torsdag 10. januar 2008
Eg verkar ikkje....
Elles har vi trent på det som står på programmet denne veka. Ho pirkar på utgangsstillingen. Vi må få fart på innkomsten visstnok. Ja, ja, eg får sjå om eg gidd springe inn.... Kanskje ho må finne noko eg har veldig lyst på?
Neste større treningsøkt er rundering på laurdag med retrieverklubben. Då vil eg ha flying og mor vil ha ei lita økt med meldingstrening. Eg skal holde ut det, bare eg får springe og finne folk.
Så har jammen mange nok meldt interesse for trening på sundagen. Eg skal få rundere då òg. Livet er jammen ikkje så verst!
mandag 7. januar 2008
Treningsrapport måndag
Vi er i gang med måla for veka.
I dag har vi vore å trening saman med kjernen på måndagstreninga. Det er kjempekjekt kvar gong. Tobeinte får skravle hund og firbeinte får mykje fokus.
Evaluering etter treninga:
- Tannvising. Ekko sit fint, lar dei ta på seg og sjå på tennene, men held ikkje utgangstilling heile tida. Vil reise seg undervegs. Det er når det er 3 "dommarar". Kanskje ein går heilt enkelt?
- Fellesdekk. Til tider var han bare halvmeteren frå nærmaste hund, men han holdt fokus og låg fint. Eg blei litt uroleg når eit par av dei andre hundane begynte å reise seg, men Ekko bare såg bort på dei og låg vidare. Kjempeflott. Eg må trene på at han ligg beint. Han legg seg ned skeivt og sit skeivt når han reiser seg opp. Men flott utgangsstilling.
- Lausbitt. 3 flotte opp-plukk av lausbitt og levering med på plass. Den 4. var meir rotete. Han kan få litt meir fart og tryggleik i kva han skal gjere. Elisabeth var kjekk figurant som det tydeleg var topp å springe til etter levering av lausbitt.
Eg syns Ekko fekk til mykje i kveld. Den som må lære seg å stoppe i tide, er eg. På alle punkta er han stødig og gjer det meste heilt fint i starten, men så held eg på for lenge... Det er jo så kjekt...Det gjeld faktisk alle punkt. Eg trur det er nok med maks 2 "dommarar" på tannvising. Han bør jo lukkast på minst 80%.
Når det gjeld apportering som fleire strever med så er det link til ein artikkel om framgansmåte her i høgre marg ( under gode artiklar). Den har nokre tips til oss som har det travelt med å nå målet i blant.
Så må Ekko få kome til litt:
Jammen på tide! Trur ho overtek bloggen snart! Eg syns det var kjempekjekt i kveld. Mor må jo bare bli glad når ho ser meg ligge der heilt i ro, sjølv om det er uro rundt meg. Ho skulle bare visst kor mykje eg tenkte på makrell i tomat. Nok om det, mor har fortalt om treninga. Men eg vil fortelje om det vanskelegaste målet: Å møte andre hundar og vere grei. I går møtte vi ein mor kjenner. Han har 3 hundar, den eine ein unghund ( er ikkje eit år enno). Han spurte om ikkje vi ville bli med å gå tur. Mor var skeptisk, men slo til. Eg fór ut av bilen og rett på ungjenta. Gjett om mor blei nervøs? Eg veit ikkje ka som gjorde at eg stoppa, kanskje mor til ungtispa? I alle fall fann vi tonen. Ho og eg sprang og sprang. Detvar kjempekjekt. Eg var heilt sliten etter turen og mor var strålande blid.
PS: Eg driv fortsatt og imponerer med å hoppe inn i bilen utan tvang.
søndag 6. januar 2008
Treningsplan veke 2 og brukshundtrening
I dag er det matmor som har ordet.
Eg har gått gjennom skjema for grunnferdigheiter. Det var mykje der Ekko er godt i gang med, men lite som er på flyt. Målet denne våren får bli å få mest muleg over på flytande. I tillegg til det som er vekeprogrammet, arbeider vi alltid med å møte andre hundar, og å gå fint i band. Det siste er han blitt ganske flink til.
Veka som kjem skal vi arbeide med dette:
Grunnferdigheiter:
- Bakpartskontroll. Rygge i vinkel inntil vegg
- Utgangsstilling. Perfeksjonere og drille på det å kome på plass bakfrå.
- Utgangsstilling. Bli tatt på og at andre helsar på meg utan at hunden reiser seg.
- Fellesdekk. Bli liggande når andre hundar ligg nære. Trur ikkje eg skal gå for langt vekk på dei første forsøka. Det går fint når avstanden er stor, men nære...
Bruks:
- Lausbitt-trening. Fortsette med å plukke opp lausbitt og kome på plass med det. Gjerne hente det hjå ein figurant.
- Starte med enkeltslag på runderingstreninga.
- Luktdiskriminering. Vi begynte så vidt i dag med første steget på å trene inn luktdiskriminering. Her er eg er heilt på ukjent grunn, så eg skriv meir om korleis vi har tenkt å gå fram for å lære dette seinare. Det einaste vi har gjort før, er å gøyme ein pinne med merke på og sett at han finn korrekt pinne kvar gong. Så luktesansen er i alle fall i orden!
Triks:
- "Skjems du?" står på programmet til vi får det til.
Er jo usikker på om eg vel for mykje å gjere, men alt på grunnferdigheit og lydnad er kjent og dermed repetisjon og pirk. På bruks er punkt 1 og 3 kjempegreie å ha på kveldar inne. Og triksen MÅ vi jo bare få til. Flaut viss ikkje, syns eg :-).
Brukshundtrening.
