søndag 25. januar 2009

Notater i Hundtränaren for veke 4

Ekko har det ikkje så verst i reisesenga si ;)

Eg sette i starten av veka opp nokre mål. No var det evalueringa av veka. Eg har vore flink til å notere i boka og ser at bare det er med på å halde fokuset oppe. Godt for meg når eg brått vil så mykje anna.

Halve veka har vi vore bortreist. Det betyr at brukstrening har det blitt lite av, men til gjengjeld er det mykje trening på å få kommandoar frå andre folk. Og å vente på at dei skal kome heim frå jobb/skole eller stå opp. Det er visst ganske slitsomt å ligge klar ved trappa med leika/skoen klar. Det er kjempeviktig å ha noko i munnen når det store velkomst/godmorgonritualet skal gjennomførast. Han har allereie vore å lukta ved dørene og med den halen han har, høyres det jo ut som om det blir banka hardt på døra. Så at dei framleis er i senga, er jo eit under :).

Men tilbake til evalueringa.
Finpuss av stå under marsj (delen om å få til stå) går framover. Han er hekta på å trene på det, men eg syns det er vanskeleg å få inn kommandoen. Han bråstoppar på "klikk", men ikkje på "stå", men i går syns eg det såg ut til å sige inn.

Avlevere leike: Det går seinare enn eg tenkte. Nokre leiker kan han avlevere i flat hand (til og med til andre), men ball er vanskeleg. Då står han lenge ved handa og tygg på ballen før han greier å levere. Aller helst vil han levere den på bakken nær meg slik at eg kan sparke den i gang. Men han er blitt betre og det skal inn.

Fellesdekk med ulike uromoment. Her har han blitt veldig flink. Kan ligge lenge og vente, toler å bli lokka på osv. Sidan han var så flink, tenkte eg at vi skulle teste noko av det verste for han, nemlig leik med ball. Vi dabba ein tennisball mellom oss, like ved snuten hans. Eit dabb gjekk, på andre dabbet kom rykningen og så sprakk han. Dette var for vanskeleg. Altså blir det fleire ballutfordringar i veka som kjem.

Kloklipptrening. Trente i byrjinga av veka, men gløymte klotanga då vi reiste, så den treninga står stille. Det eg ser at har utvikla seg, er tolmodet med at eg styrer med labbane hans. Når eg skal tørke av labbane hans før han får kome inn, tillet han mykje meir tørking mellom putene enn før. Det er bra.

Å våge å sleppe hunden laus med andre. Vi har vore i eit miljø der vi ikkje har truffe andre hundar lause denne veka. Utanom på måndag då Punky og han leika med ei rottweilertispe.

Måla for neste veke blir nok utvikling av det vi held på med. Pluss at eg har tenkt å finne på eit triks han skal lære seg.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Åååå.... Ekko :-) Du sko vært med meg te sørlandet. Det e et land der dei bare kan åpna dørå og så springe me hundar laust. Og så e det sjø, skog og snø. Heilt himmelskt altså. Hadde du vært med der så kunne eg og du jobba masse med det sista målet ditt. Der kunne me sprunge te sjøen, bada og kost oss. Så kunne me sprunge i skogen og gjørmå, for så å rulla oss rundt i den blaute snøen og så litt i sorpå igjen. Og når me ville ha noe godt å spisa, så va det bare te å springa på terassedørå og så slapp dei oss inn. Og inne va det masse leverpostei og grisaøyrer å henta. :-)

Faya

Gro sa...

Høres ut som du jobber bra med fokus på målene dine.
Å reise litt er jo god trening det og.

Hadde vært kjekt å se/høre hvordan du nå jobber med bråstoppen, etter økta med rygging. Håper du kommer på torsdagstreningen...

Jeg tror nok Ekko og Maja kunne klart å løpe løse sammen snart... det hadde vært kjekt!

Anonym sa...

Er du sikker på at du var levande då du var på Sørlandet, Faya?? Det hørtes jo ut som om du va i himmelen! Eg sko ha vore der altså!

Aud Venke sa...

Ja, eg prøver å holde fokus. Det hjelper med notatene i boka.
Eg kjem til å kome på torsdagane etter valpekurset. Det sluttar kl 19, så nærmare 1930 er eg der. Men det er kanskje fleire som skal på aktivitetskurset til Arne så då spørs det om det er fleire igjen å trene med :) Kurset såg forresten veldig kjekt ut.