lørdag 10. januar 2009

Eg vil ikkje gjer det sånn, sa Ekko...

... og dermed drog han sin veg med lausbittet (det skal han ha, han held godt på den delen av oppgåva).

Men litt tilbakespoling:

I dag måtte eg låse opp på skolen for eit kurs Arne skulle ha. Det starta med full alarm - ein person hadde gått inn før alarmen var slått av. Omsider kom eg meg avgarde til Sviland og rundering. Ekko blei liggande i bilen ganske lenge. Då det var hans tur hadde eg tenkt 2 slag med lausbitt og resten direkte i belønning. Men hadde eg tatt dette opp med den firbeinte? Visstnok ikkje, for han hadde tenkt å hente lausbittet og springe litt rundt ( måtte ut i nokre naudsynte ærend mellom anna). Han blei hanka inn. Og eg var ikkje blid (det var det der med å halde på smilet ....). Syns heile han var uroleg (han kasta opp i går og magen har vore i ulag), så eg sendte han ut på flying. Guten skulle i alle fall få springe og gjere ein jobb, så fekk heller matmora få opp humøret såpass at ho kunne gje kompliment til sjarmøren. Flyingen gjekk fint, han sprang flott og vi blei vener ;).

Vi var mange på trening i dag, mellom anna blei nokre brukt til ID-spor. Rekna ikkje med at vi rakk meir enn denne økta. Men Gro lokka. Dermed fekk eg fire kjempefine slag i skogen. Først starta vi med at han såg Gro springe ut, fekk lausbittet i munnen og kommandoen "vis". Prima. Så tok vi tre slag der han skulle ta heile løpet. Gro sprang, Ekko sat i heilspenn og venta på kommandoen: "Runder". To av slaga var flotte. Det tredje var heilt ok, men farten var sløvare. Det var bra at vi fekk trent på dette på denne måten i dag. Kanskje Ekko fortener ein kort pause frå meldingstreninga no? Eg må i alle fall ta inn over meg Morten sine ord om at hunden ikkje bør gå direkte frå bilen og ut i sporet. Å få kome ut litt før, hjelper.

---
Eg var figurant på Maja i dag. Og det må eg seie var ein fryd. Gro brukte vegen som midtline. Då måtte Maja krysse elva for å finne meg. Ho hadde heller ikkje hjelp av spora mine for eg gjekk jo ikkje på hennar side av elva. Og Maja, den forsiktige dama som lenge har strevd med eit par slag før ho gjekk lei, holdt koken. Trur ho var hjå meg 4 gonger, det betyr jo minst 7 slag! Ho arbeidde skikkeleg for å finne meg kvar gong. Eg er imponert! Du har verkeleg fått til noko med henne, Gro!

---
I morgon skal eg sjekke om programmet for denne veka er i boks. Og setje opp nytt program for neste. Har lese artikkelen i Canis om kloklipp om igjen og skal ha det på programmet dei næraste vekene. Tenk om eg kjem ut med ein hund som liker kloklipp ;)

4 kommentarer:

Gro sa...

Takk for fine ord Aud Venke. : ) Eg er veldig fornøyd med dagen.

Og det var veldig kjekt å få noen fine meldingsøkter på Ekko og til slutt.
Utrolig flott å se Ekko under fyingen da. Der er det jo full fart leeeenge mellom figurantene. De får jo ikkje alltid tid å komme seg på plass så fort kommer han, he he.

Nytt tips fra Tone ang meldingen. Siden det er under innkomsten han er mest ukonsentrert er det lurt å trene på denne en stund.(iallefall inne i skogen der det er så mange kjekke lukter/forstyrrelser). I dag hoppet vi jo galant over den, he he. Vi gikk fra rett på påvisning (Trinn 1)til hele meldingskjeden (trinn tre). Hvis du neste gang blir med figuranten ut. Du går tilbake, figuranten holder frem løsbittet og Ekko løper inn til deg og så får han påvise fig. ?? Men sikkert lurt å bare ta et par ganger.

Det kan og være lurt å la Ekko få trene melding først, før runderingen begynner, slik at der ikke er så mange gode lukter/forstyrrelser der inne. Eller bruke et annet terreng som ikke er brukt av noen.

Aud Venke sa...

Fornuftig, Gro. Det trinnet trur eg at han treng repetisjon på.

Anonym sa...

Når eg sette meg inn i Ekko`s sitiuasjon, så kan eg forstå han. Han ser jo koss du sjangle når du går bakover og ut i fra det så syns han kansje du ikkje e egna te å hjelpa å finna den savna. Så då prøve han vel heller å finna noen andre :-)

Spøk te revolver: Godt tips Gro

Anonym sa...

Det var det eg visste. Elisabeth forstår meg! Kjente på meg i dag at ho ikkje var heilt ved sine fulle fem så eg tok saka i eigne hender!