lørdag 4. april 2009

Det er VÅR!


Vi vakna til skikkeleg morgontåke i dag. Det lova ein flott dag. På veg mot Bore, måtte eg bare stoppe og ta bilete av tåka som låg over låglandet, medan Ullandhaug var i sol. Då eg kom fram til Bore, hadde eg alt fått skikkeleg vårlukt inn i bilen (møkkalukt) og sola hadde vunne over tåka. Blå, blå himmel!


I dag var det 5 hundar og 4 kvinner som skulle rundere. Silje og eg ville ha overvêrsøk først. Var litt spent for det var ikkje mykje vind. Men det betra seg. Først ut var Pia. Ho er skråsikker på overvêr. Fann alle og storkoste seg.

Ekko hadde eit godt tempo han òg, men eg stoppa eit par forsøk. Var sikker på at dei var tull. Dumme meg. Det viste seg at det var ein figurant der. Han sleit litt med å finne den eine figuranten, men jobba godt og gav ikkje opp. Vinden endra seg litt i løpet av overvêrssøket, noko som gjorde det litt meir innvikla.

Her er Dea og Sita i arbeid. Dei var flinke begge to. Dea måtte ta seg ein ekstra tur for å sjekke ut traktoren, men greidde å snu før ho var framme. Det var visst skikkeleg spennande med motordrevne saker :-)

Andre økta runderte vi. Då var Gro Anita og Sita reist så vi hadde ingen på midtlina. Det gjekk greit det òg. Ekko kom på innkalling, hadde fin framdrift og passert like ved meg. Det blei ei god økt.

Etter runderinga måtte eg bare ta litt våronn i terrassekassen. Fram med T-skjorta! Ekko slokna på terrassegolvet. Det var godt og varmt. Etterkvart så varmt at han rømte inn.

fredag 3. april 2009

Vi shaper i veg

Så var det tid for ein ny torsdag på kurs med Arne. Sist veke skulle vi shape snuten ned i eit hjørne i ei eske. Eg var ikkje komen heilt i hjørna med Ekko. Vi sleit ein del med at det var labbane han hadde fokus på, men etterkvart løsna det. Etter ei økt på kurskvelden og ei økt i kveld, har snuten ofte vore nedi hjørnet eg bestemte meg for. Men kor sikker han er på at det er det hjørnet, er heller tvilsomt. Må nok arbeide ein del til før eg begynner å shape han til det neste hjørnet. At hunden likar shaping er tydeleg. Han vil trene heile tida :).

Den andre shaping oppgåva på kurset var å få hunden til å ha begge labbane i stolen og snuten i stolryggen (heilt forgale å lære Ekko det, han har jo ikkje lov å gå i stolane...). Fram med campingstolen. Ekok tok fort at snuten skulle i stolen. Etterkvart kom ein labb. Så langt kom vi.

Etter pausen var det trening på apport. Arne er utruleg flink til å vere tydeleg på detaljane. Der eg har lett for å slurve. Marit og eg jobba saman. Og for begge handla det om dummiar. Vi har hundar som er litt heite på dei. Då fekk vi utfordringa: Korleis få hunden til å ikkje la seg stresse opp av at eg kastar dummy, men som sit roleg og ser på? Marit kasta og straks dummien trefte bakken skulle eg klikke. Etterkvart skulle eg vente med klikket for å sjå om hunden såg frå dummien og opp på meg. Då blir det klikk igjen. Dette for at han roleg skal sitje medan dummiar sprett rundt han. Ekko fiksa det greit. Det som var vanskelegare var å få han til å sitje. Han ville rygge, hoppe, dekke osv... Men vi greidde det til slutt.

Som vanleg avslutta vi med konkurranse. Reine 17.maistemningen. Skei med potet (heldigvis ikkje egg) som vi skulle frakte frå punkt A til B og tilbake. Hunden skulle gå med slakt band ved sida av (og førar halde bandet i same handa som skeia). Skikkeleg morsomt. Vi vann :-)!

Leksa i påsken er å drive med luktdiskriminering. Vi fekk ei oppgåve til, men den hugsar eg ikkje.

Bileta er ikkje frå kvelden, men forrige helg.

onsdag 1. april 2009

Blodspor, meldetrening og leik

Måndag var det første samling med bruksgruppa på området vårt. Eg hadde bestemt meg for at det var meldetrening som skulle vere i fokus. I tillegg ønska eg eit blodspor.

Jan Inge la eit lang og godt blodspor for meg. Her var det vinklar, sårleie, avhopp osv. Det fekk ligge i nesten 2 timar før vi gjekk det.

