveld. Vi greidde å stoppe kvar økt mens hundane var på topp. Dermed fekk vi til mange økter og når dei i tillegg var så vellukka som i kveld, kunne vi kjøre smilande heim. Så flinke hundar vi har!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja i dag va me goe. Me sko hatt diplomar heile gjengen. Både to og firbeinte.

:-)

Elisabeth