fredag 15. august 2008

Innkallingstrening med utfordringar

Morgontur torsdag kl 0600. Sol. Nokre regndråpar og regnbogen. Dagen smilte og sa "God morgon - det blir ein vakker dag"

I går fekk vi utfordra hundane våre litt. Dei er etterkvart blitt ganske flinke på å komme på innkalling når vi er på trening. Men koss er det i kvardagen elles?

Vi har prøvd med tur i skogen, på stiar i nærleiken av treningsområdet osv. No skulle dei få to kjekke gutar å teste seg på. Oskar og Kristoffer stilte opp.

Først var det helsetrening. Hundane er blitt flinke til ikkje å hoppe i denne settingen (men dei er flinke til å hoppe når dei gløymer seg ;-)). Ekko var ute då gutane kom, så han tok vi ikkje helsetrening på sidan han fekk helse på dei der og då.


Så var det innkalling.
Ekko kom som ei kula på parkeringsplassen. Brydde seg null om gutane. Men så hadde eg jo Kvakki som premie....
Dei andre hundane var likeeins. Ingen lot seg friste. Denne gongen tenkte vi at dei ikkje skulle få ha leike i midten for det kunne friste for mykje. Neste gong må vi nok teste det.

I runde to tok eigar med seg hunden og gjekk tur. Hunden var anten i langline eller fri. Nå kunne vi andre kome fram kor som helst. Ut frå skogen, mot dei, hoppande fram osv. Og det viste både det eine og det andre på hundane våre.

Ekko var først ut. Han var eksemplarisk. Bare tanken på at eg har Kvakki trur eg er sterkt. Etterkvart som det kom ny hund, blei vi jo farlegare i lokkinga. Gutane blei sprelskare og freistingane større for hundane. Så eg hadde nok ikkje hatt den eksemplariske hunden viss Ekko hadde blitt utsett for det som særleg Pia og Era måtte gjennom. Tenke seg til ein spennande gut med pipedyr i handa, springande inn i ein skog! Pia måtte bare bli med. Drit i mor, her er det fest på gang! Skulle sett den leikeglade hunden som hadde greidd å motstå den.
Nå koste vi oss nok litt ekstra over at Pia sprakk for ho har vore sikker som banken på innkalling. Her fann vi eit område å trene henne på. Så Silje, om ikkje lenge er den òg på plass.

Era syns alt var kjekt og tillat då ho kom utanfor treningsområdet. Her er det vel mest Torhild som må trenast...... langline er for at vi skal kunne stoppe dei. Altså må du trø på lina ;-). Vanskeleg det der. Det er tydeleg at jo nærmare dei er freistinga når fløyta kjem, jo vanskelegare er det. Var Era nær matmor og ho fløyta, greidde ho det fint, men var det spennande for nære måtte ho bare sjekke det ut.

Vi må tenke ut korleis vi skal jobbe vidare med innkallinga. Hundane viser at dei har forstått, vi har begynt å sette høgare kriterier/ større freistingar. På dette nivået er dei ikkje 80% sikre. Så korleis går vi vidare med å gje dei slike freistingar som i dag samstundes som vi gjev dei sjansen til å lukkast? I dag prøvde vi oss ut. Neste gong bør vi vel teste meir ut kor langt vi kan gå før innkallinga ikkje verkar. Og så vere i det landskapet litt.

Eg må òg teste Ekko ut på desse freistingane. Jo tryggare eg er på innkallinga, jo enklare vil kvardagen vår bli.

Siste økt var litt på plass, hente ting, litt triks og drakamp med gutane. Veldig kjekt.

Og heilt til slutt gjekk vi tur med Pia, Era og Ekko. Deilig å ha den unnagjort før eg kjem heim. Hundane var trøytte. Det hadde tydeleg vore intenst ei stund.

tirsdag 12. august 2008

Trening med litt haust i lufta

Måndag kveld kjente vi at det ikkje var så varmt som det har vore lenge nå. Vi måtte fram med jakkane ut på kvelden.

Nå begynner det å bli fleire, så det er vel òg eit sikkert haustteikn? Denne kvelden var det Era, Pia, Sander, Faya, Ekko og Maja som skulle trenast. Maja går på pencilin og har operert i foten, men var klar for masse kos og litt arbeid.