Meldetreninga - tja det har jo alltid vore eit lite sjansespel for Ekko går fort lei. No starta eg på trinn 2: Delmomentet "Vis" med lausbitt. Her sit Ekko i utgangsstilling, får bittet og skal springe til figurant på kommandoen "vis". Det går perfekt. Vi går til delmoment 3: Ta bittet hjå figurant og returner til førar for så å få påvise. Eg tok òg eit forsøk på heile runddansen. Men då var det nok syns Ekko og såg seg rundt (Scotty hadde pipeball, naboeigedommen hadde småhundar osb). Artikkelen og filmen til Canis bør nok lesast nøye ein gong til for dette skal vere på plass før eg set det inn i runderinga. Artikkelen finn du her.

Deretter tok vi ei lita økt med apport. Eg fekk låne metall apporten til Punky. Ekle greier syns Ekko, men tar den i munnen. Han plukkar den ikkje opp frå bakken, men eit par centimeter over. Hentar treapport og begynne rå tygge rett før han er i utgangsstilling. Har litt å jobbe med der ser eg.

Så var det sporet. Dette er kjekt syns Ekko. Og han er sporsikker. Går veldig bra (ein stad rotar han litt, men tar seg fort inn). Sårleie markerer han, men ikkje eg for eg er for langt bak i lina. Han lar seg ikkje distrahere av avhopp. Alle vinklar går fint. Dennen gonge hang eg bare på slep (holdt igjen) ein gong, men det betyr ikkje at han gjekk seint, bare at eg småsprang. Som Jan Inge sa: "Ekko er ein sporsikker hund, men skulle han bli brukt for å få tak i eit skada vilt, var det få jegerar som kunne følge han. Det måtte vere Bjørndalen (skiskyttaren)". Så no tenkte eg at eg skulle få tak i Bjørndalen for det er vel enklare enn å få Ekko til å gå sakte :-).

Trefte jo på Arne og sa at det var litt for høg fart i sporet. Og då får eg jo passet påskrive: "Du har ikkje gjort skikkeleg grunnarbeid". Plagsomt med slike folk som treff blink stadig vekk. Han meinte eg måtte tilbake til pølsesporet og arbeide for at hunden stoppa ved alle pølsebitane. Deretter sjeldnare pølser,men med fokus på tempoet. Han har jo heilt rett, men det er så kjedeleg med pølsespor. Men skal eg ikkje alltid måtta vente på at sporet er mange timar gamalt, så må eg til pers igjen. Pølsespor, here we come!
----

For tida er det ein spennande diskusjon i bloggen til Håkon Groven. Han tar for seg det same som vi har diskutert, nemleg leik. Skal vi forlange leik, korleis skal vi avslutte osv. Les og tenk. Ka syns du? Dette kan bli eit spennande tema framover.

søndag 29. mars 2009

Passeringar og blindslag o-la-la-la

I dag var det siste dag på runderingskurset med Tone Larsen i Norske redningshundar. Hadde gleda meg veldig til dagen for sist lærte eg svært mykje nyttig og i dag skulle eg lære meir. Vêret var skikkeleg på vår side. Sol og nokre plussgrader.

Sist gong var Ekko først ut, i dag sist. Eg var figurant heile tida unntatt siste gongen Kira var ute. Og sjølvsagt ikkje då eg gjorde hunden klar og var førar for han. Men det betyr at eg ikkje fekk med meg det som skjedde på midtlina, men eg fekk mykje med meg i skogen. No var Tone såpass at ho oppsummerte i pausen. Vi fekk òg lagt plan for runde 2. Vi bør nok ta med oss måten vi jobba på i dag. Først ei samling der vi gjekk gjennom ka vi hadde tenkt å trene på i dag, så litt oppsummering og plan for runde to i pausen. Og sidan alle her fekk god rettleiing undervegs og figurantarbeidet blei skikkeleg gjort, dreiv vi på i 7,5 time. Frå kl 1000 til 1730! Men det var det verkeleg verd.

Eg hadde jo trent på framdrift og passering med å halde han igjen forrige laurdag. No skulle han passere og få minst muleg påverknad.

Då det nærma seg min tur, tok eg ut Ekko. Han var klar som bare det. Vi leika, småsprang og kosa oss heilt til meldinga om at dei var klar, kom. No var han mjuk og oppvarma. Ekko fekk lydpåverknad på venstre side for så å bli flytta over på høgre side der det òg kom eit klapp. Så tok eg han med meg ned til bilen igjen. Hunden skjønte ingenting, men var glad eg snudde og gjekk tilbake til utgangspunktet i staden for i bilen. No blei han sendt ut på høgre side ( der det andre klappet kom frå). Flott rett ut. Eg stiller meg opp, roper på han. Og der kjem guten med fin framdrift. Passerer meg heilt perfekt. Over på neste side for å finne ny person.

