søndag 10. februar 2013

Det tar på å bruke nøtta

Dei siste vekene har vi vore litt på farta og Ekko har halta litt, men no ser han ut til å vere frisk som ein glad hund.

Vi har kost oss med mange fine turar, mellom anna saman med to damer han har veldig sansen for (boxeren Pia og bulldogen Selma). Det blir i blant litt jakt etter rådyr, men det er tydeleg at han er blitt ein eldre mann (og klokare?) for han gidd ikkje jakte så lenge som før. Gjev fortare opp.

Eg trener ein del innkalling på desse turane. Selma og Pia er kjappare å kome inn når eg fløytar (dei er som regel nærmare), men Ekko òg er blitt veldig flink til å snu og kome springande. Eg ser eg har ingen sjanse når han har fått fert så det gjeld å følge med og kalle inn FØR han er for tent.

På laurdag var det tid for runderingstrening igjen. Diverre meldte Marina frå om at ho ikkje kom, men Gry og eg ville likevel.

Det bar avgarde til Sviland i mange minusgrader. Gry var alt på plass og gjekk tur med Silja. Ekko og eg tok innover i skogen og møtte både syklist og etterkvart Silja og Gry der. Var forresten mange syklistar på vegen denne dagen. Er det påmeldinga til Nordsjørittet som fekk dei til å stå opp tidleg?

Det første vi gjorde var å legge to spor kvar. Eg hadde stor tru og tenkte at eg kom til å sjå sporet mitt sidan det var var snø så det gjorde ingenting at eg hadde gløymt merkeband.

Eg hadde bestemt meg for å trene fastbitt. Ekko er jo ganske stor og bittet er i grenseland i forhold til å få tak i det, men eg ville ta opp treninga igjen.

Ekko forstod fort teikninga. Gry trengte bare ta borti bittet så plukka han det opp. Men så stod han og venta. Eg ropte og han kom. Dette gjentok seg. Hm. Ka er det eg har lært han sist vi dreiv på med fastbitt?
Vi gjorde denne økta ved det nyhogde feltet i starten av skogen. Forresten, då han kom inn til meg, var han så ivrig at han ikkje hadde tid til å gå rundt meg, men stilte seg framfor. Premien (leike med Gry) var tydlegvis noko å sjå fram til. Fin fart og iver i første treningsøkt.

Etter nokre rundar, hamna han i bilen og Silja skulle teste fastbitt-trening for første gong. Då var Gro òg komen. Ho fann fram mobilen og filma forsøket. Og Silja, ho viste at ho forlengst hadde skjønt ka ho skulle. Eg trengte bare å ta litt borti fastbittet så tok ho det. Sprang inn til Gry og returnerte i fullt firsprang. Imponerande! All treninga til Gry gjorde susen.

Ekko skulle få ein runde på parkeringsplassen han òg. Men det var ikkje fullt så kjekt. Han gjorde stort sett det han skulle, men farten var borte. Plusset frå denne økta var at eg ikkje trengte kalle han inn.

Etter at Maja hadde fått litt meldetrening (kort rundering), var det å gjere seg klar for sporgåing.

Heldigvis hadde eg merka starten. To gjenstandar låg ute i første spor og tre i siste. Ekko starta fint. gjekk i greit tempo. Fann første gjenstand, men markerte svakt. Ville vidare. Eg såg han fulgte fotefara mine, men så begynte eg å tvile. Såg ikkje fotefar, men såg ymse andre dyrespor. Hm. Hadde eg gått her? Brått var vi ved slutten. Ein gjenstand mangla, men Ekko hadde altså kome seg innpå sporet ein eller annan plass undervegs.

Rett til neste spor. Dette var ganske langt. No såg eg at han fulgte mine fotefar, men så blei eg i tvil igjen. Ein gjenstand funnen. Ok, så hadde eg gått her. Vidare med oss. Jo, eg hugsa eg hadde rota meg inn i tett skog, men òg ut igjen. Då Ekko ville lengre inn i skogen, fekk eg han ut derifrå. Eg såg fotspora mine på veg ut av skogen (trudde eg). Ekko sette nasen på ny lydig i bakken. Etter ei lita stund blei eg usikker. Her var jo hundespor ved sida av fotspora. Dette var nok ein person på tur med hund. Altså ikkje meg. Stoppa Ekko og gjekk tilbake til der eg hadde fått han ut av skogen. No skulle eg stole på han. Brått fann vi gjenstand 2. Gjenstand 3 fekk vi ikkje med oss, men på slutten var det rett på målet.

Tja, ka lærte så eg?

