onsdag 14. januar 2009

Eit tips og to....

  • Her er gode tips for treninga med fellesdekk/plassliggande. Tipset er tatt frå Maria Hagström, ei dyktig hundedame i naboalandet. Linken finn du her.

  • Ei bok om kvelpar, gratis på nettet. Du trur det kanskje ikkje? Sjekk her.

  • Eit par facebookgrupper som kan utvikle seg til å bli gode debattstader for treningsutfordringar er Klickerklok og Lydnad og bruksgruppen. Er du på Facebook, kan desse gruppene kanskje vere noko for deg? Har jo i desse dagar oppdaga at ganske mange er i fjesboka. :-). Veldig kjekt.
Eg måtte bare få litt varme og sommarkjensle...

tirsdag 13. januar 2009

Det starta så kjekt, men så blei det visst vondt

I dag har vi vore på tur med Elisabeth og Faya. Fryden er stor når dei får springe i skogen. Og når dei på toppen av alt finn litt vatn, er lukka fullkommen! Dei er ekte vasshundar! Og når det i tillegg var sol og litt blå himmel var dei tobeinte òg smilande.

Faya er så lita at ho kan symje, medan Ekko stort sett kan gå rundt i vatnet :).

Her gjeld det å vere klar for Elisabeth skal kaste ein pinne. Trur Faya har tenkt at det svarer seg å stå nærmast den tobeinte...
Men den der langbeinte Ekko, han er alltid først..


Kor blei pinnen av?

Trur pinnane var så våte etter alt regnet at den sokk. Det blei i alle fall få seiersrundar med pinnen i munnen for Ekko.

Etter badet trengs det litt risting.

Så var det å springe vidare inn i skogen, gjørma og nokre bekkar.

Men brått la Ekko seg ned. Han ville ikkje ta i mot godbit, men ville ha trøyst. Vi fekk han til å reise seg, men han var ikkje mykje pigg. Vi gjekk roleg vidare. Han sprang ikkje, men verka etterkvart betre. Så nærma vi oss eit område han veit at det er kaniner. Då sprang han litt, men stoppa like fort. No verka det som han halta. Eg undersøkte labbane, men såg ikkje noko. Han skalv. Då bestemte vi oss for å ta kortaste vegen til bilen. Eg tok han i band eit stykke for at han skulle gå ekstra roleg og ikkje bli frista til å springe. Stakkars store, vesle Ekko. Då Faya sprang rett forbi han med pinne i munnen, reagerte han ikkje ein gong. Til vanleg er jo det den beste måten å invitere han til leik.

Her heime ser eg ikkje meir til haltinga, men han er slapp. Legg hovudet på låret mitt og vil ha kos. No kryssar eg fingrane for at det er noko som fort går over.

lørdag 10. januar 2009

Eg vil ikkje gjer det sånn, sa Ekko...

... og dermed drog han sin veg med lausbittet (det skal han ha, han held godt på den delen av oppgåva).

Men litt tilbakespoling:

I dag måtte eg låse opp på skolen for eit kurs Arne skulle ha. Det starta med full alarm - ein person hadde gått inn før alarmen var slått av. Omsider kom eg meg avgarde til Sviland og rundering. Ekko blei liggande i bilen ganske lenge. Då det var hans tur hadde eg tenkt 2 slag med lausbitt og resten direkte i belønning. Men hadde eg tatt dette opp med den firbeinte? Visstnok ikkje, for han hadde tenkt å hente lausbittet og springe litt rundt ( måtte ut i nokre naudsynte ærend mellom anna). Han blei hanka inn. Og eg var ikkje blid (det var det der med å halde på smilet ....). Syns heile han var uroleg (han kasta opp i går og magen har vore i ulag), så eg sendte han ut på flying. Guten skulle i alle fall få springe og gjere ein jobb, så fekk heller matmora få opp humøret såpass at ho kunne gje kompliment til sjarmøren. Flyingen gjekk fint, han sprang flott og vi blei vener ;).