Slik fortsette han i kjempefint driv. Forflytta seg framover og passerte meg som han skulle kvar gong. No kom nok all treninga med flying inn.
Tone hadde lyst til å prøve eit blindslag, men då såg vi at Ekko begynte å bli trøytt så vi kutta det ut.

Her er ein fotoserie av Ekko. Først på veg inn i skogen, så tilbake etter funn og passering via meg før han fyk ut på andre sida.
I andre økta skulle vi starte som i første, men prøve oss med eit blindslag som det 3. slaget. Ekko fann ikkje første figurant, men får ferten av figuranten på andre sida og krysser sjøl over. Altså blei det første eit ufrivillig, men godt blindslag. Då eg ropa han inn igjen, hadde figuranten der han hadde hatt blindslag, kome nærmare slik at vi var sikre på at han skulle lukkast denne gongen. Og det gjekk som smurt. Gro, som var den figuranten han fann først, blei kalla inn. No skulle han ha eit planlagt blindslag. Ekko gjorde som i første økt, kom som ei kule og over på neste side. Her fekk han arbeide litt, før eg kalla han inn. Men denne gongen kom han ikkje på første innkalling. Vi såg han fortsette med arbeidet ute i skogen. Her var det ein som ikkje hadde tenkt å gje seg. Han hadde til og med framdrift der ute. Men så var det som om innkallinga seig inn. Då han kom til midtlina oppdaga han Gro og "gjorde funn", dvs han stoppa kryssinga og sprang bort til henne. Fekk ingenting, men blei sendt ut. Det gjekk fint.
Neste gong han skulle krysse og finne Gro, starta han fint, men snudde. Inn igjen og over på andre sida. Eg prøver å kalle han inn, men null respons. Han er tydeleg på arbeid og har ikkje tid til meg. Og godt var det for ved å gjere dette får han ferten av Gro, tek sporet hennar litt, men så går han over på overvêr og finn henne langt inne i krattet.
Neste blindslag er på motsett side. No er Torunn kalla inn. Alle på midtlina har fått beskjed om å skjule Torunn slik at Ekko ikkje gjer funn. Dei gjer ein kjempejobb og dekker henne godt. I tillegg er eg på veg inn i skogen på andre sida slik at fokuset hans er på meg og blikket innover. Han gjer eit flott blindslag, kjem som ei kule tilbake og der er Gro hare på andre sida. Ho skal springe i full fart utover, men stuper så lang ho er. Dette blei for sterkt for Ekko, han sjekker henne og kjem springande inn til meg. No kjem Gro seg på beina igjen og Ekko fèr ut til henne. Då eg hentar han, skjønar eg kvifor ho låg på alle fire. Begge skosnorene hadde gått opp så skoa stod omtrent igjen i terrenget!

For framtidig arbeid har eg fått tips om klapperekke, korte og lange økter og at hunden tydeleg var van med å ha ei økt. Så no blir det to :-). Og så må eg i gang med meldetreninga igjen.
Dette har vore to kjempegode brukstreningsdagar. Ekko har arbeidd som ein helt. Kanskje det er for å gjere det godt igjen etter smellet på fredag?!
I alle fall. Full passering og 3 blindslag. Eg er imponert over han som søv på golvet akkurat no.
På slutten av dagen viste Tone og Isi elementa vi må ha med for å kunne baklengskjede ei melding.

Dei to siste bileta er Sviland sett med figurantbriller.

lørdag 28. mars 2009

Kjekt - dumt - kjekt..

Det har vore ei travel veke, men vi har då gjort noko på hundefronten òg. På torsdag var det aktiviseringskurset igjen. Arne er tydeleg og flink så det er veldig kjekt å vere elev hjå han.

Denne torsdagen skulle vi shape for harde livet. For meg blei det ei skikkeleg trening i å klikke i det rette sekundet. Vi fekk tildelt ei eske. Hunden skulle plassere snuten nede i eit hjørne. Gjett ka Ekko ville? Akkurat, ha begge frambeina oppi. Så her måtte eg klikke som ein galning straks snuten nærma seg eska. Labben kom så fort så det var litt av ei utfordring.
Vi fortsette med treninga heime og det går framover, men framlabbane er fort oppi eska. Men vi skal nok greie det, vi òg.

