Då eg kom, var Marit midt i kloklipp av hundane. Måtte bare kjøparane ha vit til å fortsetje det gode arbeidet straks dei får hunden heim. Då sparer dei seg for mange tårer og tenners gnissel framover.
Kvelpane til Gina var akkurat komne opp i stova. Dei var veldig små ved sida av dei store nøstene til Happy.
Det var Kari/Deah, Torhild/Era, Anne Lise/Scotty, Gro/Lotta og oss på trening. Ut på kvelden kom studenten Silje. Ganske så sliten av å begynne å bruke dei små grå så hardt igjen.
Torhild og eg trente sitt og ligg på avstand. Vi brukte Doggie-zen (avstandsbelønning). Veldig effektiv belønningsform. Hundane greidde å halde fokus sjølv om vi etterkvart begynt å lage mange rare rørsler ( vi vifta med armar og bein, såg ut som vi hadde tenkt å springe vekk osv).
Vi trente på innkalling i dag òg. I dag var utfordringa meir folk som kom i mot og begynte å snakke med oss. Ekko greidde det fint. Men Anne Lise hadde tenkt ho skulle plage han verre. Sprang framfor han med ei leike. I 95% av forsøka hennar greidde han å snu.
Eg syns han er flink på innkalling etterkvart. No gjeld det at det funkar i mange situasjonar i kvardagen.
Vi gjekk ein liten luftetur på slutten. Då gjekk Scotty lei leverposteituba (Anne Lise strever for tida med å få han til å gå pent i band) og forsynte seg med godbitane til Pia heller. Dei var visst mykje betre. Figlia var ute og lufta seg litt, men ho verka ikkje heilt bra i foten. Får håper det går over fort.
Nå kjenner eg at hausten og temperaturen for meir effektiv trening begynner å kome på plass. Eg skal i dei nærmaste dagane setje opp mål for treninga fram til jul. Til dømes er mange grunnferdigheiter så vidt påbegynt, altfor lite er på flyt. Og ka vil eg han skal ha på plass av gode vanar? Og innan bruks - ka er målet? Jadå, eg skal passe meg for å ikkje legge lista på 2,40, men den må vere så høg at vi må ta eit lite hopp for å kome over.
1 kommentar:
Eg og vil se valper. De e jo bare så deilige
Legg inn en kommentar