  • Marker sporet oftare (sjølv om det er snø). 
  • Stol aldri på hugsen!
  • Ekko lar seg lett spore av, men er òg lett å koble innpå igjen. 
  • Og tren oftare! 


Det som er spennande med snø, er å sjå alle dei  forstyrrande spora dei alltid har. Rådyrspor, andre hundar, andre dyr, andre menneske... Det krydde av spor langt inni skogen.

Då vi kom heim, slokna Ekko og sov resten av dagen. Dette var noko anna ein ein frisk tur i skog og mark.

mandag 21. januar 2013

Gratulera med dagen!

Gode, snille og morsomme Ekko er 8 år!  I følge eit skjema tyder det på at han er 56 menneskeår. Han har førebels ikkje brydd seg særleg om det - einaste han er blitt litt gråare. Men det er bare utanpå.

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

mandag 14. januar 2013

Ein nydeleg og kald dag i skogen


Winterwonderland
 No er det skikkeleg vinter her. Då eg parkerte på Sviland kl 09.30 viste biltemperaturen -10 grader. Gro, Marina, Gry og Kari L hadde òg pakka seg inn og var klar for trening.
Hardt å grave, men veldig kjekt

Vi bestemte oss for korte økter slik at hundane ikkje blei for varme og deretter kalde medan ei låg i bilen for lenge. Fleire hundar hadde fine varme dekken å ha på seg. Ekko fekk eit teppe. Minuset med det er jo at det dett av viss han reiser seg. Sola var ikkje komen over fjellknausane så det blei ein kald start.

Første hund ut var Silja. Ho imponerer meg. Den tidlegare overivrige og lettkokte hunden, er blitt eit solid arbeidsjern som eigaren har fin kontroll på. Ho er som ein speidar: Alltid beredt! Kjempeflott å følge.

Gro er kledd for vinteren
Ekko var veldig klar då det endeleg var hans tur. Han sprang fint ut og rota ikkje med tilbakemeldinga slik som sist. Kom veldig fint inn.

Dei 5 fulle meldingane ha gjennomførte var gode og han leika skikkeleg på alle.

Etter pausen var Ekko slappare. Sprang saktare ut, hadde behov for å ta med seg pinnar, tygge på greiner, dilla med å springe ut. Men skal eg nøkternt sjå på utslaga hans på andre økt så er det:
  • sakte fart eit stykke. 
  • Stopp. Nasen høgt. 
  • Så fart og funn. 
  • Kjapp med melding. 
  • satsar på at nokon finn meg.
  • Og kjapp ut att.Godt framdriv på tilbakemeldinga.
Eg hadde tenkt å ta eit blindslag i dag, men ved at vi tok så korte økter, gjorde eg ikkje det. Han leika framleis på alle slag.

I dag hadde eg ikkje tenkt på at det var smart med vatn langs løypa. Heldigvis er det bekk (som ikkje var frosen nok for hundane) så her var fryden å knuse hol i isen og drikke.

Vi stod på frå sola viste seg til ho gjekk ned bak fjella, Altså var vi ikkje ferdig før nærmare 4. Dvs 6,5 time i skikkeleg flott vinterver.

Eg har rydda litt i sekken etter at eg kom heim for i dag sakna eg håndvarmarar og skovarmar. Visste eg hadde heime, men kva hjelper det, når det er ute eg frys? Og Marina minna meg om nokre solide sko eg ikkje har brukt på eit par år. Fram med dei. Eg har ingenting i mot dette veret i ein periode framover.

Vidare arbeid med Ekko er blindslag og fastbitt. 


eg e klar!

å sitje i skogen og filosofere

lørdag 5. januar 2013

Kjempestart på året

Første rundering. Det er skodde og yr i lufta, men 6 ekvipasjar ville til Sælandsskogen for å trene. Kjempekjekt!.
Ekko var andre hund ut. Det var bare bursdagsbarnet Scott som fekk kome før han. Gratulera med 5 årsdagen Scott!

Gry og Ekko i herleg leik
Eg starta med ein lyd frå figurant. Ville vere skråsikker på at han fekk ein god start på året. Og det gjorde han. Full melding og ivrig leik hjå figurant på alle slag. Han fekk ikkje godbitar frå figurantane denne gongen heller og leikeiveren var god heile tida.

På siste slaget var han så sliten at eg omtrent måtte gå med han ut, men etter å ha levert inn meldinga og begynt på påvisning, begynte Kari, figurant, å springe. Det gav fart i Ekko. Flott avslutning.

