onsdag 23. januar 2008

Treningstips?

Eg sit og tenkjer på kva som er neste steg i treninga på kjekkasen. Medan eg tenkte, fann eg ein artikkel om 15 reglar for effektiv klikkartrening av Morgan Spector. Den var frå 2005, men gjeld vel enno. Ein av reglane var: TENK, PLANLEGG OG GJØR DET. Ja, det er sikkert fornuftig og eg har jo kome litt i gang ved å skrive både tankane før eg begynner og oppsummering etterpå. Men her skulle det tydeleg vere plan for kvar økt. Har ein veg å gå der.....

Ein annan god regel var å ta opp treningsøktene på video. Han trener nok sjeldan i Noreg på vinteren for det er lite som ville ha kome fram i mørkret på Sola. Men det var kanskje ein god idé å ta med videokamera når det byrjar å lysne. Alle gode idrettsfolk studerer jo i ettertid kva som var smart og dumt etter at jobben er gjort. Ikkje før hadde eg tenkt tanken så såg eg at Fanny Gott hadde lagt ut ein liten filmsnutt der ho er på tidleg stadium i trening av kvelpen Pi, 7mnd. Vi får sjå litt fri ved fot, stå når førar går baklengs, og til slutt signalkontroll. Du finn den her. Ser jo det smarte i å filme seg for eg reknar med at Fanny heller ikkje var strålande nøgd med alt og ser ka ho skal arbeide vidare med. Eg fann òg gode tips :-). Td. så kjekt det såg ut med premien å få hoppe og sprette etter at jobben var gjort.

10. september 2007 trente Faya og Elisabeth fri ved fot. Det er den einaste treninga eg har filma. Nå Elisabeth - har de blitt betre? Eg tar nytt opptak når det byrjar å lysne, men i mellomtida får vi kose oss med denne vesle snutten.

søndag 20. januar 2008

I morgon blir eg 3 år!!

Eg hadde tenkt dagen skulle feirast med fest på måndagstreninga, men så kjem mor og fortel at eg skal på kennelen. Ho er ikkje klok. Torhild på kennelen er veldig kjekk, men det betyr jo at eg ikkje får trent saman med kremgjengen. Og dei går glipp av kake og all slags.

Nå er ikkje matmor heilt i form i dag, så det blir lite baking på henne. Ho sit med teppe rundt seg og halvsøv og jobbar litt. Ser at ho har lyst til å invitere meg opp i sofaen, men det der med sofaen er vel det siste prinsippet ho har igjen og det er ikkje lett å la det òg falle. Altså ligg eg ved beina hennar og trøystar så godt eg kan. Men ho hadde fått mykje betre kos om eg hadde fått kome opp. Eit par dagar til med sjukdom og eg er i sofaen, det er eg sikker på!

Nå har mor lova at neste måndag skal det bli kake og kaffi til dei tobeinte.

Eg har forresten fått litt presang på førehand. Ho kraup ut av senga for at eg skulle få rundere i dag. Det er kjekt å springe att og fram i skogen. Nå har ho til og med begynt med at figurantane skal leike med meg. Då er det jo heilt topp! Det einaste er at eg blir så trøytt på slutten at eg ikkje orkar å leike. Vil bare ha godbiten slik at eg har krefter til å springe til neste person. Alle 4 hundane i dag var visst heilt gira og sprang som uvèr. Det var Pia, Thelma, Era og meg. Figurantane blir sveitte, det har dei godt av.

Torhild på kennelen har sendt melding om at dei skulle gjere litt stas på meg når eg kom. Mellom anna så var der nok eit par tisper eg kunne leike med og kanskje vanka det ein godbit eller to. Og så få eg sikkert litt ekstra kos av henne òg. Kanskje det ikkje var den verste måten å avslutte treårs-dagen på?
Så får de heller greie dykk på ei måndagstrening utan meg. Eg som skulle imponere med at det er så enkelt med apport.. he, he

lørdag 19. januar 2008

Runderingstrening

Etter ei natt med full storm, var vi spente på om det var vèr til rundering i dag. Det var det. Eg verka i kroppen ( brygger på eit eller anna??), men rundering er så kjekt at eg ikkje kan hoppe over det.

I dag var det Evita, Uno, Maja og Ekko. På slutten kom Marit og Jan Inge med vesle Punky.