I fleire veker har vi hatt fast på programmet: helse og innkaling. I tillegg ønskte eg at vi skulle plukke opp litt frå lydnaden. Vi tok fellesdekk.
Vi fekk vist ein måte å øve inn "fot" på som var spennande. Då viste det tydeleg at Pia hadde hatt stor nytte av treninga på klossen. Ho hadde kjempefin bakpartskontroll.

Helsetrening:
Torhild og Gro var kjempeflinke figurantar. Eg hadde klaga på at Ekko dreiv på med å bjeffe på personar som snakka til meg når vi var ute og gjekk. Skikkeleg irriterande. "Men det kan eg ikkje øve på her for han bjeffer ikkje på dykk." sa eg. Men jammen fekk dei han til det. Han blei ivrig og sprang mot dei. Blei stoppa av bandet. Slutta fort bjeffe og såg på meg - altså fekk han helse. Kanskje han neste gong ikkje skal få kome bort når han har bjeffa? Eller vil det vere å ta for lang læringskjede? Altså at han må greie å sjå på den som kjem i mot utan å bjeffe og deretter sjå på meg før han får helse. Eg tillot denne gongen at han slutta å bjeffe, såg på meg og fekk helse. Noen innspel?

Innkalling:
Vi har gjennomskoda hundane skikkeleg på dette. Dei kjem som ei kula på treningsplassen, så der får dei ikkje trene på det lenger. På torsdag gjekk vi til skogs, i dag var det på sidevegar/andre opne rom. Og alle gjekk i fella (he, he). Altså kan vi bare fortsetje å trene på innkalling! Ekko og eg gjekk tur. Torhild kom ut frå ein sideveg rett ved sida av oss. Det blei så nære at Ekko var hjå henne før eg fekk fløyte. Og han kom ikkje på fløytelåten. Fekk ingen premie verken hjå meg eller Torhild.
Vi gjekk vidare, så dukka Gro opp. Ho ropa og lokka verre, Ekko begynte forsiktig, kikka på meg, eg oversåg han og dermed sprang han. Straks fløyta kom, snudde han, Kjempebra! Slik var han på alle etter det. Til neste gong må eg ha tenkt gjennom ka eg skal gjere med tilbodet han kjem med før han spring ut. Eg hadde ikkje avtalt noko med figurantane denne gongen. Trur eg vil kalle han inn om han ser på meg når lokkinga kjem. Det er jo på ein måte eit spørsmål om å få helse. Så kan eg anten la han springe og helse eller nekte. Då får eg nytt meg av det positive at han tar kontakt før han spring, men samstundes får eg ikkje trent på å kome på innkalling når han er på veg mot noko.

Fellesdekk:
Hundane låg på rad og rekke. Eg gjekk eit stykke i frå og begynte å prate med Elisabeth. Ekko greidde ikkje å ligge lenge så eg måtte bryte den. Gjekk tilbake og trente på kort avstand. Det gjekk veldig fint. Han kjem fint på plass, eg set foten ut for at han skal trene på bein dekk (den er skeiv) og han set seg opp på kommando. Den siste har tendens til å kome litt ut frå fordi han bruker både bakbein og frambein nå han set seg opp. Trente litt på det siste. Går fint når eg står framfor og dekk - sitt går i raskt tempo.

Klossen:
Ekko elskar klossen for tida. Det er så kjekt at han blir gira. Nå går han fint begge vegar, så nå er jo utfordringen å få han til å gå same veg som meg, dvs gå inn til meg. Nå går vi som kompassnåla der klossen er skruen i midten. Tips om korleis eg får han til å forstå det?

