lørdag 7. januar 2012

Rundering? Var det ikkje skogstur vi var på?

Første laurdagstrening i det nye året. 7 hundar skulle få prøve seg. Punky, Scott, Nicole, Vichy, Ekko, Maja og Kira.
Ved at vi var mange, fekk vi tid til å varme opp hundane. Ekko fekk springe og kose seg før det var vår tur. Eg burde kanskje tatt eit par signal på arbeidslysta då eg ikkje fekk respons på fløyting under oppvarminga. Det plar vere fart over innkomsten då. Men ikkje i dag.

Figurantar i dag var Jan Inge og Marina. Eg hadde tenkt litt for lite på koss vi skulle starte så då midtlinesjefen, Gro, spør om vi skal ha rett i leik eller full melding, svarar eg melding.

Ekko rotar på vegen ut. Snusar og er framleis på skogstur. Han er døv på begge øyrene. Men omsider kjem han avgarde. Kjem fint inn med meldinga og ut igjen. Leiker bra!

Neste slag like sløv start. Spring villmann i skogen. Figurantane blir synlege og nærmare. Det hjelper litt. Går etterkvart over direkte i leik for å sjå om det hjelper. Men ikkje særleg. Luktene i bakken er sterkare enn figurantane.
Eg kjenner eg blir sur på han.Denne Ekkoen har ikkje eg sett på eit år minst. Kor var den ivrige hunden som hentar lausbittet og gjer det han skal? Ja, ja. nokre skritt tilbake før vi er i gang igjen.

I ettermiddag har han vore uroleg og masete, men har no slokna. Rare hunden.

Eg får bruke helga til å tenkje ut ka som skal ha fokus neste veke.

onsdag 4. januar 2012

Nytt år

Ekko og eg har levd eit avslappande liv i jula. Kiloa har lagt seg rundt magen på begge :). No er vi klar for eit nytt år med nye sjansar.

Ekko er veldig klar. Han vil bli kvitt nyåret så fort han bare kan. Eg trudde han var blitt betre i forhold til rakettar sidan det gjekk så fint 2010/11, men det var nok det at huset var fullt av folk og det var ekstra lite fyrverkeri det året. Denne gongen tok nabolaget på Sandsli igjen. Det var utsal på ICA, Plantasjen og Biltema og her støttar folk nærbutikkane.... Det small frå 30/12. Heldigvis var eg akkurat ferdig med god skogstur då første smellet kom 30/12. Men på kvelden nekta den firbeinte å gå langt frå huset.  31/12 gjekk greit til ca kl 14. Etter det var det aldri trygt å gå lenger enn til hagen og frå kl 18 ikkje ut i det heile meinte Ekko. Han var uroleg heile kvelden, men greidde seg ved å ligge under bordet medan vi spelte brettspel kl 24. Han drakk mykje og det endte jo som det måtte. Bøy i knea og tissing på stovegolvet. At eg sette ei bøtte under, reagerte han ikkje på. Såg heilt fjern ut.

1.dag nekta han å gå langt frå huset. Det lukta svovel og brått kom smella. Morgon og midt på dagen går greit, men kveld er nifst. Til og med etter at vi kom heim til Stavanger. Men i går kveld gjekk vi tur rundt Mosvatnet med veninnene hans (Pia og Era). Då var alt ok. Så får eg håpe ingen sender avgarde eit smell i kveld.


mandag 19. desember 2011

Bittelitt oppdatering

Tida går så fort, så fort. Men for tre(?) veker sidan, trente vi rundering i Sælandsskogen. Det var til tider kraftig vind, men vi slapp unna det regnet. Trua oss i blant, men venta til vi kom heim med å opne slusene.

Ekko fortsatte med det stilen han har hatt i det siste. God jobbing. Flink til å hente lausbittet og veldig glad i å leike hjå figurant. Eg må få reparert fastbittet slik at han får begynt treninga med det. No starta eg rett på melding og han fekk eit par utan heilt på slutten. Han ser like glad ut same ka.
Vi prøvde oss med ny midtline. Ikkje på Ekko så eg fekk ikkje testa koss han ville reagert på det. Men det får vi prøve i 2012.

Det kjekkaste denne gongen var jo at Kari L var der med vesle Nicole. Søte dattera til Punky.. Filmsnuttet er hennar første forsøk på rundering. Dette kan bli ein god runderingshund. Veldig kjekt å møte Nicole. Ho verka så trygg og glad. Kari kjem til å få mykje glede av henne. På filmsnutten ser vi tydeleg kor viktig det er å finne rett leike. Nicole ville leike med den eine, men ikkje med den andre. Der ville ho bare ha godbit. Ho overser leika.