Her er eit par bilete av livet som figurant. Det gjeld å få med seg meldingane som kjem. Og utsynet er ikkje alltid like inspirerande der vi ligg i buskar og kratt.





Uno er blitt ein reser på lausbittet. Han imponerte meg i dag. Eg sat der ute i skogen med eit lausbitt i handa. Uno kom i full fart, plukka opp bittet, men akkurat då han skal springe mot midtlina ser han leika eg har mista. Han kjem tilbake og vil leike. Eg tar leika, gøymer den og held fram lausbittet. Guten tar jammen lausbittet med ein gong og spring til midtlina. Han leiker flott når det er tid for premiering.

Ekko elskar å springe mellom figurantane. Fart, fart, fart! Han har bare tatt ein godbit og sett kursen mot neste oppgåve. No ville eg at han skulle leike litt hjå figurantane. Vi hadde trent på det at han skulle sleppe ved ordet "Takk". Det var visst veldig kjekt. Gro sprang litt med "kongen" før han fekk fatt i den og det var heilt topp. Tunga hang i bakken då eg syns det var på tide å stoppe.

Skal eg pirke litt på meg sjølv, er det at eg kan vere flinkare til å få han nær meg ved midtlina. Han har mange fine, men det dukkar opp nokre litt langt frå innimellom.



Her er Marit med den vesle labrador retriveren, Punky. Ho er allereie i gang med å rundere... Spennande å følge utviklingen hennar.


Uno fekk kome ut og leike med Punky. Vi var imponert over kor flink han var til å leike med Punky. Han er jo ein ung flatcoated retriever, men visste korleis han skulle ta signala til Punky.


Elles har eg laga gjestebok i dag. Når eg først er i feberfantasiane, kan eg jo sitje med pledd rundt meg og datamaskinen i fanget og finne på ting. Stele idear og liknande. Så skriv gjerne der, viss du ikkje vil kommentere det eg skriv om her.

Og for alle som lengtar etter våren. Dei første blomane i 2008 viser vei. Dette er "julerose" og den lyser som regel alltid opp på denne tida.

fredag 18. januar 2008

Innlæring av apport

På treninga med Siddis hundeskole denne torsdagen skulle vi lære hundane å gripe apporten og halde på den. Det er visst mange som slit med det. Hm. Ekko er visst ein typisk retriever for det er ikkje det å gripe og halde den som er utfordringa. Nei, vi må finpusse andre deler av øvinga. Ekko held meir enn gjerne apporten, han går òg inn i drakamp for å halde på den. Sjølve framgangsmåten for å lære det, har Gro skrive så bra i bloggen sin så for dei som vil vite meir om det, trykk her. Eg konsenterer meg om det delmomentet Ekko må fokusere på, nemleg å levere ved ordet "Takk".

Eg avlærte han det då det viste seg at eg hadde lært han at når eg tok fram handa skulle han levere. I lang tid har vi heller trent på at han skal halde på apporten om eg kjem fram med mat, drar i den, dunkar i den osv. For han er "klikk" signalet på at han kan sleppe. Det kan det jo ikkje vere alltid, så no er det tid for å få inn kommandoen.
Eg har trent med leiker og andre ting enn apportbukken/ lausbittet fordi han skulle få vekk fokuset på tingen og over på oppgåva. Vi testa ut det å halde fast først. Den første tingen eg brukte (bein av skinn m/knutar) var passe interessant å halde på. Den kunne eg visst få gratis. Men etterkvart forstod han at eg ikkje hadde så veldig lyst på den, men at eg heller ville ha litt drakamp. Då tente han. Han holdt fast: eg drog, eg dunka, eg vifta med armane.... Då eg tok på gjenstanden og sa takk, slapp han. Flink gut! Testa ikkje om han var like konsentrert viss eg fann fram maten. Det har eg testa i andre samanhengar, så det får eg ta som repetisjon.

Han plukker opp apporten, men eg skal ha kort avstand for å få sikker levering. Det blir det neste treningsmomentet mitt.

Elles har vi leika. Han elskar drakamp. Eg har lyst til å bruke det i runderinga i morgon (viss ikkje den ventande stormen kjem og tar oss...) og måtte sjekke om han greier å slutte leiken når folk ber om det. Eg får ikkje heilt til det med å bli passiv. Han oppfattar det ikkje og eg slit med å få det til når 50 kg vil dra. Vi skal nok øve på det òg, men i mellomtida fungerer i alle fall ordet "Takk".

