Eg har lyst å bli flinkare til å shape fram atferder og har gitt meg sjøl ei utfordring. Få hunden til å setje alle beina i kassen. Med dei labbane han har, er det ikkje aktuelt med fire labbar i matskåla :). Så altså skal dei i ein kasse. Det har no enda opp med at eg sit på datarommet og grublar og Ekko ligg ved sida av kassen og syns eg er dum som ikkje vil trene meir. Men eg treng hjelp. Han tok kjapt begge frambeina oppi kassen, men gjett ka som kom etter det? Akkurat - rygging inn til sida mi (klosse eller kasse same det, tenkte han vel). Og når eg ikkje premierte det, så blei det mykje frustrasjon. Eg premierte frambeina oppi fleire gonger, men koss eg skal få han til å gjere eit forsøk med bakbeina, er ei gåte. Eg tar med glede imot tips.
Eg skreiv tidlegare om at han hadde begynt å hoppe ved kommandoen stå og ta eit steg framover. Det var jo eg som skapte feilen (brukte leverpostei som premie og den måtte han fram for å hente). No har vi drilla her heime i stova. Med tennisball som premie. Det gjorde susen. Han står som ei søyle og ventar. Ballen kastar eg bak han. Bonus er at han kjem inn med ballen kvar gong :). Så midt i frustrasjonen over baklabbane, koser vi oss med gode "stå".
torsdag 29. januar 2009
tirsdag 27. januar 2009
Grunnferdigheiter
Eg får av og til spørsmålet om eg kan sende grunnferdigheitsskjemaet til Canis om igjen for folk har gløymt å lagre det/ har mista det. No har eg lagt det inn under gode artiklar. Og vil du har det med ein gong, sjekk her.
Shaping. Og litt om treninga i går
Eg må innrømme at då Fanny la ut tilbod om shapingkurs på Facebook, tenkte eg meg om to gonger. Men konkluderte med at Stockholm var vel langt borte og lommeboka var tom. Eg skulle så gjerne hatt eit slikt kurs for eg er ikkje flink med shaping. Og akkurat no har eg lyst til å lære Ekko nokre triks. Har du eit litteraturtips eller to, tar eg i mot med takk.
----
I går forflytta vi oss frå parkeringsplassen på Sola vgs til ein grusbane ved Åsenhallen. Der var det lys og kjempegod plass. Ikkje akkurat slik på parkeringsplassen for tida....
Eg trente saman med Ingeborg og Sander. Dei imponerte med flott fri ved foten og dekk under marsj.
Så var det oss:
Stå under marsj
Ekko har begynt å gjere eit hopp når eg seier stå, så det måtte eg slutte med for å dempe hoppet. Han roa det og fekk etterkvart nokre fine stå. Men eg syns ikkje dei er så gode som dei eg fekk i starten. Han har lettare for å ta eit steg fram for å hente godbiten enn før. Altså kastar eg ikkje fort nok.
Fri ved foten
Han snur fint. Eg må trene på ikkje å følge han (det er visst han som skal følge meg...). Avstanden mellom oss er litt for stor. Eg får drille meir på å forflytte meg sidelengs.
Fellesdekk
Her er han blitt flink. Ingeborg ropte på han, vi kasta wubbaen mellom oss, Ingeborg fekk lyd ut av den osv. Ekko reiste seg ein gong då Ingeborg lokka han, men la seg fort igjen. Kjempebra!
Så måtte eg gå. Men folkens: Eg lurer på om vi ikkje i løpet av februar burde ha ein liten runde på nokre øvingar under lydnad klasse 1? Sånn bare for å sjå om det er nokre øvingar ekvipasjane kan etterkvart.
----
I går forflytta vi oss frå parkeringsplassen på Sola vgs til ein grusbane ved Åsenhallen. Der var det lys og kjempegod plass. Ikkje akkurat slik på parkeringsplassen for tida....
Eg trente saman med Ingeborg og Sander. Dei imponerte med flott fri ved foten og dekk under marsj.
Så var det oss:
Stå under marsj
Ekko har begynt å gjere eit hopp når eg seier stå, så det måtte eg slutte med for å dempe hoppet. Han roa det og fekk etterkvart nokre fine stå. Men eg syns ikkje dei er så gode som dei eg fekk i starten. Han har lettare for å ta eit steg fram for å hente godbiten enn før. Altså kastar eg ikkje fort nok.
Fri ved foten
Han snur fint. Eg må trene på ikkje å følge han (det er visst han som skal følge meg...). Avstanden mellom oss er litt for stor. Eg får drille meir på å forflytte meg sidelengs.
Fellesdekk
Her er han blitt flink. Ingeborg ropte på han, vi kasta wubbaen mellom oss, Ingeborg fekk lyd ut av den osv. Ekko reiste seg ein gong då Ingeborg lokka han, men la seg fort igjen. Kjempebra!