Ellers går livet sin rolege gang her. Eg er stadig spent på hoftene til Ekko, men det ser ut til at han tar store temperaturendringar fint. Han er ein roleg og god hund å ha i huset. Eg har pussa opp og han har halde seg unna kvar gong eg malte, frivillig. Men i iver på veg ut (eg pussa opp mellom anna på gangen) kom halen borti kvitmaling så eg hadde ein svart hund med kvit hale ei stund. Han var veldig fllink til å hjelpe til då eg skulle rive opp golv og var overkontrollør då eg skulle legge nytt golv.



tirsdag 8. november 2011

Eit raudt ljos i mørkret.

Kristin lokka Gro Anita og meg ut i måndagståka. Mørkerundering på Sviland.

Då eg kom dit opp, var det blitt fin veg, men trea låg stabla langs vegen. På parkeringsplassen arbeidde ein skogespisemaskin, lenger inne såg eg ljosa av den neste. Her åt dei skog for harde livet. Koffor det, mon tru? Skal heile skogen vekk? Yndlingsskogen vår. Blir vel stengt etterpå for nyplanting.

Dette fekk bli gode forstyrringar for hundane. Vi inn i skogen. Diverre hadde vi ikkje walkiar til alle. Noko vi hadde trengt i dag, då det var skikkeleg mørkt inni skogen. Vi brukte lyktene til å markere kor vi var, men så forsvann ein figurant bak tett skog, ein knaus mm.og vi var litt hjelpeslause. Men det var ikkje hundane. Sita og Ekko hadde raudt ljos på seg. Fascinerande å sitje som figurant og sjå at dei var på veg innover skogen. Og fascinerande å stå på midtlina og sjå hunden sin jobbe langt der ute.

Ekko skulle kun rett i leik i dag. Eg såg ikkje for meg jakta etter det forsvunne lausbittet som det store denne kvelden. Han sprang og hadde ingen problem med å finne figurantar. Eg ropte eit par gonger då eg såg han var på veg inn for å gje han eit signal på kor eg var. Gjekk kjempefint.

Rundering i mørkret gjentar eg gjerne.

søndag 6. november 2011

Vi er her enno. Og vi trener

Det blir litt lite blogging, men sånn er det når matmor jobbar for mykje, reiser for mykje og Ekko byrjar bli ein moden mann.

Men i går var det bare å pakke snippsekken og dra til Sælandsskogen. Der venta Silja, Kira og Scott med matmødre. Alle like klar til å trene.

Det var litt vind i dag, men som alltid på Jæren, kjem den frå dei fleste kantar. På midtlina frå ei retning og i skogen frå motsett. Ja, ja. Hundane fiksar slik på sitt vis dei.

Ekko var 4.hund ut. Han var kjempeivrig på veg mot startpunktet. Visste godt ka som skulle skje og dette er kjekt! Det er forresten ein egen fryd å trene rundering når ein ser på hundane. Så ivrige, så glade. Dei elskar det.

Gry og Marina var figurantar. Dei sit klar uti skogen med leiker (Ekko er blitt heilt gira på å leike), godbitar og lausbitt. Første slag er direkte i leik. Full fart rett ut. Figurant blir passiv når ho får beskjed og Ekko kjem i fullt firsprang. Får eit lite rop frå meg når han nærmar seg slik at kryssinga foregår like ved meg. Flott kryssing. Og rett i leik hjå neste figurant..
Så er det direkte over til neste figurant. No skal han hente lausbittet. Inn  kjem han i full fart og har så vidt tid til å vente på at eg skal seie vis. Men han ventar. Skikkeleg ivrig. Eg er imponert over kor kjapt han tar overgangen frå rett i leik til full melding.
Han får to slag til med full melding. Farten og iveren er stor. Har eit tenkjeslag. Dvs han stoppar opp etter å ha sprunge nokre meter for så å sette opp farten igjen.  Så tar vi to slag med rett i leik og sluttar 1.økt med ein hund som ikkje verkar trøytt (hm. har han begynt å kome i form?).

2.økt blir med kortare avstand og utan leik. Rett i matfatet i staden. Men korte økter hjå figurant. Her er det bare vedlikehald av kondisjon som skal trenast. Flotte slag denne gongen òg.

Eg er veldig nøgd med treninga denne laurdagen. Fryden frå flyingen har gått over på meldetreninga og det var akkurat det eg hadde håpa på då eg starta med å blande desse to. No gjeld det å auke meldeøktene. Og lure inn eit blindslag i ny og ne.

Då vi kom heim oppdaga eg ein hund som halta. Kjente på foten, men den verka ok. Reknar med at han bare har trødd forkjært i iveren. Etter litt omsorg og pleie, var han klar for å sove seg frisk.