søndag 24. januar 2010

BBC film om hunden

Via bloggen til Eva Bodfäldt hamna eg på eit BBC program om hundens hemmelege liv. Syns det vesle eg har sett, var spennande så eg sprer det vidare til andre interesserte:

Programmet gjekk visst på BBC nå i januar.

lørdag 23. januar 2010

Fart i Sælandsskogen

I dag skulle vi til eit område som var ukjent for både Ekko og meg.

Han starta dagen med at det ikkje hadde hast med å stå opp. Då vi skulle gå til bilen, nekta ha å kome. Men vi kom oss avgarde.
Planen var eit meldingsslag og eit blindslag.

Ekko var nest siste hund ut så eg fekk prøvd både å vere på midtlina og vere figurant.  Hundane er etterkvart blitt ganske så flinke så det er kjekt å trene dei. I dag sleit dei ein del med djup og tung snø, men dei gav seg ikkje. Og det gjorde vi tobeinte med. Det var nokre varme kinn etter kampen med snø og tett skog.

Ekko var kjempeklar då det blei oss. Første slag skulle ver eit meldingsslag. Han sprang fint ut, henta bittet, kom fint tilbake MEN sprang forbi meg. Flying var kobla inn. Blei stoppa og kom seg inn. Heile tida med bittet i munnen. Slapp bittet då "vis"-kommandoen kom. Denne gongen minna Gro meg på at det var smart å ha framdrift på turen tilbake frå figurant då eg var ute og henta han.

Eg hadde ombestemt meg i forhold til blindslag då skogen var ny.
Neste slag gjekk veldig fint. Og slik fortsette han. Kjempefin fart. Eg ropte på han då han var på veg inn for å trene på framdriften. Og det funka veldig bra.

Han hadde så god fart i dag og snøen gjorde vel òg sitt til at han ikkje sprang rett ut frå meg. Han kom på skrått inn til meg (som rett er), og fortsatte på skrått over på den andre sida. Greidde å rette seg opp lenger inne. Men det førte til at han av og til fekk bakoversøk. For å rette på det prøvde eg å springe litt med han innover. Då gjekk det beint den eine gongen, men den andre gongen gjekk det så fort at han for over ein kvisthaug før eg hadde retta han opp. Då blei han ganske forvirra sjøl og stoppa litt.

På 3.siste slaget kom han inn til midtlina før vi var klar. Han hadde sprunge frå figuranten straks han trudde ho var passiv, mens ho bare skulle ordne litt. . Då måtte han vente på midtlina medan vi fekk Anne Lise på plass. For å vite kor ho var, måtte det klapping til. Og gjett om det tente den firbeinte. Han hadde ikkje tenkt å vente eit sekund lenger. Spant omtrent så han blei sendt ut.

Iveren var stor heile tida så freistinga var stor til å halde på lenge, men sjefen for midtlina, Gro, og eg blei einig at siste slag skulle vere på May Karin. Han kjem flott inn, spring fint ut, ser bare på May Karin og tar avgarde tilstørre freistingar (rådyrspor og lukter). Han var vanskeleg å få ut frå denne jakta, men vi fekk han no inn. Ut på ny og det same gjentok seg. "Han skal lukkast på det siste," sa Gro og fekk meg til ikkje å seie: "No er det nok". Inn til midtlina igjen. No kunne han skimte at May Karin kom springande inni skogen for å forsvinne. I tillegg kom det ein lyd. DÅ vakna runderingshunden. Rett på funn.

Generelt er eg veldig nøgd med utviklinga til Ekko i det siste. Det eg denne våren må utvikle er blindslag og meldetrening.
----

Arne meinte det mangla repetisjonskloke hundar sist torsdag. Hm. Kan ikkje skjøne det: Vi lærer dei jo å repetere same feil om igjen og om igjen :-)
Neste veke skal vi shape. Det blir kjekt. Må tenkje ut ka eg har lyst til å shape fram.

torsdag 21. januar 2010

Fantastiske, flotte meg

Takkar alle for gratulasjonane. Eg blei nesten litt blyg, men bare nesten... Matmor forstod at ein måtte starte natta slik ein ville morgonen skulle vere, så eg fekk lurt meg opp i senga. Eg ville jo vakne i senga hennar. Den madrassen er 100 gonger betre enn min.
Morgonruten var ganske sløv, frukosten var , som alltid, god. Så forsvann ho...


Så kom ho att. No blei det meir fres over dagen. Eg fekk hundepate med 5 lys. Koffor det skulle vere lys på, er ei gåte for meg. Eg prøvde å la vere å sjå på heile greia. Men pateen var veldig god!