Det siste vi trente på på torsdag, var target med fingen. Han følger gjerne den, men blir ikkje med på overføringa. Så her har eg ei utfordring til.

Om oss

Denne bloggen skulle vere Ekko sin. Der synet på trening og kvardagen skulle sjåast frå vinkelen hans. Men etterkvart som tida har gått, har matmor blanda seg meir og meir inn. Så no får begge bli presentert:

Ekko
Den firbeinte først:
Den 21. januar 2005 blei: Alpha, Bravo, Charlie, Delta, EKKO, Foxtrot...... og så vidare til Qubeck fødd. Eg er altså nr 5 og fekk bli med mor Lilholms Alpha Alope ( "Krøllalpha") og matmor då det var på tide å skilje lag med søskena mine.

Alt gjekk ikkje etter programmet det første året, men så tok mor kontakt med Siddis hundeskole, Alpha reiste til Tau og matmor og eg skulle finne ut av livet saman.

Eg er ein rein retriever, dvs blanding av curly og chesapeake.. sjeldan vare for å seie det sjølv. Eg elskar brukshundtrening. Rundering er kjempekjekt! Å trene lydnad kan vere kjekt, men eg syns i blant det blir mykje terping.
Må, for å bli som matmor vil, ha ekstra trening for problemhundar. Målet er å bli kjekk og grei overfor alle, ikkje bare dei eg liker.

Den tobeinte heiter Aud Venke
Eg hadde tenkt å ha eit hundeliv der kvardagen skulle vere å gå tur i Sørmarka osv. Trene inn litt kvardagslydnad og elles ikkje så mykje meir. Eg gjekk trass alt på jobb. Men det var før Ekko overtok kontrollen over livet mitt. Han var ingen enkel kvelp. Var vel meir det eg ville kalle for hyper. Sov lite, blei sjeldan trøytt og sleit meg omtrent ut. På toppen av alt begynte han å vise aggressive trekk. Då eg var på grensa til å levere han frå meg, tok eg kontakt med Siddis hundeskole. Her fekk eg lære litt om at guten er usikker og det var jo eit meir likandes ord. Rart ka ord gjer med kjenslene.

Vi sette i gang med klikkartrening. I starten var vi litt forvirra begge, men etterkvart fekk vi sansen. Vi blei eit lag vi to, eit sterkt lag som skulle fikse dette! Fikse det har vi ikkje gjort enno, men eg har lært å håndtere det på andre måtar. Og det går framover i alle fall.

Og ikkje bare lærte eg å klikke, eg møtte mange spennande hundefolk, fekk gode treningsvener både i lydnadstrening og brukshundtrening. Nå består dagane våre av at Ekko kviler hjernen medan eg er slit min ut på jobb og etter jobb er det hund, hund, hund! Ja så litt anna òg innimellom.

Utan Ekko hadde eg aldri møtt så mange kjekke hundefolk og lært så mykje om hund.

Hundeinteressa har ført til:
2009
  • Deltar på aktiviseringskurs med Arne Aaresstad, Siddis hundeskole, som instruktør
  • Runderingskurs med Tone Larsen, instruktør ved NRH. Arr. Retrieverklubben
  • Instruktør Siddis hundeskole (valpekurs og problemhundtrening)
  • Sekretær og kasserar i brukskomiteen i Retrieverklubben
2008:
  • Hundeinstruktørutdanning ved Siddis hundeskole
  • Helgekurs i konkurranselydnad med Fanny Gott og Thomas Stokke
  • Instruktør på Retrieverklubbens runderingskurs for nybegynnarar
  • Medhjelpar/førar med figuranthund på trening for hundar med problematferd
  • Helgekurs Siddis hundeskole om problematferd hjå hund
  • Kasserar i brukskomiteen, Retrieverklubben avd Rogaland

2007:

  • Kurs med Turid Rugaas om dempande signal
  • Medlem av brukskomitèen til Retriverklubben avd Rogaland

2006:

  • Kurs for hundar med problematferd
  • Kurs i klikkartrening ved Siddis hundeskole ( heilårstrening)
  • Sporkurs, Retrieverklubben avd Rogaland

2005:

  • Vidaregåande kurs 1. Retrieverklubben avd Rogaland
  • Kvelpekurs. Retrieverklubben avd Rogaland