lørdag 4. juni 2011

Gourmethund med framgang


Heisan, der var jo Isabelle.

I natt blei eg vekt kl 4 av gourmethunden. Han var bekymra for om margbeinet han hadde lagt til modning i terrassekassen, var tatt av dei ubedne gjestene (fuglane). Så den som måtte opne opp til terrassen og sleppe hunden ut, var meg. Gjekk og la meg med ein gong. Slokna. Trur ikkje Ekko la seg før etter ein time. Margbeinet var visst perfekt til å nytast.... Han har eit griseøyre som har lege til modning i 2 døgn...  Ser eg det, flyttar han på det.

I dag skulle eg vere ute i god tid til bruksgruppa si laurdagstrening for eg har kome for seint fleire gonger i det siste. Gløymer alltid at det tar tid å få Ekko inn i bilen. I dag såg planen perfekt ut, men eg rekna ikkje med at vi skulle møte ein hund som Ekko reagerte på. Dermed gjekk det tid til å roe han ned.. Seint, men godt kom vi oss til Sæland og der var Isabelle&Balder og Gry&Silja.
Gry er funnen.

  Eg ville utnytte vinden i dag. Gry og Isabelle la seg ut og Ekko fekk i oppdrag å "følge med". 2 sekund etterpå hadde han Isabelle i nasen. Fantastisk å sjå kor sikker han er. Så var det opp til midtlina igjen for å leite etter Gry. her fekk vi problem for eg gjekk forbi før eg fekk han til å fokusere, men ved å gå litt tilbake, fekk han ferten. Bra.

Dei la seg ut ein runde til og no var ikkje Ekko i tvil om noen. Fann begge fort og jobba godt.

Han gjekk rett i leik på desse. Eg ville ikkje bruke lausbitt då eg var usikker på om han ville koble.


Her sit eg i skogen med viktige remedier. Leike og del av walkie.

Eg er klar. Kor skal eg begynne?
I økt nr 2 kjørte vi rundering med full melding. Ekko har jo slitt litt med å fullføre ei heil meldingsøkt med stil. Denne gongen kjørte eg full melding, men med meg som aktiv på midtlina. Eg begynte å springe framover midtlina når han var på veg inn med melding. God fart og strålande runding rundt meg. Eg lar han ikkje sitje, men sender han ut med ein gong. Dette for at eg såg han ikkje fiksa å bli feila på det. Vil skilje det ut og terpe det for seg.

Dette gjekk fint fleire gonger, men på slutten var han sliten. Ganske bratt på den eine sida og kondisen til både matmor og firbeint kunne vore betre... Men han gav ikkje opp og stod på. Trengte lydpåverknad på dei to siste slaga.


Eg er godt nøgd med treningsøkta i dag. Må no byrje å terpe på detaljar. Inn på plass, vente på kommando og så må fastbittet snart inn. Ei spennande tid. Vil ikkje at han skal miste gleda i alle detaljane, men trur det skal gå greit.

Etter treninga var både Ekko og eg trøytte. Han gjekk rett ut på terrassen og la seg. Eg planka (deilig nytt uttrykk): eg låg langflat på terrassegolvet. Slokna. Og vakna glovarm og med melding på Iphonen om at mobilen måtte kjølast ned. Då var vi i alle fall to.

Resten av dagen har det vore sommarsol og terrasseliv. Akkurat slik to trøytte ville ha det.
 

Etterpå var det lett å nyte sola.
   

mandag 23. mai 2011

Trening i veka som gjekk

I veka som gjekk har vi trent to dagar. Onsdag var det kun Gro og eg som møtte på området. Vi fekk trent litt agility. Ekko er heilt i hundre på instrumenta. Han klarar til og med vippa utan hjelp, men må trenast til å gå heile løpet. Han blir for ivrig.

Gro og eg rydda stein og greiner på graset. Hundane gjekk rundt og gjorde det dei hadde lyst til og syntes visst livet var ganske greit.