Tur:
Maja, Pia, Era og Ekko gjekk tur med eigarane i bånd i kveld. Det er sakte tur der det skal trenast i å ha hundar rundt seg utan å bry seg, det skal luktast, tissast på same flekkane, lærast å gå med slakt bånd osv. Så det er ikkje lange turen, men viktig for oss. Ekko er hekta på godbitane mine så eg trur han syns det er litt krevande å ha alle hundane rundt seg. Er veldig glad for at vi har fått til desse turane for eg ser treninga hjelper han. Til dømes gjekk vi rundt Mosvatnet med ein annan hund på laurdag. Då var det heilt Ok for Ekko at han ikkje skulle gå først hele tida. Han kunne gå bak og ved sida.

søndag 10. august 2008

Lille Rosin

Hallo folkens. Matmor er ikkje heilt god for tida. Og då er det ikkje alltid lett å gjere henne til lags. Men eg gjør så godt eg kan. Eg kose med henne, eg lokke henne med ut, eg lar ho låne "lille Rosin" litt og eg et all maten ho gjev meg. Har ikkje klaga ein gong sjølv om det har vore gulerøter, belgerter, brokkoli, bønner, soltørka tomater, kål - ja eg veit ikkje heilt ka alt det der fargerike er for noko

Har eg fortalt om Lille Rosin(Det er matmor som har gitt han namnet. Det er frå barndommen seier ho... ho er steingamal for eg har ikkje hørt om ein gris som heiter Lille Rosin)? Han er min nye venn. Eg oppdaga han i bilen på torsdag og etter det har vi vore saman nesten heile tida. Seint på natta kan matmor finne på at vi skal gå tur. Eg veit ikkje heilt om eg liker det, men prøver å sjå barsk ut for eg har forstått at ho syns det er trygt at eg er med. Eg syns det er ein del skummelt der ute i mørkret, men det kan eg ikkje seie til henne for då blir ho jo redd. Men nå blir Lille Rosin med meg og då er eg trygg eg òg.
Når eg skal sove syns eg det er ekstra godt at Lille Rosin ligg ved sida av meg.

Ein heilt annan ting: Ka syns de om kamuflasjen min? Eg har ikkje lov å sove i sofaen, men av og til ligg ho og slappar av under eit svart teppe. Eg oppdaga at det var verdas beste kamuflasje. Så då mor gjekk ut, hoppa eg oppi. Trur faktisk ikkje at ho oppdaga meg med ein gong heller. Eg skulle hatt ei slik seng kvar dag.

Ekko

lørdag 9. august 2008

Han er litt dyrare i dag....

Fredag var det sol og fint. Eg tok med meg Ekko på treningstur. No skulle vi trene på å komme på innkalling med fløyte og å gå fint i band sjølv om vi møter forstyrrande element som forbipasserande, ungar, barnevogner osv.
Halve turen var i band og halve utan så det er kanskje lett å forstå ka vi trente på når.....

Ekko går fint forbi når vi møter voksne. Omtrent i alle tilfelle. Men nokre er tydeleg spennande utan at eg greier å sjå kven.. Ungar og barnevogner er verre. Dei er pr. definisjon kjempespennande og må undersøkast. Vi møtte kun ei barnevogn på turen. Akkurat då var det noko anna veldig spennande som skjedde så det var lett å avlede. Dei vaksne vi møtte var heller ikkje vanskeleg å få han til å gå fint forbi.

Så var det innkalling. Eg klar med fløyte, leike og godbit (leika hadde eg gøymt så han visste ikkje om den). Men Ekko hadde tydeleg tenkt å vise glansbilete av seg sjølv. Han holdt seg ganske nær meg. Låg han litt framfor meg, hendte det at eg gjekk litt annleis enn han eller gøymde meg bak eit tre. Det var snakk om sekund før han oppdaga det og var i nærleiken av meg igjen. Vi møtte ingen andre hundar eller folk i skogen. Det var jo både dumt og godt for eg fekk jo auka vanskegraden hans i treninga, men eg fekk ikkje dei vanskelegaste freistingane.

Heldigvis fekk han etterkvart ferten av noko og sprang ut. Eg fløyta. Ekko "snudde på tiøringen". Rett i leik. Eit par gongen lot eg han springe litt både for trimmen og for å sjå om tid og avstand sløva han. Men det verka ikkje slik. Så kom den store prøven: Rett framfor han stod det ei kanin! Då var det fullt firsprang. Eg venta litt (rekna ikkje med at eg fekk han til å kome på sekundet der) og så fløyta eg. Han snudde nok ikkje brått då fløytelåten kom, men det var ikkje lenge å vente og det var tydelege at det var innkallingssignalfart han hadde då han kom inn til meg.
Like etter kom det ein syklist gjennom skogen. Heldigvis var Ekko like ved meg så det var bare å halde han i selen. Verka ikkje som om Ekko brydde seg i det heile.
Alt i alt ei fin økt.

