onsdag 21. november 2007

Lite bakpart, mykje godbitlukt

Matmor drog meg optimistisk ut på tur. Her skulle vi trene langs vegen. Men ho gløymte å sjekke veret. Etter 10 minutt plaskregna det og ho hadde ikkje regntøy. Det blei ein våt spasertur ( men lang - ho skal ha den).

Vel innomhus blei det litt bakpart. Eg rygga og ho gjekk der med ein ball på ryggen. Ganske kjekt for ho kasta den ofte. Elles strever ho med ein lang artikkel på svensk om bakdelskontroll . Det blir lenge til ho forstår den, så eg kan slappe av.

Litt "på plass" har det òg vore. Kvifor ho alltid stiller seg nokre centimeter frå veggen, er ei gåte, men det har visst med bakparten å gjere det òg.

Matmor har tørka pølser i steikeomnen og det har utfordra meg enormt, så mest tid i dag har eg brukt på eigentrening.
Måla var:
1. Få matmor på kjøkkenet.
2. Få henne til å lukke omnsdøra heilt opp.
3. Få henne til å ta ut nokre godbitar og gje dei til meg.

Eg begynte med å ligge fint ved steikeomnen. Virka ikkje - ho gjekk på arbeidsrommet.
Forsøk 2: eg stod i kjøkkendøra og klynka. Virka ikkje - ho blei sur
Forsøk 3: eg grein litt. Virka litt - ho reiste seg frå stolen og kom ut for å sjå. Men gjekk igjen
Forsøk 4: eg spring inn på arbeidsrommet, legg hovudet på bordet og ser bedande på henne. Eg er søt seier ho. Som om det var målet?!
Forsøk 5: Eg spring att og fram mellom arbeidsrommet og kjøkkenet. Trur dette virka for ho reiser seg og går ut på kjøkkenet, opnar opp og tar ut nokre pølsebitar. Å du og du for ei lukt! Pølser med kvitlaukssmak!

... eg blei lurt. Det viste seg å vere starten på harde forhandlingar. Eg drog fram den eine kunsten etter den andre: Sitt, dekk, hovud på skakke, bjeff, kyss.... Ho drog fram kloklipptanga. Går det ann å vere så rå?! Ho veit eg hatar dette. Eg såg lenge på ho, men innsåg at slaget var tapt og stakk fram ein labb. Javel så vann ho, men eg holdt igjen nokre klør. Ho skulle ikkje få det så lett. Ingen klør bak, flest på høgre labb og pølsebitar bare eg låg i ro når ho kom bort i venstre labb, blei forhandlingsresultatet.
Pølsene var kjempegode. Eg gler meg til kurset i morgon. Satsar på mange godbitar då. Lurer på ka vi skal lære denne gongen..

2 kommentarer:

Anonym sa...

Stakkars deg Ekko. Eg forstår frustrasjonen din over matmor.Det hende eg slite ganske så mye sjøl med mi matmor. Dei e ikkje av dei smartaste altså. Chico meine det at mennesker e mindre intelegente.

Mvh Faya

Aud Venke sa...

Hei Faya
.. litt av eit namn du har forresten. Stiligt! Eg har tenkt det same om dei tobeinte. Ikkje alltid like lett å forstå ka dei vil. Eg sleit litt i dag. Sitje mens vi går.. lurer på ka matmor skal bruke det til? Skriv oppskrifta i eit innlegg så får du lokke matmor di til å lage til deg og Chico.

Flott annonse forresten. Du finn nok den kjekke typen skal du sjå.

Ekko