torsdag 1. januar 2009

Vi kom oss inn i 2009 utan den store skjelven


Sola skin ute og alle er avslappa inne. Vi kom gjennom nyttårsfeiringa (i alle fall det som har vore til no) på den aller beste måte.
Eg hadde grudd meg til dette døgnet. Reiste heimanfrå for naboane mine lir av rakettomani eller noko slikt. Det plar smelle i nokre døgn. Det begynte å smelle tidleg her òg. Eg kjørte til ein skog og der fekk han springe fritt. Då sola var på veg ned, drog vi heim. Heldigvis hadde dei lameller og persienner her vi var, så vi fekk stengt lyset godt ute.

Vi bestemte oss for at vi skulle sitje ved spisebordet heile kvelden. Først god mat så brettspel og prat. Ekko syntes dette var godt. Då smella kom , kraup han under bordet. Og då det gjekk mot årsskiftet låg han slik at han hadde beina våre tett rundt seg der han låg under bordet. Og i motsetnad til i 2007, var det ingen skjelving og grining. Han sov sikkert ikkje, men kroppen var roleg.

Kl 0130 turde eg ta han med meg ut i hagen. I det fjerne høyrte vi smell, men naturen krevde sitt og dermed greidde han å kome seg til første busk. Og den blei vatna... i litervis........ Etter dette stod vi litt ute. Gav han godbitar då smella i det fjerne kom. Dette var visst ok. Men det var godt å kome inn.

Ser noko av det same i kveld. Han vil ikkje lenger enn til i hagen etter at det blir mørkt. Det er ikkje trygt der ute i verda.

Men altså: dette var eit framsteg så stort at eg aldri hadde trudd det skulle skje. Kan det vere at eg òg må takke for at ein del rakettar blei forbode?? Ekko hadde i alle fall ei nyttårsafta til å leve med. Og brettspelet var kjempegøy. "Ticket to Ride" anbefales.

PS: Skulle gjerne fått han lenger enn hagen for luktene han sprer rundt seg der han søv under salongbordet, er ganske så intense...... ;)

2 kommentarer:

Gro sa...

Så bra at det var bedre for Ekko under årets nyttårsfeiring. Hadde du på dap -halsbåndet?
Det gikk greit for Maja og. Lå rolig på sofanen sammen med meg da klokka var tolv. Hadde på TV'n med høgt volume og gardiner og persienner for vinduene. Gud så det smelle klokka tolv.... syns det var like mye bråk her som i fjor.
Fikk henne til og med ut til tissing en stund utpå natta. Det gikk ikke i fjor.
Prøvde og å gå ut med henne i 20 tiden på kvelden og, men da var det bare rett rundt huset til naboen og full fart inn igjen, uten å tisse.

Aud Venke sa...

DAP-halsbåndet var på, men det verkar visst ikkje så fort seier folk. Om det verka eller ei, veit eg ikkje, men kvelden og natta var mykje betre enn året før. Han har trengt eit par døgn på å villa gå lenger enn til hagen etter at det er blitt mørkt. Trur ikkje han kjente seg trygg.