I den andre økta trente eg på å gå bakover og shape Ekko til å gå beint ( det var vel eg som skulle sheipast der...).
Til slutt var det konkurranse: Stafett. Her måtte hund og førar samarbeide. Herleg å avslutte kvelden med latter og show.
---
I går kveld skulle villdyret og eg lufte oss for kvelden. Rett før vi var heime, syns eg at eg såg ein liten hund i det fjerne. Vi gjekk godt til sides, men eg rekna med at det skulle gå bra for Ekko er lite interessert i små hundar. Då dei kom nærmare, såg eg at synet hadde lurt meg i mørkret. Det var FIENDEN til Ekko, ein tollerhann som han meir enn gjerne skulle ha sagt nokre ord. Eg hadde ikkje verdas beste godbitar, vi var på ein tur som sjeldan gjev utfordringar. Alt starta fint. Vi er i posisjon, Ekko får godbitar... Men ikkje godt nok for han fyk ut, eg ramlar overende og slår venstre arm kraftig. Heldigvis har eg eit godt grep rundt bandet så der ligg eg flat på marka med ein bjeffande hund i enden av bandet. Den andre hunden går roleg forbi. Det same gjer eigaren. Han tenkjer vel sitt om kvinnfolk som er for snill med hunden og manglar kontroll, der han går utan å bry seg om korleis eg har det.
Ekko oppdagar etterkvart at matmor ligg i bakken og blir full av omsorg. Eg kjem meg på beina, men er redd armen er skada, er kvalm og svimmel. Akkurat då var han billig, den tosken!

Vel heime slit eg med å få av meg kleda, men det går. Eg testar armen og alt verkar, men fy kor vondt det er!

På morgonturen i dag gjer han òg utfall. Har han stått opp på feil fot i dag? Heldigvis går det av i likaste laget så vi får oss frukost og tur til Melsheia.

... for då kan endeleg kjekke ting skje.

I Melsheia er Anne Lise, Kari M., Marit og Jan Inge. Vi blir einige om å legge lange spor som skal ligge og trene ID-spor medan dei første spora godgjer seg. Eg går det som skal bli Ekko sitt første spor med gjenstandar lagt ut undervegs. Eg la ut to gamle leiker undervegs og ei veldig kjekk på slutten. Resultatet kjem eg tilbake til.

Så var det ID-spora. Vi var einige om å samarbeide slik at vi kunne utnytte alle som figurantar.

Spor 1. Jan Inge det rette sporet. Det går rett fram. Anne Lise det falske. Som vanleg er det såvidt Ekko luktar på votten som skal hjelpe han i veg. Han legg ut i eit tempo eg ikkje har sjanse til å følge. Nasen rett i bakken. Jan Inge hadde lagt ut litt lureri ved å gå på sti ei stund og så svinge brått ut av den. Men her var det ein hund som ikkje lot seg lure. Rett på Jan Inge. Kjempebra jobba, men det hadde jo vore kjekt om førar kunne tatt følge.....

Spor 2. Nå skulle to av spora vere falske. Jan Inge gjekk av til høgre og litt lenger framme gjekk Marit av til venstre. Anne Lise låg som presangen langt der framme. Eg trur eg elskar å terge Ekko med å be han lukte i posen med lukta av Anne Lise fleire gonger. Han blir så herleg fornærma og nekter å lukte. Denne gongen ville han følge Jan Inge sitt spor, men då eg ikkje fulgte med , var han tydeleg på kor han skulle i staden. Fann Anne Lise. Tempoet var nesten til å leve med....

Spor 3. Dette sporet er det som eg la sjøl for nesten 3 timar sidan. Eg var spent for dette hadde ikkje Ekko gjort før. Eg gjekk ned mot sporet. Han fann det sjøl ganke fort og gjekk ROLEG (heilt sant) framover. Nasen i bakken. Til og med dei små svingane mine hadde han inne. Første gjenstand blei plukka opp. Så glad for å levere og få godbit. Gjekk vidare, Ved neste gjenstand stod han bare stille og venta på meg. Så bar den under greiner og mellom buskar fram til slutten. Den var gjev. Den leika bar han som seiersfane fram til bilen! Dette var omtrent perfekt syns eg. Eg skal arbeid meir med gjenstandar framover, men då må eg og tenkje over korleis eg vil han skal melde/levere dei. Eg har nok ein sporhund.

Ei god sporøkt. Gler meg til vi skal begynne med sportrening i bruksgruppa frå måndagen av.

Foto denne gongen: To figurantar på veg innover i skogen. Dea er klar til tusen og det er kanskje Kari òg?