Vi var 4 som møtte på Dale for å trene spor. Ekko hadde ikkje gått spor i 2010 så eg var spent på korleis dette ville gå.
Eg gjekk sjølv sporet til Ekko. Sidan eg var usikker på korleis det ville gå, hengte eg opp merke ved nokre av vinklane. Eg la to-tre godbitdepot undervegs.
På veg ut for å legge sporet fortalte Kari at ho hadde lagt pinnespor. Hm, tenkte eg, Ekko må jo lære den ein gong han òg. Tok difor opp eit par pinnar og la i sporet. Hadde ingen forventning til dei, men tenkte det kunne vere interessant å sjå.



Ca 1 1/2 time etter at sporet var lagt, skulle vi gå det. Ekko såg ekstra glad ut då eg tok fram langlina og vi begynte å gå. At Dea gjekk like i nærleiken var uinteressant, han skulle på jobb. Eg sette han på sporet og han gjekk kjempebra. Litt fort i starten, men roa seg fort. Første pinne blei markert med ekstra snusing. Eg skrytte av han før han gjekk vidare. Godbitdepotet (litt kylling) var vellukka. Det fekk han til å setje nasen skikkeleg i bakken på nytt. Han hadde eit par gonger der han gjekk for langt unna sporet, men kom seg fort innpå. Var merkebåndet mitt plassert så lågt at han rakk opp til det, markerte han det òg :).
Dette første sporet var godt. Kan trekkast for nokre sidesprang (som eg kanskje hadde fulgt om eg ikkje visste vegen), men holdt jamn fart og verka trygg på det han gjorde.
Spor 2.
I gang som sist. Reagerte då sporet stoppa ved inngangen til tett skog. Eg hadde virra lit rundt og det gjorde han òg. Kryssa fint vegen og kom til steinrøysa.
Han virra rundt. Nasen gjekk høgt. Jo her lukta det matmor, men korleis skulle han greie denne? Han prøvde å gå rundt, men då mista han lukta. Kom tilbake og begynte å klynke. Dette var ikkje enkelt. Steinane var store og i utgangspunktet greie å kome seg oppå, men det var langt ned og vanskeleg å forsere. Det endte med at eg klatra opp på første stein og sette meg på rompa for så forsiktig å heise meg ned. Ekko bjeffa. Dette likte han ikkje. Men no fann han vegen rundt røysa og utan hjelpa mi fann han sporet mitt på andre sida. Då var det bare for meg å henge meg på igjen. Resten av sporet gjekk veldig bra. Han fulgte godt sporet mitt og fann premien.
Då spora var ferdig, gjekk eg og sette meg i sola. Ekko la seg ned i graset. Dei andre kom òg. Silje trente Selma på å vere i nærleiken av Ekko og Ekko trente på å vere nær Selma. Alt var ein strålande dag. Så kom det ein "kjekkas" med ei stor tispe. Han spurte om hundane kunne helse. "Nei," sa eg. "Han liker ikkje ukjente hundar". "Ho kan få helse på Selma," sa Silje. Men her var det ingen respekt for det eg sa. Hunden måtte jo sosialiserast (Ekko altså) så han og hunden kom rett på. Og Ekko gjekk til angrep. Eg fekk Ekko med meg, sette meg ned å roa han. Då fekk eg beskjed om at det var litt av ein utrygg hund eg hadde, for det var heilt unaturleg at han hadde reagert slik på ei tispe (visstnok veldig trygg. Hm. Ho bjeffa på menneske...). Så den hunden min var visst heilt uvanleg. Og eg skulle ikkje ta han til meg og trøyste han ( gje han godbitar). Skulle snakke hardt til å han og sette han til rette. Eg tenkte at det var best å tie. Han sette seg ned og fortalte at han visste det meste om hundeoppseding. Han hadde hatt hund i 30 år. Utan å registrere at det kun var Torhild som snakka med han. Vi andre var tause. Kanskje mannen trengte litt sosialisering? Ja, ja. Kjenner at han øydela litt humøret mitt akkurat der og då. 