Til prisen på hunden:
Når ein seint på natta er ute og går tur med stor svart hund med rosa gris i munnen, er jo det verd nokre kroner. Å stå opp og sjå ein hund som søv søtt med den same grisen tett inn til seg, er òg verd nokre kroner. Blir i godt humør av det. Så han er dyrare i dag :-).

torsdag 7. august 2008

Hund kan kjøpast for billig penge....

... i alle fall var det slik eg kjente det opp til fleire gonger på treninga i dag.

Det heile starta med at han trengte 15 minutt på å bestemme seg for å hoppe i bilen.

Då vi kom til OD, fekk han og Faya vere ute saman med oss tobeinte medan vi prata og planla treninga. Det var Torhild med Era, Elisabeth med Faya og Silje med Pia (altså sommargjengen) som var der.

Vi starta med innkalling. Eg tok med Ekko og Kvakkien og gjekk til nærmaste skog. Her fekk han gå fritt. Noko hunden nytta seg lite av. Han var litt for fiksert på at eg hadde med meg yndlingsleika. Ut frå skogen kom Elisabeth, Silje og Torhild springande og lokkande. Ekko syns det var spennande, men holdt seg til meg for han skulle jo ha premie. Men omsider beit han på lokkinga. Eg fløyta og han snudde på tiøringen. Veldig bra.
For at han skulle få blikket vekk frå den kjære Kvakki, kasta eg godbitar i bakken slik at han blei opptatt av å søke. Dei tobeinte var forsvunne igjen. No dukka dei opp. Ekko blei glad, såg på meg (venta han på Kvakki eller tillatelse til å helse??). Eg gjorde ingenting. Han sprang mot dei. Og snudde like kjapt straks fløyta kom. To gode økter. Eg stoppa der.

Tilbake til bilen. Her full stopp. Absolutt ikkje inn i den. Dei andre tok først med seg Faya som skulle gjennom det same, så Era og til slutt Pia. Ekko sat, låg, stod.. ja det meste med blikket vekk frå bilen og meg. Eg stod bare der med han i band. Hadde tenkt eg skulle vinne kampen.
Etter at dei andre var ferdig, tok dei pause. Då var eg passe sur på fillebikkja og bandt han til bilen. Gjekk og sette meg med dei andre. Då hoppa dyret INN i bilen. Han hadde tydeleg sett at eg la litt mat der. Sprang bort og premierte han. Fekk han ikkje til å gå i buret, og tilllot at han fekk gå ut igjen sidan han hadde vore inne.

Etter det hadde vi ei treningsøkt med klossen (bakpartskontroll), trefte ukjente folk (noko heile hundeflokken reagerte på (minus Era) og helsa litt.Så skulle eg hjelpe Elisabeth litt. Men gjekk Ekko i bilen? Då pakka eg saman og gjorde meg klar for å gå tur. På veg ut av området, kasta Ekko seg ut for han ville ha ballen til Faya. Eg blei så sint at han fekk eit like kraftig rykk som det han gav meg. Etter det "pliste" hunden meg i lang tid....
Heldigvis gjorde dei andre seg klar for tur dei òg for no var ikkje fillebikkja mi verd mange ørene.
På turen gjekk Ekko stort sett fint både først , i midten og bak. Unntatt då dei alle blei gira på eit spor. Då låg Era først ei stund. Og då blei det fart. Det var rett før Torhild låg flat etter henne. Men ho fekk roa henne ned. Då var det Ekko sin tur til å ta av. Vi stoppa opp av og til. Hundane fiksa fint at vi stod med liten avstand og prata. Dei sette seg og venta.

Hunden min kom ganske fort i bilen etterpå. Eg brukte litt makt.... Eg lei - nei, kven kan tru det...........

For dei som var med i kveld: Ekko tok den rosa grisen med seg inn. Det har vore grisehyl i det vie og breie. Men brått blei det stopp. Han sovna!