Etter festmåltidet var det til trening. Nå tar den tobeinte over:

I dag ville Arne at vi skulle trene på fot på høgre side.

Men først fot på venstre med vendingar. Vi trengte ikkje militante vendingar, men trene på å halde kontakten lenger enn vi hadde gjort før. Ekko gjekk fint (bare gamla heldt farten oppe). No må eg trene på at eg ser rett fram, at godbitane kan henge i handa rett ved sida av snuten UTAN å t han bli opphengt i det.

Eg starta øvinga fot på høgre side ved å gå bakover og vende meg slik at eg fekk meg på høgre side. Det gjekk greit. Men at han skal fortsette å gå sånn rart etter ein sving... Det var ganske vanskeleg.

Frivillig stå medan matmor går bakover. Strevde litt med å få til å bli ståande. Han ville stadig setje seg. Men etterkvart gjekk det betre.

Frivillig sitt medan matmor går bakover. No ville han bare stå same kor mykje eg trente på sitt før eg begynte å gå. Arne såg på og til slutt sa han: "Dette er ikkje 80% regelen i alle fall. Men kanskje meir Fanny???" . Det skal han ha, han held ut.... Heldigvis dukkar Arne opp innimellom og reddar oss.
Tilbake til start sa Arne sjef. Og som alltid. Dei enkle løysningane er dei beste. Vi trente nokre sitt, eg begynte å gå medan Ekko åt ein godbit.Han sette seg på ny, blei premiert. Eg fortsatte å gå og  han setje seg.

Etter treninga gjekk 4 av oss tur. Dei to som sov i timen då kompasset blei delt ut, er brått borte for Silje og meg. Vi roper på dei og får det glupe svaret: " Ka gjer dokker der?"  Vi svarer "Vi går den vegen vi har gått før". Dei to som burde hatt GPS for å gå ut med søpla, trur vi er på villspor og fortset vidare framover. Toppen på optimisme??? Silje og eg kjem tilbake til bilane og finn fort ut at vi ikkje kan reise frå galningane. Vi trener hund ei stund til, pratar og ventar. Omsider kom dei. Ikkje fullt så skråsikre, men dei hadde jo telefonnummeret til redningstenesta..... Eg tipsa om at Clas Ohlson hadde salg på GPS for bil. Kunne jo vere kjekt å ha...

Då vi kom heim var det videokonferanse med Bergen. Ekko blei heilt forvirra. Lyden av bestevenene kom frå skrivebordet, men han fann dei ikkje. Han sprang ut på gangen. Ingen der. Til slutt blei matmor overfalt. Trur han trudde eg var alle tre røystene. Dette var over valnøtthjernen hans...

ELEGANTE EKKO ER 5 ÅR!

Store, vesle hunden min er 5 år i dag ( eller 38 som det står ein stad). Her er glimt frå året som har gått for den glade, ivrige og snille brukshunden Ekko.
Beste attest dette året: "Han er like snill som han er stor" (Hundens vertshus)


vakker


uthaldande


Stolt


glad



ivrig



aktiv



hagearbeidar ( og Ekko kom og så fekk vi opp rota)



retriever



lærenem



barneven (lærar lita jente å bli trygg)



Vente på tur



ligge stille (denne var vanskeleg)



snill hotellgjest



turkamerat



bodyguard



badevakt



akrobat



lydig



dugnadsarbeidar



Søkande (kor blei vass-skåla av?)


Trøtt og avslappa

TAKK FOR DEI 5 FØRSTE EKKO - DU HAR LÆRT MATMOR MYKJE! Og så snill som du er tolmodige venen min!

onsdag 20. januar 2010

Skal eg vise deg ka eg kan?

Ekko og eg trente. Så gjekk eg lei, men det gjorde ikkje han. Han grein framfor klikkaren. Ja, ja, matmor gav seg.

Han begynte: Stå, sitt, bukk og dekk. Eg premierte dekk, men hadde ingen plan anna enn at eg ville sjå ka han ville finne på. Sette meg på golvet. Og der kom det jammen noko å premiere: snuten gøymt mellom labbane! Dette var gøy! Etter mange slike viste han meg noko anna han kunne, nemleg å ligge med hovudet mellom framlabbane. Eg klikka og han tilbaud.
Kjempekjekt. Dette må eg finpusse på, men eg visste ikkje at han hadde slike planar for 5 årsdagen sin :-)


Litt alvor: Les Maria Hagström sin blogg om kva det er grunnleggande viktig at hunden kan.