lørdag 25. februar 2012

På sporet av Gro

I dag var det sporlaurdag på Dale. Var spent på om det var stengt der etter drapet, men ingen politi å sjå. Bare blomar og lys til minne om den døde. Vondt å tenkje på.

Oppdraget mitt i dag var å legge ut spor for Gro. Det skulle vere langt. Og du går langs marka der borte og kjem tilbake langs skogen. Eller noko slikt. Sa Gro. Eg avgarde med GPS, 4gjenstandar og ein sluttpakke. Sidan Gro måtte bruke mobilen min som GPS hadde eg ingen å kontakte om eg skulle rote meg bort. Det blei ein del vitsing om at eg kunne vinke på toppen av fjellet. Jan Inge skulle melde meg sakna om eg ikkje kom tilbake til kl 13 (no var ho 0950...)

Avgarde med meg. Fekk markert starten, starta GPSen og såg jordet og vandra langs den. Men så var det så sorpete at eg måtte ta nokre svingar inni skogen og ut igjen. Men tenkte at sporhunden Maja fiksar det meste. Eg kom til ein skog og tenkte det kunne vere greit å gå inni den. Og gjekk i veg. Då kom eg på at det kanskje var på tide å sjekke kor langt eg hadde gått. Kor langt er eit langt spor, eigentleg? Fann fort ut at det var på tide å snu nasen i retning parkeringsplassen. Men så var det jo det at eg ikkje skulle gå for nære sporet eg hadde gått. Markerte kor eg svingte og sette nasen litt meir oppover. Der viste det seg å vere ei steinrøys, men greidde å halde meg langs kanten av den, sånn cirka.. Etter 1,24km fann eg ut at Maja fortente sluttpakken sin og markerte slutten.
Gjett om eg var spent?

Tilbake på parkeringsplassen var det litt leik og meldetrening på Ekko. Etter to timar var det på tide å starte. Gro hadde tulla litt med mobilen så den viste heile vegen tilbake til parkeringsplassen. Altså ser ein ikkje kor ho la slutten. Ho viste meg starten og så var det bare å gå. Ekko var superklar og sette nasen i bakken og verka sikker på vegen. Eg måtte bare følge etter. Undervegs blei eg usikker på om det stemte, men der låg første gjenstand. Ekko dunka i den og eg skrytte og gav godbit. Men det var bare eit heft i følge han. Vi gjekk spor. Kunne ikkje stå her og dille. Vidare! i blant kjem nasen litt opp. så nedi igjen. Ser at han sirklar litt og skiftar kurs. Eg må bare følge for eg veit jo ingenting. Over "kanalen" (det hugsa eg at Gro sa vi skulle). Neste gjenstand. Litt uinteressert i den. Innover i skogen. Nasen vel høgt så eg tenkjer at no er han heilt på jorde. Men det var det ny gjenstand. Denne var han interessert i. Mjuk leike. Eg hengte meg fast i eit eller anna undervegs. Det er litt travelt å følge Ekko når han er skråsikker. Då har han det travelt. Eg må jo sjå meg for, gamle dama. Så gjer han ein usving (sjå mot slutten). Då er eg skråsikker på at no er det eit rådyrspor vi er på. Prøver faktisk å stoppe han. Då står han bare og ventar til eg kjem nær og så går han vidare. Og der hang jammen sluttsløyfa. Så kjekt det var å gå utan å ane kor eg skulle! Og det verka som om det gira Ekko ekstra at det ikkje var mine lukter han skulle gå etter. Sporet var 0,78 km
Eg e så trøtte og så varme solå så godt

Då eg skulle ta av han sporselen og hekte på han det vanlege bandet, oppdagar eg at det er borte. Ekko er alt avgarde på vidare sporing av Gro så han må fløytast inn. Det er så vidt han har tid til slikt. Han har det travelt, må vite.

Tilbake til bilen med hunden i langline. Fekk lagt frå meg gjenstandane. Og til Ekko si store glede: vi må gå sporet ein gong til. Eg lot han springe laus med langlina hengande etter seg. Og gjett om han tok oppgåva på alvor i runde to og. Halvveges i sporet, fann vi båndet. Det hadde hengt seg fast i nokre greiner.

Takk til Gro! Dette var kjekt.

Koss det gjekk med Gro? Eg venta og venta. Omsider kom det ein trøytt hund og eigar. Dei hadde funne alle gjenstandane. Godt jobba!