Eg har lyst til å få i gang ei gruppe som trener bruks på sundagane (altså: rundering, spor og feltsøk). Vi må nok gjere det før alle folk er ute på tur så eg trur vi bør starte seinast kl 10. Du treng ikkje kunne noko særleg frå før. Vi lærer av kvarandre. Har du lyst, ta kontakt.
fredag 4. januar 2008
Kvardagen er i gang
Men det kjekke er jo at vi har begynt på fellestrening igjen. Elisabeth hadde med seg julekaker så det blei litt fest. Vi trente:
- Tannvising. Den første "dommaren" oppførte eg meg perfekt med, den andre måtte eg bare reise meg for å helse på, den tredje det same og den fjerde gjekk fint. Dei kan ta på meg, sjå på tennene mine - alt det er bra. Men eg har så lyst til å endre sittestilling, reise meg opp undervegs osv.
- Innkalling. Eg var nesten perfekt, men så var den største utfordringa ei tube med leverpostei mot ei leike framme hjå mor. Eg sprang for drakampen med henne. Det skulle kanskje vore meir utfording, td at det ar ein fristande hund langs løypa. Men verken Pia eller Era fekk stå der og friste. Dei tobeinte meinte at det kunne kome konflikter både mellom den eine og den andre.... Men etterkvart må eg trene med at det er ein hund på halvvegen.
- "På plass". Eg sette meg og Torhild og Silje sjekka om det var beint. Dei var ganske kritiske syns eg. Eg som syns eg var blitt så god. Heldigvis trøysta dei med at dei bare dreiv med pirk for eg sat veldig fint. Matmor er i pirkehjørna for tida så eg sveittar i veg.
- "Fri ved fot". Julepirkinga hadde effekt: Eg gjekk mykje beinare og meir inntil mor enn før jul. Jippi!
- Eigentrening var å imponere med å hoppe frivillig inn i bilen kvar gong. Matmor blei heilt hysterisk av glede. Det var litt kjekt...
Sidan turen i dag blei kort, skulle vi trene på "Skjems du?". Eg forstår lite ka ho vil. I byrjinga tar eg labbane over snuten for å få vekk teipen. Då klikkar ho. Etterkvart syns eg det blir heilt tullete og tenkjer at det sikkert er ein av dei der testane ho har, så eg går tolmodig rundt med teip på nasen og bukkar, sit og finn på mykje rart, men ikkje det ho vil premiere. Rart. Elisabeth har sagt at ho sette teipen heilt ytterst på nasen. Ka er forskjellen spør nå eg? Kan han ikkje bare henge der så kan eg drive med mitt? Men ho har visst ikkje gitt opp enno. Hadde det bare vore logisk ka ho ville, så hadde eg sjølvsagt hjelpt henne....
Til slutt blei ho så imponert over at eg låg stille og stirde på henne (eg var frustrert over at ingen av mine forslag til ka vi kunne gjere med teip på nasen, fekk gehør) medan ho drakk kaffi og åt kaker at eg fekk ei julekake ( Premien var god så det trur eg at eg fortset med...).
I morgon er det rundering i storm og kanskje regn. Kan bli spennande.
tirsdag 1. januar 2008
GODT NYTT ÅR!
Mor trudde ei stund at CDen verka, men det var før kl 20. Etter det var eg bare skjelven. Alt var nifst, ikkje ville eg ha godbitar og eg pusta som ein kval. Det endte med at eg låg halvveges under salongbordet med hovudet gøymt bak ryggen på mor. Ho sat på golvet og klappa meg. Dei prøvde å leike med meg, men det turde eg ikkje bli med på. Alt blei nifst. Vi prøvde å finne eit trygt rom i huset, men det lukta svovel overalt syns eg. Klokka 2 i natt somna eg og sikkert alle dei som driv med farlege ting, for då var det roleg.
I dag har vi reist heim igjen. Juleferien er slutt og kvardagen skal begynne. Mor ante nok at vi har naboar som syns at alt som smell og fyk i lufta er noko ungar skal leike med lenge, så ho lufta meg før vi kom heim. Og riktig nok. Det låg røyk over området, det smalt før vi var komne i hus. Eg nekta å gå ut av bilen. Mor måtte tvinge meg. Så no ligg eg ved føtene hennar. Reiser ho seg, reiser eg meg. Eg tør ikkje vere andre stader enn der ho er. Trur til og med ho har vore ute og snakka med både vaksne og ungar om at eg blir veldig redd. Koffor får dei så mykje at dei ikkje rekk å bruke det opp når det er lovleg?
I morgon har mange ungar fri frå skolen, så då smeller det vel heile dagen.... Eg trur eg blir med mor på jobb. Betre å ligge i bilen enn midt i alle smella.
Men før eller seinare er dei vel ferdige med dette tullet og eg kan få eit godt nytt år eg òg. Eg gler meg til å begynne å trene igjen. Eg har ikkje heilt slappa av i ferien, altså: Har lært at viss eg legg meg fint ved sida av alle andre enn matmor, får eg mat når menneska sit ved bordet (det var lett å lære). Har lært at julekaker er fantastisk godt.Litt betre bakpartskontroll trur eg at eg har fått. "På plass" sit i blant veldig bra. Vi har begynt med å hente opp lausbittet. Eg har begynt å venne meg til teip på nasen, ka det no enn er ho vil med det. Og sist, men ikkje minst, eg har vågd å få alle klørne klipt. Kjempegode godbitar og kjempegod tang - og litt meir enn vips, så var det gjort.
GODT NYTT ÅR TIL ALLE EG KJENNER!!
Mor vil forresten òg vere med på helsinga,
så GODT NYTT ÅR frå oss begge!