onsdag 10. juni 2009

Lukta av rev

I kveld har vi gått tur rundt Mosvatnet med jentene til Ekko (Era og Pia). Det var mykje folk, syklistar og litt hundar. Ekko er ikkje så veldig interessert i andre hundar når han har dei andre med seg. Då er det viktigare å vite kor dei er, enn det som går forbi. Turen gjekk veldig fint. Vi prata og hundane koste seg. På slutten av turen, kom det ein liten hund mot oss. "Det er ein rev", seier Torhild. Eg finn det tryggast å kome meg eit stykke vekk. Eigaren tok "hunden" opp og bar han forbi oss. Ekko viste inga interesse og eg slappa av. Men om dyret var forbi, var lukta på veg mot hundane. Ekko stivna til. Dette var ikkje lukta av ein vanleg liten kvit hund. Pia blei like stiv. Så begynte bjeffinga. Det tok tid før eg fekk kontakt med Ekko. Då eg endeleg fekk kontakt, varte det kort. Alle tre hundane var heilt gira på lukta langs bakken. Ganske fasinerande kor sterkt dei reagerte på at denne hunden lukta annleis enn dei andre dei hadde møtt.

Elles er vi i gang med burtreningen igjen. Ekko spring frivillig inn. Liker ikkje når eg lukkar døra, men aksepterer det. Utover det har det blitt lite trening. Altfor mykje jobbing på den tobeinte. Men snart er det ferietid...

lørdag 6. juni 2009

Rundering i sol og varme

Endeleg var vi klar for rundering igjen. Vi møtte Marit og Jan Inge, Kari L., Silje og Gro L med hundar på Skjæveland. Var spent på kor mykje mauren hadde overteke av skogen, men det gjekk betre enn eg var redd for. Ikkje det, eg trur ikkje vi treng ha dette område som vårt i sommarferien. Då har nok mauren innvadert heile skogsbotnen.

Eg var spent på runderinga til Ekko. Det er sjeldan han får trent for tida, formen er ikkje den beste og det var varmt i dag. Men, men. Igang med oss. Starta med klapprekke, dvs at han denne gongen fekk klapp frå post nr 2 og nr 1 før eg gjekk vekk litt for så å sende han ut på nr 1. Han starta fint, men skulle brått snuse rundt. Så vakna han og for rett på figurant. Kom flott tilbake og kryssa over til figurant to, men stopper brått opp. Ser på meg og ut i lufta. Dette har eg sett før og blir litt irritert. Men han får stå der og så spring han omsider. Kjem fint tilbake og har godt driv over på andre sida, slik fortset han dei 5 neste slaga. Då stopper eg for han er varm og eg vil ha stopp medan han har fin flyt og ikkje begynner som på andre slaget.


Etter ein god pause i solvarmen, var det meldetrening. Starta med siste punktet: "Vis". Det gjekk flott. Jan Inge var ein god figurant som fekk Ekko i leik. Deretter gjekk eg over til å dele opp elementet der han skal kome frå figurant, inn og ut igjen. Her har han rota ein del. No sette eg han eit par meter frå meg, kalla han inn, fekk han i utgangsstilling for så å sende han ut til figurant for premiering. Alt med lausbitt i munnen. Det gjekk strålande. Prøvde eit par til med lenger avstand og den siste heilt ved figuranten. Då kalla eg òg inn. Det må eg ikkje gjere. Så neste runde er å få han til å forstå at han skal inn til meg utan lyd.

Pia hadde òg meldetrening. Ho starta med å trene på hold fast. Som de ser - ikkje noko problem.
Maja skulle trene på sporoppsøk. Det var spennande. Ho fann spora mine kvar gong.



Før vi gjekk heim, fekk hundane bade. Det var deilig syns Ekko. Resten av dagen har vi småsove på terrassen begge to. Avslappande og godt etter hardt arbeid :-).

onsdag 27. mai 2009

Pia er rar

I dag var eg på tur rundt Mosvatnet med Pia og matmødrene våre sjølsagt (dei vil alltid vere med, trur dei liker å gå i band).

Og eg må seie at eg stadig vekk lurer på ho der Pia. Kjenner eg blir veldig fasinert av henne. Då matmor sa vi måtte skunde oss for Pia venta, sprang eg nesten, sånn gleda eg meg. Men så kan ein jo lure på ka det er eg gler meg til, for det første Pia gjer, er å kjefte på meg. Men eg trur ho gjer det i kjærleik, trur ikkje du det?

Når vi går tur, vil ho lukte der eg luktar og tisse der eg tisser. Ja, eg gjer det same med henne, altså. Det er veldig kjekt.

Men så kjem det raraste: På vegen rundt vatnet, er det ei bru over Madlavegen. Eg skjønte ingenting der eg gjekk og sikta meg inn på eit par ender eg kunne tenkt meg å erte litt. Men brått stod alle stille. Pia hadde sett seg ned og nekta å gå vidare. Ka var vitsen, tenkte eg. Det er jo langt til bilen. Men veit du ka ho skulle? Jo, gå over den brua. Heilt idiotisk for vi måtte gå tilbake òg. Og skikkeleg for å bekrefte at ho rar så går ho med breie bein og kikker ned gjennom hola i brua. Ho ser jo nesten redd ut. Anten så gjer ho det for då får ho ekstra mange godbitar, eller så er det fordi det er for lite spenning i kvardagen hennar eller så er ho rett og slett litt sprø.... Veit ikkje ka eg skal tru, eg.

Resten av turen var ho ganske normal. Måtte bare bjeffe på ein dum hund og jage opp ein fugl.

Men for det om du er rar, Pia, så liker eg deg veldig godt!

Smask frå Ekko

mandag 25. mai 2009

Burtrening

Tida går så altfor fort. Vi har vore i Bergen på ferie og Ekko ville som alltid ikkje heim. Toppen av lukke er visst å vere der. Han nektar faktisk å gå ut når eg pakkar i bilen. Eg kan visst bare dra min veg...

Men vi kom oss i alle fall heim og i dag var det trening på området. Sist trente eg på at han skulle ligge på teppet, i dag hadde eg med tøyburet. Han sprang villig inn i buret og låg på plassen sin medan eg lokka med "kom", "Ekko" leiker osv. Diverre drog eg strikken for langt, eg stengde døra. Etter det var det å starte på botn igjen. Han ville ikkje inn i buret. Fekk han til slutt inn og då slutta eg av.
Mesteparten av tida trente eg på buret med litt "på plass", tunnel, fri ved foten som uteoppgåvene. På slutten fekk han springe fritt saman med Faya på nederste del av området.

Ekko jobba godt i dag. Eg skulle bare ha stoppa i tide. Men på an igjen.

mandag 18. mai 2009

Ligg på teppet, musematte, target, spor med graspause

Treninga på området i dag blei ei fin økt med litt forskjellig. Eg starta med å legge to pølsespor. Det eine med enkeltbitar ganske jamnt. Det andre med godbitdepot. Desse fekk ligge 1 1/2 time.

I mellomtida hadde eg Ekko ute heile tida. Sidan det er så negativt å gå i buret, tok eg eit handkle og la ut. Dette fekk eg han til å gå og legge seg på. Til å vere første gongen fungerte det ganske bra. Kjørte ein del på fri-signal og leik.

I tillegg trente vi på musematta. Han fekk etterkvart ganske bra fart mot matta, me blei fort opphengt i å spise gras. Ei lita økt med target blei det òg. Får han ikkje til å snurre rundt, men han følgjer targeten fint. Problemet er at han flytter heile kroppen i staden for å vri seg når han skal følge targeten. Må finne på noko lurt der.

Til slutt gjekk vi spora. Det første fulgte han fint alle luresvingane mine, men han gadd lite å spise pølsene. Tempoet var fint. På det andre holdt han òg fint tempo og stoppa ved godbitdepota. Opplevde dei meir positive enn pølsebit i sporet. Rett før slutten av spor to, måtte han igjen ete gras. Stoppa lenge og åt. Eg bestemte meg for å stå nøytralt å sjå på. Var nysgjerrig på om han hugse jobben sin etter avbrotet. Og jammen fortsette han som ingenting då han var ferdig å ete. Rar hund. Godt jobba i sporet. Vil ha slik eit tempo framover....