I dag har vi rundert. Det blei litt spesielt for alle hadde gløymt walkiane. Ikkje lett å gje kvarandre beskjed når vinden tek stemmen i tillegg.
Ekko har ikkje fått den beste trimmen dei siste vekene og det viste ganske fort. Han var ivrig på første slag, kom fint inn, passerte og sprang 5-6 meter mot neste post. Men då blei det stopp. Vi fekk han inn og Marit ringte til Jan Inge som var figurant, for å få han til å lage ein lyd. Då sprang han fint ut. Kom fint inn igjen på innkallinga. var vanskeleg å få ut igjen. Det var slik han holdt på heile tida. han verka trøytt og blei ofte ståande ute i løypa og snuse. Han sprang ikkje før han var sikker på lukta.
Konklusjonen etter dagen: Kondisen må opp, eg må få han til å drikke mykje før vi dreg. Det positive: Han reagerer på innkallinga fort, han gjev ikkje opp, tek bare lengre tid.
lørdag 16. mai 2009
torsdag 14. mai 2009
Litt agility
Ekko tar hinder veldig enkelt. Dei to tunnelane var kjempekjekke å springe i. Det same var ringen. Vi prøvde på slalom for første gong på skikkeleg. Det gjekk veldig bra.
Rett og slett ein triveleg kveld der fleire av hundane fekk vere ute og ligge i ro i nærleiken av kvarandre og vente når det var pausetid. Det greidde dei fint.
Elles har det vore ei laber treningsveke. Eg er så forkjøla at eg så vidt orkar å gå tur. Men vi har hatt tur rundt Mosvatnet med gjengen. Då blei Pia så glad for å sjå Ekko at ho blei litt voldsom. Ekko reagerte perfekt. Snudde heile sida til og hovudet vekk. Eg blei litt mållaus. Ho fekk etterkvart namnet "flink bitch". Ekko blei "Beistet". Det var etter at vi møtte ei eg kjenner som sist hadde sett han som søt kvelp.... Vi grubla lenge på ka Era skulle heite, men hamna vel på "Beauty". Bitchy, Beistet og Beauty på tur!
Torhild og eg gjekk treningtur rundt vatnet ein kveld. Vi stoppa på alle opne område og trente snurring, touch osv. Ganske lærerikt å halde på fokuset deira medan det kom syklar, folk, hunar osv forbi. Ein kjekk tur.
tirsdag 5. mai 2009
Endeleg ei bok om rundering!

I lang tid har eg hørt rykte om at det var ei runderingsbok på gang, og ENDELEG kjem den. Satsar på at ho blir like god som "bibelen". Vil du forhåndsbestille? Klikk på bilete av boka. Det har eg gjort.
Og så er Arne blitt medlem av Canis sitt ekspertpanel! Kjempebra!
søndag 3. mai 2009
Altfor travelt
I helga var vi på besøk og Ekko fekk helse på ei jente på 17 månader. Ho var redd hund og spesielt store hundar. Heldigvis syntes faren at det var noko prinsessa måtte gjere noko med. Så ut på plenen med oss alle. Først leika eg med Ekko og ballen. Ekko ivrig og vill. Etterkvart syns prinsessa dette var spennande og kom seg ut på plenen. Først på far sin arm, så tett inntil han og etterkvart kunne ho gå tett forbi Ekko og seie "vovvov". Ekko var kjempeflink i leiken med henne. Låg og venta. Tok forsiktig ballen ho kasta og dytta den mot henne igjen. Og ho blei tøffare og tøffare. Hundemorhjarta mitt var veldig stolt av han som greidde å få jenta mindre redd store, svarte hundar.
Vi har ikkje trent på lang tid, men satsar på å kome i gang i veka som kjem ;). Kryssar fingrane for det.
mandag 20. april 2009
Burleiken og nye konkurranseformer...
I kveld har det vore kurs for retrieverklubben. Sporkurs. Ein fin gjeng med ivrige hundar fekk prøve spor. Ekko fekk sjå på gjennom bilruta. Eg la eit spor med gjenstandar i før kursstart. Ca 3 timar etterpå gjekk eg det. Og det er medan eg går det sporet (eller småspring) eg byrjar å lure på om det ikkje burde vere ei ny konkurransegrein innan bruks: Sprintspor. Dvs springe langt spor på kortast tid. Den som kjem fram først med hunden framleis i line og utan at førar har ramla overende, vinner. Trur Ekko og eg hadde kome langt der. Han går jo skråsikkert i sporet og har ein fart som er ein idrettsmann verdig. Trur det er enklare å få opp kondisen og farten på matmor enn å få han til å vente på sinka.....
Men sidan det ikkje er slik ei grein, så får vi nok begynne skikkeleg på grunntreninga igjen.
PS. Ekko fann sjølvsagt alle gjenstandane i sporet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)