tirsdag 5. juni 2012

Fine måndagskvelden

I kveld var det pause i aktiviseringskurset.. Gro Anita spurte om det var nokon som ville rundere. Det viste seg at vi blei 7 ekvipasjar. Lenge sidan vi har vore så mange. Og så på ein måndagskveld! Alle hundane fekk gode økter. For oss tobeinte blei det 3,5t i aktivitet. For Gry/Silja og oss blei det ein halvtime til. Bare for kosen. No snorkar bajasen lukkeleg.

Ekko var sistehund ut. Han skulle rett i leik. Her er det litt kondistrening som var tema. Sidan vi var såpass mange, fekk vi tid til å varme opp. For Ekko var det det same som fulle guffe i skogen. Han hadde visst lada opp ei stund. Sprang og nikosa seg. Eg begynte å ane at dette kunne føre til ein trøytt runderingshund. Men samstundes tenkte eg: kondis, kondis. Bare spring du.

Jan Inge var på midtlina. Marit og Kristin var figurantar. Eg hadde tatt med vatn til midtlina. Og heldigvis hadde eg Gry til å bere det for bajasen var tørst under økta.
Han sprang fint ut til dei to første. Eg såg at det var tyngre å springe ut på den eine sida. Det viste seg at trekken hjelpte godt på ei av sidene. Han sprang veldig bra på mange slag (mellom anna var han så ivrig at han stupte under fart på det eine slaget), men det var òg slag der han tydeleg trengte å kome in og få drikke.
På nestsiste slaget rekna vi med at han ikkje ville finne Marit, så vi førebudde oss på eit blindslag. Kristin var klar. Og eg skulle akkurat rope han inn. Då kom meldinga om funn. Bra. han hadde altså ikkje gitt opp, men leita seg fram. Godt jobba. Og full guffe ut til siste slaget.  Då var eg nøgd med kvelden.

Kvelden blei avslutta med tur saman med Gry og Silja. 4 timar ute i frisk luft i tillegg til 3,5t ute som streikevakt. Mykje frisk luft på ei kontorrotte dette.

1 kommentar:

Marit sa...

Ecco var skikkelig i støtet i går:) han sprang det kroppen klarte og det var ikke lite. Siste gangen han var ute hos meg var han ganske pest. Måtte stoppe å puste litt før godbitserveringen:)