søndag 9. februar 2014

Vi ligg ikkje på treningslatsida, bare skrivelatsida

Vi har trent minst 2 gonger i veka, men eg finn visst aldri ro til å skrive om det. Vi har trent spor på asfalt, på snø og i skogen. Og vi har rundert. Skal prøve å få litt orden på det eg har observert under treningane i alle fall.

Tre på Dale
ASFALTSPOR:
Ekko har hatt fleire gode spor. Han går med nasen litt høgt, men har vore sikker. Men han har òg kveldar der han er på heisatur og bare vil lukte på det han har lyst til. Aller helst vil han at vi skal leike. Altså ikkje stabil i det heile.
Det opplegget vi har hatt i det siste, har fungert veldig bra. Vi legg spor for kvarandre og bruker kritt ivrig. Vi stopper og premierer når hunden har gått eit stykke konsentrert. Eg kan ikkje ta opp premie frå lomma medan han går for då stoppar han. Må bruke stemmen for å fortelje at det han gjer er verd premie. Etter ei feststund, set vi hunden på spor igjen og går vidare. Målet er å gå lengre og lengre utan å stoppe for premiering.
Eg har brukt lite lukt i sporet (utanom sporleggar si eiga lukt), men trur eg må gå litt tilbake i treninga etter at vi bytta plass.


SNØPÅASFALTEN-SPOR
Ein kveld var det snø der vi hadde tenkt å gå spor. Det var ei interessant oppleving. No såg eg tydeleg korleis Ekko spora. Han lot nasen bevege seg på begge sider av sjølve sporet, men var tydeleg på retning og kor han skulle. Eit spor blei vanskeleg. Vi forstod ikkje kvifor, heilt til Lise kom på at det kunne kome trekk frå der ho hadde gått då ho kom tilbake frå sporet. Det var ferskare lukt og Ekko ville dit heile tida.


SKOGSSPOR
Siste laurdag i januar var vi på Dale. Det var surt og kaldt. Sterk vind og snø i lufta. Men vi skulle jo vere tøffare enn toget og la ut kvar vårt spor inne i skogen. Trea vaia verre og bak i nakken sat ein liten som sa at dei kan velte desse trea...
Sporet blei ikkje liggande lenge på grunn av veret. Sporet var ca 500 m og Ekko var sikker frå starten. Eg hadde greidd å tenkje vindretning då, men måtte jo ta ein del svingar. Dei kom heldigvis då han var på sporet og greidde å halde seg i hovudsporet. Veldig kjekt å gå eit spor i skog og mark etter all asfalten. Hunden såg ut til å nyte det stort.



RUNDERING
Rundering i Sælandskogen saman med Marit, Jan Inge, Lise og 4 hundar. Det var kaldt, men vi hadde kledd oss godt.
Ekko si runderingsøkt skulle vere med melding. Han spring fint ut, melder og leikar på dei første funna, men blir fort trøytt og vil over til godbitar. På dei siste slaga gjekk eg over til flying og rett i belønning. Etter slag 7 blei Jan Inge sendt over på motsett side av der han var slik at Ekko fekk eit blindslag og samstundes låg det ein figurant nære vegen på motsett side.
Eg var spent på om han sprang ut. Og på Ekko vis kryssa han midtlina fint og stoppa nokre meter inni skogen. Han har ein tendens til å stoppe og bruke nasen for overvêr før han spring vidare. Han sprang vidare. Då han ikkje fann nokon framover i terrenget, snudde han og sprang tilbake til der han hadde gjort funn sist  (på den sida), men kom fort fram igjen. Blei ropt inn på midtlina og fekk krysse fort. Stort med belønning hjå Jan Inge på andre sida.

Ei kjekk økt.


Denne laurdagen var vi på Sviland. Det blei ei heilt ny midtline og tett skog og ein del hogst på sidene. Eg ville ha flying og figurantar på ca 30 meter. Ekko sprang veldig bra. Han har godt driv framover og hadde funn på alle 10 postane. Grunnen til at det blei flying var rett og slett at eg ikkje hadde lyst til å kave meg inn i tett skog. Og gamlefar elskar flying og fortener flying. Han er stødig på melding, men elskar fridomen med å få jobbe heilt sjølvstendig.

Funn!
Andre økta blei overvêrsøk. Det bles godt så vi såg på retningen og bestemt oss for kor ho skulle gå inn for å gøyme seg og kor eg skulle begynne søket. Jaja. Vinden snudde.... Eg måtte endre litt strategi og Ekko såg ut som han bare gjekk rundt og koste seg i skogen. Etterkvart såg eg Lise, men ferten nådde ikkje turgåaren. Ikkje før han var forbi. Då ranka heile kroppen seg. Nasen i veret og rask snu for å springe mot Lise. Veldig kjekt å sjå på. Her må eg jobbe med korleis eg skal bevisstgjere han at vi er på jobb når ingenting skjer over lengre tid.

Og på måndag er vi klar for meir asfalt...


Ingen kommentarer: