lørdag 3. november 2012

Ei god runderingsøkt og matmor oppdaga noko nytt


Endeleg var vi på trening igjen. Det har vore mykje reiser og arbeid på matmor, men i dag var vi klare. Til Sælandsskogen med oss. Der var Kari og Nicole, May Karin og Molly og Gry og Silja.

Nicole og Silja er så herlege labradorar at dei mest er til å le av. Snakkar meg om livets glade jenter! Full fart, arbeidsglede og til tider litt for mykje energi som dei ikkje veit heilt kor dei skal plassere. Nicole var raus med kyssa i dag.

Den som imponerte mest var Molly. For eit år sidan blei ho skade og vi rekna ikkje med at ho kunne vere runderingshund meir. Men no var ho klar. Og det var ei jente som ikkje hadde gløymt ein einaste kunst. Rett på figurant, plukka opp lausbittet og rett inn til førar. Aldri i tvil om ka jobben var og at dette var toppen på jord. Kjempekjekt!

Ekko, eldstemann og sistemann. hadde lada godt opp i bilen. Endeleg var det hans tur. Figurantane, Kari og Gry, hadde fått kva si leike og godbitar. Ordren var at han skulle få godbitar straks han var lei av å leike.

1.slag: Eg trudde han var klar, men så var blikket hans i feil retning. Bad difor om ein lyd. Slapp han og Ekko sprang direkte bort til sekken som låg like ved vegen. (Det var blikket i feil retning som eg ikkje oppdaga). Straks den var sjekka ut, bar det direkte inn i skogen og rett på Gry. Fart og full melding. Leika flott med Gry. Ivrig med tilbake for så å gjenta farten og meldinga på neste. Slik haldt han koken på mange slag. Eg blei litt forundra over at han leika ivrig på alle slaga, heilt til det gjekk opp for meg at han ikkje visste at figurantane hadde godbitar! Det var eg som hadde gitt han ein godbit då han gav frå seg leika og blei med meg. Tilfeldig, men så smart. At eg ikkje hadde tenkt på det før?!

På nest siste slag, starta han veldig bra, men svingte brått av og blei ivrig snusande i bakken. Eg ropte han  inn, men null respons. Då såg eg ein hund som gnei seg mot bakken og hadde skikkeleg vrikking og vriing for å få eit eller anna overført til sin pels. Og det lukta... akkurat... dritt. Var veldig glad for at vi var ein stad der elva renner ivrig forbi og det er badedjupt for store karar. Og sidan straumen var sterk, fekk han både bada og trent i elva. Bilturen heim var fri for drittlukt.

I dag har eg altså lært at leik kan Ekko drive på med lenge når ingen har godbitar å tilby. Den lærdommen skal eg ta med meg til neste trening.
Takk for kjekk laurdag, damer!

søndag 23. september 2012

Sol og finfin trening

Denne laurdagen var det Skjæveland for første gong på lenge. Dette landskapet overtar mauren i sommarhalvåret. Men no var det brukandes for oss. Vi var fire ekvipasjar og eg hadde det i travlaste laget. Måtte vere heime til kl var 12..

Ekko var første hund ute.
Han kjørte melding på alle slag. Eg såg fort at han var ganske høg av seg. Ville leike med alle pinnar, grave i jorda og vere på heisatur. Altså var det smart å gje han litt hjelp på vegen.

Ved kvart slag fekk han hjelp (hyl, klapp, pinneknekk, plystring mm). Då sprang han rett ut og henta lausbittet. Ingen leiking denne gongen, Bare rett til matfatet. Etterkvart var det òg greit å rope på han straks han hadde tatt bittet. Var jo kjekt å tisse på vegen..
Han greidde minst 13 enkeltslag med full melding. Kjempeinnsats av sofaslitaren!

tirsdag 18. september 2012

Kort og godt

På måndag var det nesten som i gamle dagar på området. Elisabeth med Faya & Bella, Torhild med Era & Rina, Kari L med Nicole, Kari M med Dea og så oss då.

Eg starta med å legge eit spor på 3-400m til Ekko. Fleire vinklar og to gjenstandar i sporet. Deretter var det ned på området for å trene.

Vi trente på avstandskommando. Ekko kjem mot meg før han står og sit. Ka gjer vi då? Jo plasserer han på ein kubbe. Då kunne eg stå på avstand og kommandere stå og sit. Han gjorde alt på kubben. Men litt trangt, syns han.

Så litt trening på å springe forbi matskåla fordi kommandoen er på plass. Den funka.

Det kjekkaste denne kvelden var bommen eller brua eller ka det heiter. Ekko blei rett og slett høg av å springe over den. Ville gjere det om igjen og om igjen. Raringen.