Vi var mange på trening i dag, mellom anna blei nokre brukt til ID-spor. Rekna ikkje med at vi rakk meir enn denne økta. Men Gro lokka. Dermed fekk eg fire kjempefine slag i skogen. Først starta vi med at han såg Gro springe ut, fekk lausbittet i munnen og kommandoen "vis". Prima. Så tok vi tre slag der han skulle ta heile løpet. Gro sprang, Ekko sat i heilspenn og venta på kommandoen: "Runder". To av slaga var flotte. Det tredje var heilt ok, men farten var sløvare. Det var bra at vi fekk trent på dette på denne måten i dag. Kanskje Ekko fortener ein kort pause frå meldingstreninga no? Eg må i alle fall ta inn over meg Morten sine ord om at hunden ikkje bør gå direkte frå bilen og ut i sporet. Å få kome ut litt før, hjelper.

---
Eg var figurant på Maja i dag. Og det må eg seie var ein fryd. Gro brukte vegen som midtline. Då måtte Maja krysse elva for å finne meg. Ho hadde heller ikkje hjelp av spora mine for eg gjekk jo ikkje på hennar side av elva. Og Maja, den forsiktige dama som lenge har strevd med eit par slag før ho gjekk lei, holdt koken. Trur ho var hjå meg 4 gonger, det betyr jo minst 7 slag! Ho arbeidde skikkeleg for å finne meg kvar gong. Eg er imponert! Du har verkeleg fått til noko med henne, Gro!

---
I morgon skal eg sjekke om programmet for denne veka er i boks. Og setje opp nytt program for neste. Har lese artikkelen i Canis om kloklipp om igjen og skal ha det på programmet dei næraste vekene. Tenk om eg kjem ut med ein hund som liker kloklipp ;)

fredag 9. januar 2009

Her var det mange tips!

Når vèret er grått, kan det jo vere kjekt å trene inne....
Her er nokre tips i ein valpekursfilm frå Silva Trkman. Tenkte eg skulle begynne med - ja nå kan de lure :)

I dag blei det melding ;)

I dag er det grått, grått, grått. Hadde ikkje lyst til å trene, men så var det avtalen då... Eg kom meg no avgarde. Heldigvis greier eg å notere i "Hundtränaren" kvar dag. Og der står jo programmet eg har for denne veka. Det er forresten rart kor vanskeleg det er å setje seg ned og notere. I alle fall. Liten treningsiver, men klart i hovudet at tema for denne veka er:
  • stå under marsj/ rygging
  • meldingstrening
  • fri ved foten.

Så då er det jo bare å setje i gang. Ekko viste lite treningsinteresse då vi kom til området. Men det endra seg undervegs. Heilt sikkert overføring frå meg. Første økt var stå under marsj/ rygging. Litt ukonsentrert, men rygger OK.

Neste økt er melding. Med den elendige meldinga på torsdag, gjekk eg halvhjarta til jobben. Marit fekk med seg litt pinnekjøt og lausbittet. Ho skulle vere synleg figurant. Kjente på måten Ekko satt at han var veldig klar (måtte nesten halde han igjen). Ein flott melding. Alt riktig, men eg måtte gje han ein lyd akkurat då han tok bittet. Han får så lyst til å snuse samstundes.

På neste forsøk gøymte Marit seg. Like godt slag. Så eg vågde meg på 3. òg. Det har jo vore tabben i det siste. Han spring ikkje like ivrig ut, men gjennomfører eit fint slag.

Etter bilpausen fekk han rygge litt igjen. No ryggar han bra sjøl om eg går bakover.

--

Eg frustrerer meg over at han er så lite flink til å levere gjenstandar han liker veldig godt så eg tok ei økt med enkle gjenstandar. Han leverte i handa mi både det eine og det andre. Eg vågde meg på den kjære ballen. Kasta og guten leverte. Her skulle eg ha stoppa for ved kast 2, kom han ikkje tilbake. Eg begynte å gå vekk frå hunden. Sette meg i blant ned med handa open. Han kom nærmare og nærmare, men ikkje bort. Siste gong eg sette meg ned, la han ballen 1 meter i frå meg. Eg sat. Kjente tolmodet var på grensa til eit eller anna. Men der tok han jammen ballen opp og leverte. No skulle eg ha premiert med ei anna kjekk leike, men så smart var eg ikkje. Eg kasta ballen igjen slik at det ikkje blei straff å levere. Den kom ikkje inn igjen, men då lot eg han bare gå med den utan at eg viste interesse i det heile. Til slutt la han den i frå seg. Dette MÅ eg jobbe med (har sagt det før òg).

---

Heilt til slutt har eg lyst til å tipse om eit innlegg i bloggen til Fanny. Om negativ straff, time out, leik osv. Mykje klokt her.