søndag 6. desember 2009

God runderingsøkt


I går var det mange som ville rundere. 9 hundar skulle vise ka dei dugde til (Ekko, Balder, Dea, Molly, Scotty, Punky, Evita, Fabi og Ulva). Det krevde at vi måtte vere ganske effektive. Hadde vi tenkt oss om så skulle vi kanskje delt oss litt, men det er eit pluss å få vere fri for oppgåver rett før og rett etter at ein skal jobbe med sin eigen hund.

Ekko var førstemann ut. Vi brukte den store løypa. Ekko gjorde ein kjempejobb. Holdt koken gjennom heile løpet (10-12 slag). Han er blitt flink til å kome inn på midtlina straks figurant er passiv. skråing framover gjekk også veldig bra denne gongen, Han krysser fint.  Rett og slett eit godt stykke ar beid!

Eg hadde tenkt å kjøre lausbitt etter pausen, men sidan dagen blei lang og alle reiste heim etter første økt, blei det tur på Ekkoo i staden. Han likte nok det best :).
Men eg må få dette inn i arbeidet etterkvart no. Han er klar for det.

Dei nye hundane, Balder, Molly og Ulva, viste god framgang. Veldig kjekt å sjå.


Scotty viste at han er på hogget bare det er tendens til løpetid i nærleiken. Her er det ingen moden mann som kan styre lystene sine :). Anne Lise var litt oppgitt, trur eg, for straks han slapp laus var det null rundering, men full fart med nasen i bakken på jakt etter den godluktande dama. No viste det seg at Molly nok var i startfasen av løpetid og Punky var ferdig for ei veke sidan (men ikkje i Scotty sin nase. Ho var til å bli yr av). Og ved at vi hadde brukt både skogen og vegen med desse hundane (ingen tenkte på at den unge mannen skulle miste hovudet så fort...) var det ingen luktfrie område for galningen. Så etter siste rundering kom Anne Lise og firgurantane tilbake. Scotty var det ingen som såg noko til. Omsider dukka han opp. Ferdig trimma.

---

Litt tankar rundt det å dele gruppa eller vere mange og nytte tida betre: Eg kjenner at førebels er vi ikkje så stabil stor gruppe at vi kan satse på fast deling. Og 4 i ei gruppe er litt lite. Det er eit pluss å få tid til å lufte hunden sin både før og etter økta. Då får vi gjort han klar for arbeidet og roa han ned etter arbeidet. Eg trur vi må bli flinkare til å ha "morgonmøtet" og fordele jobbane oss i mellom. Då kan dei som veit dei har ei ledig stund til dømes ta med seg hunden sin og trene på andre moment. Eg kunne til dømes tenkt meg å brukt ein av dei andre og trent melding medan andre var i skogen og jobba. Vil gjerne ha innspel på ka andre tenkjer.


Fotograf til alle bileta: Anita Lie

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

Punky lukta nok fremdeles litt endå ja. Scotty lika jo dei luktene. Huska godt når Chico va i livet og. Kor mye styr det va ei stund itte løpetida og. Men eg lærte at om Faya fekk ein god vask, så gjekk det så mye bedre.

Marit sa...

Ja Ecco hadde en veldig god økt på lørd.En kjempefart og veldig bra passeringer. Jeg ville nok ha utfordret han på blindslag og meldingstreninger. Husk det er lett å bli stående å trene på det man kan:) Lykke til!

Aud Venke sa...

Er einig med deg, Marit. Det er planen å legge lausbitt inn i enkelte slag no. Blindslag har eg fokusert lite på. Ekko har hatt ein tendens i ein lengre periode å stoppe før han spring heilt ut. Det har hatt fokus no. Få han til å spreinge heilt ut. Det ser ut til at han er blitt flinkare på no.

Men elles kan eg lett bli ståande litt for eg har det jo ikkje så travelt ;)