Vel heime sa Ekko takk for seg. Resten av dagen har han sove. Trur varmen frå sola (gjennom stoveglaset) var ekstra deilig.

lørdag 18. februar 2012

Våt og god trening

 Det regna lett, men vegane var bare så avgarde til Sælandsskogen med oss. Gro og May Karin skulle vere der. På parkeringsplassen var det klinkis så broddane måtte fram slik at eg kunne gå støtt.

Det var stort å sjå May Karin og Molly igjen. Dei ville trene overvêr. Gro og eg ville rundere.

Først ut var Ekko. Eg hadde bestemt meg for at figurantane ikkje skulle ligge langt ute og at vi skulle starte med full melding. Ekko var råklar. Han stod og trippa medan figurantane gjekk ut. 1. slag på May Karin. Flott fart, inn med meldinga og full fart ut igjen. Stort å få leike med May Karin. Eg henta han. Så bar det over på andre sida. Like fin fart og melding. Og like ivrig i leiken. Tredje slag like bra. På fjerde stoppa han 4 meter frå meg og sette nasen i bakken. Etter det sirkla han rundt der. Med nasen i bakken. Ikkje lett å få kontakt med, men eg fekk han inn og Gro kom med eit hyl og då var koblinga gjort. Rundering!. Full melding. Han var litt sliten så Gro tipsa om at eg kanskje skulle kjøre rett i belønning på neste. Klok dame. Det var ein fryd å sjå dei neste 4 slaga. Full fart. Fin kryssing og kroppen strålte av lukke. Dette er visst livet.

Til neste gong trur eg at eg fortset med same programmet.

Bileta i dag er frå terrassen. Og er tatt i dag! Det er nokre vårteikn på lur... Eg gler meg!

søndag 5. februar 2012

Vinterleg trening

Matmora har vore på jobb- og feriereiser i det uendelege, syns Ekko. Tenk ho var til og med borte på 7 årsdagen... I følge eit skjema eg ein gong såg, tyder det at han er 50 år!

Eg henta han torsdag og første tur i Skjævelandsskogen fortalte at her var det mange gode lukter. Nasen i bakken og full fart. Begynte å ane meg at runderinga kunne gå skeis på laurdagen.
Men fredagsmorgon vakna vi til snø.


På runderinga denne laurdagen var det Maja, Silja, Nicole og Ekko som skulle trenast. Alle kom vel fram i snøen og hundane var tydeleg snøelskarar.

Med tanke på kor mykje av sporhunden som vakna sist rundering og på torsdag, så hadde eg bestemt meg for å kjøre kun flying og ingen melding. Målet var trøytt hund som sov resten av dagen slik at matmor kunne pleie forkjølelsen sin.

På lufteturen såg vi mange harespor...

Sengå mi! Eg e så trøtte!
Som hund nr 4 var det Ekko sin tur. Han var klar til å leike og leve livet. Blei først sendt ut til Kari. Måtte ha lyd, men då rett på og rett i leik. Flott over til Gro. Men ikkje så direkte over til Kari igjen. Stoppar og snusar. Et snø. Ny lyd. Fin fart. Slik fortset det. Full fart til Gro og seint til Kari. Hm. Er det så tydeleg at han har høg nase og får fert? Gro låg perfekt i forhold til vind, det gjorde ikkje Kari.
Vi fekk eit uplanlagt blindspor, men det tok han med glans.

Notat til meg sjølv:
Hugs vatn! På fleire hundar var det tydeleg. Mange snøstopp.
Ha figurant på den sida som går treigast, nærmare.
Få opp kondisen. Igjen...
Fortsett med leik. Han elskar det. Og prøv blindslag. Ekko er flink på passeringar. Til latter for Gry retta han seg opp på veg ut då eg ropte det etter han....

--
Og målet for dagen? Ekko sov godt i senga si det meste av dagen. Forkjøla er eg framleis...


lørdag 14. januar 2012

Sporhunden

Sporet eg la ut 780m, stigning ca 100m

I dag var det rundering på Dale. Eg ville heller gå spor. La GPSen igjen på kjøkkenbenken, men kom jo på at eg hadde eit program på iPhonen som kunne hjelpe. Og det gjorde det, men eg har ikkje heilt funne ut koss eg skal overføre det til bloggen, så eg tok bilete av skjermen i staden. Eg starta ned ved sjøen og fekk fort ei bratt oppstigning. Det var 4 gjenstandar i sporet + sluttpremie. Sporstart var bare markert med at eg hadde sparka litt ekstra akkurat der.

Ekko var superklar då eg tok på han selen. Han nesten drog meg bortover stien. Sporstarten tok han med glans. Der stoppa vi opp og eg tok på han langline. Så sette vi i gang. 
Iveren var kanskje litt i høgaste laget. Farten var ok, men han verka som om det var litt hopp og sprett med å vere på og av sporet. Nasen høg og nasen i bakken. Han satsa litt på oververet? Men det gjekk fort over. Terrenget her var vått. Opp lia var nasen nedi. Første gjenstand (refleksbrikke), snuste han bare på og gjekk vidare. Tok min sving ut av stien med glans. Gjenstand nr 2 (kong) blei markert med å stoppe opp og sjå på den og på meg. Veldig bra.

Vidare innover. No skulle vi opp til ei hytte. På flata før det kom det tydlegvis ein trekk for han drog mot høgre. Då gjekk det opp for meg at sporet litt lenger framme ikkje var så langt unna (sjå kartet). Fekk justert litt. Då bar det fint avgarde opp til hytta og ned på sida. Venta fint då eg bad om å få hoppe ned ein skråning før han (det var i brattaste laget å henge bakpå).
Gjenstand 3 overraska meg at han fann for då trudde eg vi var utanfor sporet, men det var vi altså ikkje.  Neste utfordring var at eg hadde gått ein stad der eg måtte snu og gå tilbake pga at det var for glatt å gå ned. Her jobba Ekko veldig. Han sleit med å finne vegen vidare. Trengte hint om at han måtte snu, men då  var han kjapt på sporet igjen. Men så datt han litt av. Nasen var høg, han verka litt trøytt, men ivrig straks han fekk fert igjen. Og ferten var tydlegvis gjenstand 4 (stor kong). Han leita rundt  og var på veg vidare, trudde eg, så eg tok opp gjenstanden. Men nei, her var det ein som snuste og snuste for å finne noko som tydlegvis skulle vere der. Til slutt begynte han å grave akkurat der eg hadde hatt kongen. Eg måtte legg den ned igjen så han kunne ta den opp. Då var han nøgd og kunne gå vidare.
Sporet Ekko gjekk 850m
Vi kryssa stien og kom til høgt, gamalt gras, mose, vått underlag og ein del stein. Der gjekk han som ei klokke. Veldig bra. Rett før mål satsa han på oververet igjen og sikta litt for langt slik at vi kom inn på der eg hadde gått etter sporet. Heldigvis oppdaga eg det fort og han fekk korrigert kursen.

Eg veit jo at han likar å gå spor, men er imponert over kor godt det gjekk etter så lang pause. 800m og til tider eit veldig blautt terreng. Vi må jobbe med tendensen til å ta snarvegar (sette nasen i lufta og lukte seg til svaret). Sporet tok 25 minutt å gå.

Vi har trent lite på ka han skal gjere når han finn gjenstandar. Eg har mest tatt det etter innfallsmetoden. Sjå ka han vil gjere. Og det han vil er å stoppe og sjå på meg. Flott!

mandag 9. januar 2012

Fullmåne og stjerneklart.. vi måtte bare trene

No overgår vi oss sjølve. Trening laurdag og trening i dag.

I kveld var vi fire ekvipasjar som syntes at fullmåne og stjerner er noko å feire og drog til Sviland for å trene.

Ekko og Sita sprang og varma opp medan Gro Anita og eg prata. Så kom Gry og Kristin og vi var klar.

Kontakt ein mørk kveld. (med svart hund). Ekko var så klar til å trene at han gjorde alt eg bad om. Tren, tren... Så kontaktreninga gjekk veldig bra. Innkomst på kommando og.

Så var det meldetrening med kyllingstykke som premie. Det gjorde susen. Kjapt ut til Gry for melding, inn til meg for å melde. Då har han det så travelt at han set seg framfor meg, men sit i ro med bittet i munnen til eg har "kladda" ferdig. Og full firsprang ut til premien. I dag var det ikkje leik. Han har ein fot som han har klynka på eit par gonger. Meldingane var veldig fine. Eg kan pirke på detaljen om at han kan stoppe eit steg før, nemleg ved sida av meg, men i dag var det farten og tolmodet (å vente på kommando: vis) eg ville ha tak i. Han kom i fint driv inn til meg òg. Han har til vanleg ein tendens til å dempe farten på veg mot meg, men det hjelper med oppmuntrande tilrop.

Etter dette hjelpte eg Gry med meldetreninga. Silja er jo ein fryd! For ein fart og iver. Og i dag oppdaga eg at ho ikkje trengte mange godbitane. Når figurant blei jaktleika, var det heilt topp. Må teste det ut på runderinga.

No ligg Ekko og søv. Det er eit eller anna gale med foten for den blir slikka og han er forsiktig når han trør. Ikkje lett å sjå ka det er. Alt er jo svart på den der bajasen. Vi får sjå i morgon.