Så måtte eg gå. Men folkens: Eg lurer på om vi ikkje i løpet av februar burde ha ein liten runde på nokre øvingar under lydnad klasse 1? Sånn bare for å sjå om det er nokre øvingar ekvipasjane kan etterkvart.
søndag 25. januar 2009
Notater i Hundtränaren for veke 4
Eg sette i starten av veka opp nokre mål. No var det evalueringa av veka. Eg har vore flink til å notere i boka og ser at bare det er med på å halde fokuset oppe. Godt for meg når eg brått vil så mykje anna.
Halve veka har vi vore bortreist. Det betyr at brukstrening har det blitt lite av, men til gjengjeld er det mykje trening på å få kommandoar frå andre folk. Og å vente på at dei skal kome heim frå jobb/skole eller stå opp. Det er visst ganske slitsomt å ligge klar ved trappa med leika/skoen klar. Det er kjempeviktig å ha noko i munnen når det store velkomst/godmorgonritualet skal gjennomførast. Han har allereie vore å lukta ved dørene og med den halen han har, høyres det jo ut som om det blir banka hardt på døra. Så at dei framleis er i senga, er jo eit under :).
Men tilbake til evalueringa.
Finpuss av stå under marsj (delen om å få til stå) går framover. Han er hekta på å trene på det, men eg syns det er vanskeleg å få inn kommandoen. Han bråstoppar på "klikk", men ikkje på "stå", men i går syns eg det såg ut til å sige inn.
Avlevere leike: Det går seinare enn eg tenkte. Nokre leiker kan han avlevere i flat hand (til og med til andre), men ball er vanskeleg. Då står han lenge ved handa og tygg på ballen før han greier å levere. Aller helst vil han levere den på bakken nær meg slik at eg kan sparke den i gang. Men han er blitt betre og det skal inn.
Fellesdekk med ulike uromoment. Her har han blitt veldig flink. Kan ligge lenge og vente, toler å bli lokka på osv. Sidan han var så flink, tenkte eg at vi skulle teste noko av det verste for han, nemlig leik med ball. Vi dabba ein tennisball mellom oss, like ved snuten hans. Eit dabb gjekk, på andre dabbet kom rykningen og så sprakk han. Dette var for vanskeleg. Altså blir det fleire ballutfordringar i veka som kjem.
Kloklipptrening. Trente i byrjinga av veka, men gløymte klotanga då vi reiste, så den treninga står stille. Det eg ser at har utvikla seg, er tolmodet med at eg styrer med labbane hans. Når eg skal tørke av labbane hans før han får kome inn, tillet han mykje meir tørking mellom putene enn før. Det er bra.
Å våge å sleppe hunden laus med andre. Vi har vore i eit miljø der vi ikkje har truffe andre hundar lause denne veka. Utanom på måndag då Punky og han leika med ei rottweilertispe.
Måla for neste veke blir nok utvikling av det vi held på med. Pluss at eg har tenkt å finne på eit triks han skal lære seg.
torsdag 22. januar 2009
Presang til matmor, innkalling og rare skapningar
I går fekk eg meg ei overrasking. Vi trente stå under marsj. Vi hadde ein liten pause (eg trengte å tenke litt). Brått sette Ekko seg i perfekt utgangsstilling. Eg tenkte eg får gå framover for å løyse det opp. Han skulle jo ikkje arbeide no. Men her var det ein som skulle vise at han kunne noko anna enn bråstopp. Ekko fulgte med i perfekt fri ved foten. Då greidde eg ikkje å la det vere, svingte, stoppa osv. Han fulgte og sette seg kvar gong eg stoppa. Har aldri sett han så skikkeleg i fri ved foten. Kjempekjekt. Fin presang til matmor :)I dag har vi vore på tur i fleire timar. På turen har eg trent innkalling. Han kom i fullt firsprang alle gongene. Kjempebra. Og vi har trent på å gå fint i band. Eg måtte telle til 10 for ikkje bli sint. Han, som til vanleg er grei i band, fekk eit eller anna i nasen og sette opp eit tempo utan like. Det blei ganske mykje styr for å roe han ned og få han til å innsjå at det er rask vanleg gange som er tema akkurat no.
Eg fekk meg òg ei overrasking når det gjeld sosialisering/habituering i dag. Mot oss på vegen kom ein mann som gjekk veldig spesielt. Det viste seg at han hadde hatt hjerneslag og sleit med venstresida av kroppen. Ekko reagerte med skikkeleg bjeffing. Han var vanskeleg å få ut til sides for dette var så nifst at han ikkje ville ta godbitar eller følge meg. Men heldigvis kom eg meg til sides og fekk begynt å jobbe. Mannen stoppa då han kom opp på sida av oss slik at vi fekk prate og hunden fekk roe seg. Det er mykje rart som kan vere nifst og farleg gett. Det heile enda i alle fall med at Ekko var roleg, mannen gjekk blid vidare og vi kunne fortsette turen (etter at Ekko hadde stått og sett etter han litt). Litt rart at han skulle reagere slik for vi møter ofte folk i ulike variantar, men men... Stadig nye ting å lære.
Abonner på:
Innlegg (Atom)