Av detaljar å jobbe med vidare er: siste metrane inn til meg med meldinga. Han viste teikn til gamle uvanar som eg trudde var borte. Må bare hugse korleis eg jobba med det sist.

Og så må eg jobbe med blindslag denne våren. Gler meg alt til neste laurdag!

Det var litt vasskaldt å vere figurant i dag. Men elva gjekk stor og veret absolutt ikkje til å klage over så eg fekk tid til å filosofere litt før hundane fann meg. Det er jo alltid kjekt. Det gjev forresten energi å bli overfalt av ivrige hundar som er overlukkeleg over å ha funne meg.
Sjeldan har det forresten vore så deilig å finne ei lue å ha på seg i pausen etter treninga. Blei varm av å få varme på toppen.

Det blei ein lang dag der vi ikkje var heim før 1530. Då var Ekko sliten og har etter det levd det gode liv. Soving på golvet, på hundemadrass, i sofaen... Og prøvd å vise litt interesse for fjernsynet. Må jo vere litt sosial ein laurdagskveld.
 Men ut frå uttrykket ser det ikkje ut til at han har noko til overs for det vi kallar underhaldning...





søndag 30. desember 2012

Eit år er snart over

Då tikkar klokka mot 2013.
Året som snart takkar for seg, har gått fort. Og det har vore prega av at eg har ein vaksen hund som ikkje skal trenast til konkurranse og ei matmor som både har vore student, fulltidsarbeidande og reist mykje.

Det har vore eit år der eg har grubla veldig over ka eg skal trene på. Har mangla fantasi og har sakna aktivitetstrening. Særleg den treninga vi hadde med Arne Aarrestad for nokre år sidan.
Ekko er grei å ha med å gjere i kvardagen. Sjølvsagt er det noko vi kunne ha trent på (iver når det kjem besøk, iver når menneske snakkar med oss på tur....), men ingen av delane er eit problem i kvardagen. Altså blir det lite fokus på det.

Dei gongene eg har hatt overskot til å dra på trening om måndagane, har eg måtta tenkje gjennom ka er det eg vil trene på. Og jammen strever eg med å finne på noko. Blir til at vi leikar for det meste. Eller held på med gamle øvingar. Alle dei halvferdige. Det er nok eit anna fokus når ein trener for konkurranse, men Ekko skal altså ikkje trenast til lydnadsringen, utstillingsringen, bruksringen osb.. Han blir 8 år i januar. Men kanskje eg skulle ha trent som om vi skulle ha gått konkurranse, bare for å trene til neste hund? Men orkar eg det? Har eg lyst? Slike tankar har surra mykje i 2012.

Ekko har blitt ein dreven kennelhund. Han prøver å bli håndbagasjekofferthund, men skjønar lite poenget med at lokket må vere igjen. Heldigvis trives han på Baroniet og folket der elskar han så eg får ein glad hund med meg heim etter alle reisene mine.

Fleire reiser er han med på. Spesielt reiser til Bergen. Då er han i sitt ess. Ikkje vanskeleg å få han raskt ut av bilen for tissing og inn igjen mellom ferjene. Då er visst alt bare kjekt.

Å få besøk er himmel på jord. Då veit han ikkje ka labb han skal stå på. Og folk tar jo så lang tid opp trappene....

Med ei matmor som har vore student i tillegg til full jobb, har det blitt mykje tid til å slappe av for firbeinten, men det har òg vore tid for turar med hundevener.

Om det har blitt mindre av det dette året, så er det framleis like kjekt: rundering. Ekko storkosar seg og gjer jobben godt. Laurdagen i skogen er til glede for oss begge. Og begge sloknar som regel kvar ettermiddag. Mette av frisk luft og trening. Det kjem vi i alle fall til å fortsetje med i 2013.

Spor har vi fått gjort litt av, både i lag med bruksfolket og for oss sjølve. Dette er vel den treninga Ekko blir trøyttast av. Tydeleg at hjernen får brukt seg mykje på eit langt spor.

Altså har vi to treningsformer vi kjem til å fortsetje med. Kanskje får vi inspirasjon til meir stilleståande trening i tillegg. Eg legg spor når eg er på området om måndagen og då må eg jo fylle tida med noko medan eg ventar på at sporet skal godgjere seg. Kan jo ikkje bare bli hundeprat, eller kan det?

Ekko og eg skal avslutte året med å feire nyttår på Tjensvoll for 1. gong på 7 år. Kjenner det kan bli ein nifs avslutning på året, men kanskje det går betre enn frykta. Folk har så mykje pengar dei bare må skyte opp og tape for godt. Då er det betre å reise dei bort :).