tirsdag 21. august 2012

Hundefolk er nesten like flinke som hundane til å snuse etter mat..

..  og dei snuste seg fram til området vårt på måndag. Trur eg må ta med meg boller og kjeks oftare.

Det blei ein kjekk oppstart på eigentreninga til bruksgruppa. 9(?) tobeinte og 10 hundar om eg ikkje hugsar feil.
Nokre av oss stakk til skogs for å legge spor i starten for så å kome ned og trene (og drikke kaffi og prate hund saman med dei andre) eit par timar før hundane skulle teste sporet.

Eg er, som skrive tidlegare, totalt uinspirert i treninga. Heldigvis jobba eg med Kari M. Ho begynte å fortelje om ting ho var imponert over at Ekko kunne. Øvingar eg hadde heilt gløymt! Og då begynte det å bli litt kjekkare for eg kunne dra fram litt fleire treningskort.

Eg trente på:

  • Hopp. Gode hopp, men burde kanskje kome seg eit par centimeter høgare over hinderet.
  • Lokking og kommando. Ekko i utgangsstilling. Kari holdt han litt i halsbåndet. Eg sprang og lokka med leike mm. Han sat. Til kommandoen: "Kom" . Då var det full guffe.
  • Han låg i ro. Eg drog i bandet, lokka med godbitar osb. Han låg.
Tenk at han hugsa dei to siste. Dei hadde eg gløymt heilt ut. Må visst ruske litt i topplokket (bloggen...) og leite fram inspirasjonen.

Sporet var på 260m. 4 gjenstandar. Han markerte alle, men fall ut midt i sporet. Det var visst noko farleg ein eller annan stad inne i skogen. Men kom seg på igjen, men frå då var han ikkje så sikker. Tok nokre lettvinte  løysningar. Men alt blei funne og målet likeeins. 
Han gjekk fort i myra med høgt gras (godt med fert der?).

2 kommentarer:

Lise sa...

Aud Venke, tenk på at det å trene med hunden er en aktivititet ikke bare for å kunne all verdens øvelser, men også for å aktivisere dere to som et team. Når du trener Ekko får han brukt huet eller nesen, i tillegg til beina, og da styrker du samtidig samspillet med ham. Han er sikkert god å varme beina på på vinteren, men det å kunne gjøre noe mere sammen enn bare å traske synes jeg i hvertfall teller mye. Så til slutt, så treffer du jo oss.

Aud Venke sa...

Er einig med deg, Lise. Men kjenner eg treng inspirasjon til å lage meg treningsmål. No står eg på treningsplassen og lurer på ka eg skal finne på. Og det er demotiverande i lengda. Eg held hardt fast i rundering og spor og satsar på at inspirasjonen til å trene andre ting òg kjem.