På laurdag var det rundering igjen. Denne gongen i Sælandsskogen. Eg ville trene på innspurt til meg frå figurant og ut igjen.
Treninga gjekk veldig bra. Eg blei med hunden ut, forlot han der og sprang inn. Ekko rett bak med bittet i munnen, runda meg Eg tok òg nokre variantar der eg ser ut som om det er travelt å runde meg for eg er på veg ut igjen. Det gira Ekko ekstra. Koss eg skal minke ned på dette og bli meir passiv, veit eg ikkje heilt, men det kjem vel :). No er det å få opp farten på transportetappen inn til meg.

I siste økta fekk han heile meldeløpet, men med meg aktiv på midtlina. Dvs at det blei viktig for han å runde meg for då kunne vi springe ut i lag. Det gjekk veldig bra.
Vi holdt koken til kl 16 så det var tid for å nyte laurdagskvelden då vi kom heim.

Rundering er kjekt! Eg må forresten hugse å trene på overvêrssøk ein dag med litt vind. Lenge sidan no.

Filmsnutt frå jubileumsdagen.

5 minutt inn i TV Vest sitt program for 23/5 får vi gleda av å sjå filmstjerna Maja, den nye kjendisen Gro og linselus av ulike slag...
Som de forstår hadde vi ein flott dag :)
http://www.tvvest.no/

søndag 22. mai 2011

Jubileumsdag i klubben

I dag har vi vore på jubileumsdag i retrieverklubben. Vi var så heldige at det var opphald det meste av tida. Og TV Vest kom så i morgon sit vi nok klistra for å sjå om det er komne nye kjendisar :-)

Torunn ønskte oss velkommen. Ho hadde med seg "hunden" Trofast. Ein veldig kontaktsugen hund.


Lengst borte: Jakt, Utstilling til høgre

Bruksgruppa stilte med lavvo og telt. Styret med kaffi, pølser og lappar. Vi hadde alle fått fordelt område vi kunne vere med komiteen vår. Var ikkje så mange som var innom bruks. Det blei ikkje fortalt ka dei ulike gruppene dreiv på med då alle var samla. Men Gro stod på og fekk vise ein stille (!) og roleg toller eit pølsespor. Hunden jobba kjempegodt.
Mot slutten skulle Maja og Gro vise overvêrssøk. Og då ville TV Vest vere med. Mari (?), programleiar, ville vere den forsvunne som hunden skulle finne. Eg plasserte henne og fotograf ute i skogen. Dei var overraska kor stille vi jobba og at kommunikasjonen var på walkie. Maja blei sendt avgarde for å finne den bortkomne. Og sjølvsagt greidde ho dette. Så no blir det spennande å sjå ka som kjem med. Gro fortalte bra ka hunden gjorde og koss vi jobba.

På dei andre postane fekkhundane prøve å hente dummiar (jakt). Springe og bli kladda på av "utstillingsdommarar". Fartskonkurranse for hundar med matmor/matfar som hare. Tida blei tatt på hunden ikkje eigaren! Altså noko for alle.
På slutten av arrangementet kom regnet. Då var det godt med lappe og kaffi i lavvoen. Det blei ein vellukka dag for alle som var tilstades.

Vakre Maja før ho går til filmen

To søte labradorar.

tirsdag 17. mai 2011

Gratulera med dagen!

 I dag har eg feirt nasjonaldagen i fred og ro. Det er bare matmor som må pynte litt og stikk av i bunad ei stund. Eg koser meg i heimen. Litt ekstra god mat har eg fått, men elles er det mest som ein vanleg dag. Men gratulera med dagen i alle fall.
Det viktigaste for meg er jo mat og leik (i tillegg til å få sove då). Eg plar legge griseøyrer, bitebein ol i terrassekassen ein periode før eg et det. Kjenner at slik mat treng å godgjere seg. Det einaste er at det blir så travelt for det er jo stadig fuglar som prøver seg. Eg ligg i giv akt og spring fort for å ta dei. I tillegg må eg ut å sjekke med jamne mellomrom utanom òg. Det er visst irriterande i følge matmor, men ho forstår seg ikkje på slikt. Litt lagring skapar gourmet mat.

Ekko, for ein gongs skuld.