torsdag 22. januar 2009

Presang til matmor, innkalling og rare skapningar

I går fekk eg meg ei overrasking. Vi trente stå under marsj. Vi hadde ein liten pause (eg trengte å tenke litt). Brått sette Ekko seg i perfekt utgangsstilling. Eg tenkte eg får gå framover for å løyse det opp. Han skulle jo ikkje arbeide no. Men her var det ein som skulle vise at han kunne noko anna enn bråstopp. Ekko fulgte med i perfekt fri ved foten. Då greidde eg ikkje å la det vere, svingte, stoppa osv. Han fulgte og sette seg kvar gong eg stoppa. Har aldri sett han så skikkeleg i fri ved foten. Kjempekjekt. Fin presang til matmor :)

I dag har vi vore på tur i fleire timar. På turen har eg trent innkalling. Han kom i fullt firsprang alle gongene. Kjempebra. Og vi har trent på å gå fint i band. Eg måtte telle til 10 for ikkje bli sint. Han, som til vanleg er grei i band, fekk eit eller anna i nasen og sette opp eit tempo utan like. Det blei ganske mykje styr for å roe han ned og få han til å innsjå at det er rask vanleg gange som er tema akkurat no.

Eg fekk meg òg ei overrasking når det gjeld sosialisering/habituering i dag. Mot oss på vegen kom ein mann som gjekk veldig spesielt. Det viste seg at han hadde hatt hjerneslag og sleit med venstresida av kroppen. Ekko reagerte med skikkeleg bjeffing. Han var vanskeleg å få ut til sides for dette var så nifst at han ikkje ville ta godbitar eller følge meg. Men heldigvis kom eg meg til sides og fekk begynt å jobbe. Mannen stoppa då han kom opp på sida av oss slik at vi fekk prate og hunden fekk roe seg. Det er mykje rart som kan vere nifst og farleg gett. Det heile enda i alle fall med at Ekko var roleg, mannen gjekk blid vidare og vi kunne fortsette turen (etter at Ekko hadde stått og sett etter han litt). Litt rart at han skulle reagere slik for vi møter ofte folk i ulike variantar, men men... Stadig nye ting å lære.

Ingen kommentarer: