lørdag 19. juni 2010

God meldetrening

I dag møttest vi på Sviland. Eg forsov meg og kom ganske så heseblesande, men Silje hadde kaffi og då ordna det meste seg :).

Fokuset for tida er meldetreninga. Vi starta med at begge figurantane gira han opp med leik, så var det meldinga. Eg kjørte full melding.Ekko var gira, sprang ut til Gro og kom i flott tempo inn igjen til meg. Han storkoser seg med jaktleiken og Gro er ein veldig god figurant for han. På den andre sida var Kari L. Det var spennande å springe til henne òg. Ho gjev også alt i leiken med han, så Ekko storkoser seg :).
Vi sette meldinga inn i sjølve runderinga. Det gjekk fint heilt til hanblei så tørst at han prøvde myra. Den var det ikkje mykje vatn i, men fysj som hunden lukta! Eg tok han med til elva, men han er jo så høg at det bare er labbane som blir vaska. Då eg kommanderte sit og dekk i ein kulp såg han bare dumt på meg. Må visst lære han det.

Alle hundane (Ekko, Pia, Evita, Dea og Maja) jobba godt. Det var rett og slett ein fryd å sjå dei alle.

Etter pausen hadde Kari, Gro og eg meldetrening. Ekko var bare halvveges kobla på. Han syntes graset var mykje grønare enn alt anna. Maja og Dea jobba godt.

Ka må eg hugse til neste økt:
  • flytte meg framover
  • halde giret på hunden
  • godbitane må vere gode.
  • få, men gode slag. Slutt medan leiken er god :)

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

Ja, har Ekko fått seg ein dusj nå da? Eller lukta han vondt ennå?

Aud Venke sa...

Ekko dusjar aldri. Litt tøffinglukt må det jo vere ;). Nei, han ser fin ut no. Går av seg sjøl med litt help av meg på sånn ein pels.

Gro sa...

Igrunnen greit å slippe å leke med han slik han så ut etter gjørmebadet, he he.
Det er så kjekt å se hvor langt han nå har kommet i meldetreninga. : )
Helt tydelig at figurantarbeidet er viktig her.
Sikkert lurt å la han få flere korte økter ja enn ei eller to lange.