Etter 11/2 time gjekk eg sporet. Fann starten fint, låg kanskje litt på sida av sporet, men gjekk rett på gjenstand 1. Første vinkel tok han fort. Eg blei usikker inni skogen, men han verka sikker. Kryssa stien og fann sporet vidare. Rota litt ved neste vinkel, men var sikker då han kom innpå igjen. Gjenstand to gjekk han rett på og markerte. Syns i dag eg kunne sjå på han når han bare har det kjekt og ikkje tenkjer så mykje på sporet og når han er på sporet. Ikkje alltid like lett for han ser ikkje forvirra ut i det heile. Har bare funne noko anna spennande å gå etter.

Kvelden blei avslutta med at det kom ei styrbyge så då var det greit å hive seg inn i bilen.

lørdag 15. september 2012

Våt og god trening

Totalt utlada fredagskveld førte til sløv planlegging av trening laurdag. Eg måtte innom butikken på morgonkvisten for å handle godbitar og walkiane låg igjen på kjøkkenbordet. Men eg hadde med meg hunden...

I Sælandsskogen møtte eg Gry m/Silja, Lise m/Scott og Kari m/Tammie. Veret var haustleg. Grått og regnbyger.

Først ut var Scott. Hyperklar. Undervegs såg vi at han hadde ein tendens til å springe forbi figurant før han trekte tilbake mot figuranten. Altså var det nok meir trekk uti skogen enn vi kunne sjå.
Kari var med for første gong etter kurset i fjor. Veldig kjekt. Tammie storkoste seg og viste at ho i alle fall var klar for runderingslaurdagar.

Tredje hund ut var bajasen. Vi begynte innerst i løypa. Figurantane var Gry og Kari. Dei hadde med seg lausbitt og leike.
1.slag: rett ut på Gry. Henta lausbittet og inn for å få viskommando. Leika godt ute hjå figurant. Eg gav han godbiten etter leiken. Gjorde det for at han ikkje skulle bli oppteken av at figurant hadde godbitar i tillegg til leike.
2. slag: Rett ut og fint driv framover då han ikkje fann noko rett ut. Med lausbittet i munnen kom han tilbake.
3. og 4.slag like gode. Får tilbakemelding frå figurantane at han ikkje er i tvil om ka han skal når han kjem ut. Tar fort bittet. Han leikar på kvart slag.

No lar eg han gå over i flying og rett i leik. Tunga heng omtrent i bakken, men dette er så kjekt at han kryssar fint og gjer gode funn.
Etter 8 slag stoppar eg. På flyinga sluttar han å leike. Brukar tida hjå figurant til mat og "pause". Tunga heng langt ute, men han held koken.

Denne gongen brukte eg tida på midtlina mellom enkeltslaga til å gira han opp. Trur det fungerte ganske godt.

Etter treninga skulle vi ha litt kaffi og mat. Pluss litt meldetrening. No begynte det å regne skikkeleg så det var godt å kome inn i bilen og setje på varmen.
Mål vidare:
Reparere fastbittet og begynne med det.

tirsdag 21. august 2012

Hundefolk er nesten like flinke som hundane til å snuse etter mat..

..  og dei snuste seg fram til området vårt på måndag. Trur eg må ta med meg boller og kjeks oftare.

Det blei ein kjekk oppstart på eigentreninga til bruksgruppa. 9(?) tobeinte og 10 hundar om eg ikkje hugsar feil.
Nokre av oss stakk til skogs for å legge spor i starten for så å kome ned og trene (og drikke kaffi og prate hund saman med dei andre) eit par timar før hundane skulle teste sporet.

Eg er, som skrive tidlegare, totalt uinspirert i treninga. Heldigvis jobba eg med Kari M. Ho begynte å fortelje om ting ho var imponert over at Ekko kunne. Øvingar eg hadde heilt gløymt! Og då begynte det å bli litt kjekkare for eg kunne dra fram litt fleire treningskort.

Eg trente på:

  • Hopp. Gode hopp, men burde kanskje kome seg eit par centimeter høgare over hinderet.
  • Lokking og kommando. Ekko i utgangsstilling. Kari holdt han litt i halsbåndet. Eg sprang og lokka med leike mm. Han sat. Til kommandoen: "Kom" . Då var det full guffe.
  • Han låg i ro. Eg drog i bandet, lokka med godbitar osb. Han låg.
Tenk at han hugsa dei to siste. Dei hadde eg gløymt heilt ut. Må visst ruske litt i topplokket (bloggen...) og leite fram inspirasjonen.

Sporet var på 260m. 4 gjenstandar. Han markerte alle, men fall ut midt i sporet. Det var visst noko farleg ein eller annan stad inne i skogen. Men kom seg på igjen, men frå då var han ikkje så sikker. Tok nokre lettvinte  løysningar. Men alt blei funne og målet likeeins. 
Han gjekk fort i myra med høgt gras (godt med fert der?).