torsdag 6. mars 2008

Meir Kvakki i kvardagen!

I dag hadde vi tjuvtrent før vi kom på trening. Skorpene på pizzaen var verd å jobbe for, så vi tok ein runde fri ved fot innomhus. Jippi, tenkte eg. Matmor har gløymt det der dumme med rygging.
Men så vel var det ikkje. Anten hadde instruktør Karin minna henne på det, elles så kom ho på det då vi skulle begynne å trene i kveld. Eg prøvde med bukk, sitt, dekk, på plass, men ho stod bare der dumma. Ok, eg rygga to skritt, venta og tok eit til. men då var brått ikkje det godt nok heller. Så kom Karin for å sjå på. Og då skulle eg i alle fall ikkje sleppe lettvint unna. Eg måtte gå mange skritt ( i alle fall 5) før det kom eit klikk. Eg blei så frustrert at eg begynte å bli sint. Heldigvis blei ho imponert då eg gjorde det ein gong til. Endeleg blei det litt drakamp.

Etter to sånne økter forstod ho at det var på tide å gjere noko meir fornuftig. Fram med Kvakki. Eg blei kjempeivrig, trødde mor på skoa og bare venta på kommando. Og eg greidde å stå heilt stille medan mor gjekk eit par skritt frå meg. Og vips! Der kom Kvakki fykande gjennom lufta. Lyd, lyd, lyd! Dei andre sa noko om at eg burde behandle fugl litt finare eg som var retriever. Pøh! Kvakki toler å dø mange gonger han. Det blir jo bare meir lyd av sånt! Mor syns vissst òg det var kjekt med litt meir fart og liv så ho fulgte ikkje heilt med. Eg tok Kvakki med meg inn i bilen. Det har eg aldri gjort før. Gøymte han vekk så han ikkje skulle rømme.
Då eg skulle ut av bilen heime, tok eg han i munnen og tissa i resertempo for eg måtte inn for å leike meir med Kvakki.
Eg fekk leika litt, men så fauk han vekk igjen. Veit ikkje heilt ka som skjedde, for eg blei forstyrra av makrell i tomat. Eg burde jo vite at når ein er på jakt må ein halde fokus på byttet heile tida. Men den makrellen, den lukta så godt.
Eg skal få tatt bilete av Kvakki sånn at dei som ikkje kjenner fuglen min, kan få sjå kor fin han er. Burde forresten vore lydbilete.

onsdag 5. mars 2008

Kor langt er vi komne - eigentleg?

Ute er det drittvêr og inne sit eg og ser på eit skjema over grunnferdigheiter og eit om klasse 1. Kor langt er Ekko og eg komne - eigentleg? Eg er i frustrasjonshumør. Vil at det skal vere noko eg kan skrive flyt/ godkjent på. Alt er så påbegynt. Det er som om eg manglar dei siste byggeklossane i arbeidet. Det å avslutte alt det som er i gang.
For å ta grunnferdigheitene først:
  1. Fokus - godt i gang på alle underpunkt, men er noko flyt?
  2. Targeting - her var det meir ulikt. Må jobbe meir ser eg. Post-it lappen har eg sløva med, men med resten kan eg seie eg er godt i gang
  3. Sit - godt i gang på alt, men er noko under stimuluskontroll?
  4. Bakpartskontroll - her har eg ein lang veg, men det er påbegynt.
  5. Utgangsstilling - litt å jobbe med her òg
  6. Galopp mot fører - øvd ujamnt på denne, men er passe Ok.
  7. Gå+ sjå opp (fri ved fot) - under arbeid
  8. Ligg - eit stykke til der er under stimuluskontroll
  9. Stå - Stå frå ligg er blankt ark for Ekko og meg
  10. Bli (holde posisjonen)- manglar det lille ekstra som gjer at eg kan seie at det er under kontroll.
  11. Doggie-zen - har ikkje prøvd alle former enno
  12. Holde fast - her er han ganske flink, men ikkje heilt i flyt
  13. Slipp - ikkje flink på å slippe ved passivitet. Men ellers bra
  14. Kryp - Lite øving på dette
  15. Hals - ingen trening
  16. Hopp - reknar med at det går lett så vi har trent lite
  17. Luktdiskriminering - trent lite på det. Kanskje det er noko eg burde arbeid med inne i dette vêret?
  18. Spor - vi er i startgripa. er komne til at det ikkje treng ere pølsebitar i alle spor.
  19. Oppsøke figurant - runderar som ein gud....

Tja, skal eg bestemme meg for å halde fokus på noen av desse slik at det kan kryssast av for flyt i løpet av våren - eller skal vi bare vere sånn halvveges i all æve? Ikkje det at eg trur at når det er lært, er vi ferdige med det. Men det er noko med å seie at det har vi litt kontroll på.

Tar vi for oss klasse 1 i lydnad ( som inneheld mange av grunnferdigheitene) blir det slik:

  1. Visning av tenner - her prøver eg meg med godkjent. Dette plar vere enkel sak for Ekko.
  2. Fellesdekk i to minutt - han ligg litt skeivt, vi har aldri prøvd i 2 minutt, blir av og til litt usikker når eg går bak. Eg trur han vil fikse 2 minutt snart. Han bryr seg lite om hundane rundt. Det er vi to som trener som er fokuset.
  3. Lineføring - denne har vi starta på om att. Og han gjer god framgang
  4. Fri ved foten - sjå over
  5. Dekk fra haldt - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  6. Innkalling frå sitt - plar gå fint
  7. Stå under marsj - delmomenta er trent på, men øvinga er ikkje sett saman
  8. Hopp over hinder - lenge sidan vi trente på det. Men no når det går mot lysare tider får vi sette i gang med hopptrening

Veit ikkje om eg kjem til å stille på ein konkurranse nokon gong. Er jo ikkje heilt trygg på ka som skjer når ukjente hundar dukkar opp. På trening ser han ut til å bry seg lite om det kjem nye, men ka veit eg. Men same ka det blir, det hadde vore kjekt å fått til alle øvingane.

Ja, eg ar nok å øve på ser eg etter denne oppsummeringa.

mandag 3. mars 2008

Litt av kvart trening


Eg veit at det er korte økter som skal til med kjekkasen, men lærer eg???....

Ut av bilen og i gang med kontakt og fot. Guten går som ein gud, har kontakt når eg går, når eg spring og når eg svinger. Så kjekt! Så eg fortset litt til.. Akkurat. Der begynner han å sjå på dei andre hundane, lukte i bakken osv medan han går ved sida av meg. Fekk han i bilen og tok meg ein pause for å tenkje meg om. Tok til vett og gav han ei kort økt med det same og avslutta med leik. Det gjekk fint.

Neste økt rygga han litt. Ikkje mange steg, men litt og litt. Han kom stadig med det tilbodet utover kvelden viss eg stoppa opp og prata med andre.

På slutten fann eg ut at vi måtte ha litt fart i kroppen så Anne Lise hadde kontroll på kjegla og Ekko dunka snuten borti same om han måtte hoppe, krype mellom beina hennar eller anna sprell ho fann på. Flink gut! Tok litt musemattetarget òg. Det er kjekt, men han har lett for å ta opp musematta og filleriste den. Begynte litt heime å kaste ball akkurat då han fekk labben på musematta. Då fekk eg fart, eit lite stopp og fart vidare.

Kvelden har elles blitt avslutta med angrep på eit knutebein. Det er kasta i lufta, sparka bortover golvet, kjefta på, lagt på teppe og dradd rundt i stova. Tilslutt låg hundesenga ein stad, teppet ein annan, beinet ein tredje og han sjølv stod nøgd i midten. Kor sand, hundehår ol er, kan ein jo bare tenkje seg......

Trenings-
venene denne kvelden var: Era, Pia, Deah og Scotty

Max - takk for iveren din.



I dag sendte Tone melding om at Max hadde reist til dei evige runderingsløyper. Ei vanskeleg avgjersle for familien og ein trist melding til alle som var blitt glad i den brunprikka dalmatineren.

Max trefte eg på atferdstreninga til Siddis hundeskole. Det er her vi er/ har vore/ kjem - vi som har fått utfordringa å lære ekstra mykje om hund og det litt fort ......

Tone hadde lyst til å bli med å trene rundering. Og det var midt i blinken for Max. Bittelitt sosialiseringstrening så forstod han poenget og sette i gang. Neste gong han kom, stod han og trippa av iver etter å setje i gang. Målbevist runderte han frå figurant til figurant. Her måtte det bare trenast apportering i heimen for denne hunden lærte fort var beskjeden vi gav Tone.

Takk for den fryden du viste oss, Max. Du var den fødte brukshund!

Og til Tone: Vi håper å sjå deg på brukshundtrening med ein ny firbeint om ei stund.

søndag 2. mars 2008

Vêret - litt statistikk

Vi syns det regnar ofte på torsdagar... Vil de har svar på om dette er noe vi trur eller om det er sant? Her kjem ei kort og veldig seriøs forsking på saka. All informasjon er henta frå http://www.yr.no/

Eg har tatt for meg perioden september 2007 til og med februar 2008 ( juleferien er ikkje med for då trente vi lite....). Sidan vi trener om måndagen òg og opplever at vi ikkje er fullt så våte den vekedagen, måtte eg jo utforske det òg.

Resultatet er: 16 av 24 måndagar har det vore nedbør, men bare 15 av 25 torsdagar... Så statistisk sett regnar det oftare på måndagen enn torsdagen. Hm. Kan vi ta så feil? Kanskje, men statistikken seier ingenting om når på døgnet det regna. Kanskje regnet var unnagjort på måndagane før vi skulle trene eller begynte etterpå? Det som står i statistikken og som kanskje påverkar kjenslene våre, er at 5 av torsdagane hadde KRAFTIG nedbør mot 1 måndag.......

Og for veka som kjem har dei lova 2 mm nedbør på måndag, sol, liten kuling og 8 mm nedbør på torsdag.