torsdag 10. januar 2008

Eg verkar ikkje....

Matmor påstår at eg ikkje verkar i dag og at ho må skifte batteri på meg. Tull og vas. Eg verkar eg, men eg er litt sliten (akkurat sånn som ho er av og til...). Hadde meg ein kjempetur med full fart i skogen i dag. Blei sliten av det og så har eg litt vondt i foten. Haltar av og til. Så når matmor får meg ut av bilen for ein keisam "på plass", kan eg styre meg. Det er jo ikkje det mest inspirerande å gjere i plaskregn. Så skulle eg rygge ( den der masete bakparten). Gjekk så det suste i vinkel eg. Men altså, koffor må ho gjere det to gonger når første gong er perfekt? Nei , dette var både vått og keisamt, så då ho opna bildøra hoppa eg inn. Så kunne ho og dei andre bare vere der ute i regnet. Torsdag og trening med Siddis hundeskole betyr regn.

Elles har vi trent på det som står på programmet denne veka. Ho pirkar på utgangsstillingen. Vi må få fart på innkomsten visstnok. Ja, ja, eg får sjå om eg gidd springe inn.... Kanskje ho må finne noko eg har veldig lyst på?

Neste større treningsøkt er rundering på laurdag med retrieverklubben. Då vil eg ha flying og mor vil ha ei lita økt med meldingstrening. Eg skal holde ut det, bare eg får springe og finne folk.
Så har jammen mange nok meldt interesse for trening på sundagen. Eg skal få rundere då òg. Livet er jammen ikkje så verst!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko

Håpa du e friske nok i foten te å rundera to dagar på rad. Du må varra forsiktig så du ikkje får så vondt at du må hinke rundt om kring sånn så meg. Og ikkje får du gå tur eller noen ting når du har så vondt i foten. Så du må lova meg å varra forsiktig. Eg ska te dyrlegen igjen i dag. Håpa dei klare å fiksa den dumme foten altså.

Chico

Anonym sa...

Søren òg. Det har eg ikkje tenkt på. kjente meg fin i formen i då eg vakna. Men at eg kan risikere å miste runderinga viss eg ikkje er forsiktig, det var ein skremmande tanke. Hm. Må legge ein plan. Trur eg får satse på roleg gange og kos i dag.

Så dumt at den foten din er vond så lenge. Matmor trudde nesten eg hermde etter deg for eg begynt å halte akkurat då eg såg deg i går.

Kos deg med gjestene i helgå. Håbe du og Faya og blir med på rundering snart. Det e jysla kjekt!

Anonym sa...

Hei Ekko!
Matmor sa til meg og at eg ikkje virka på trening i går...eg syns det var pyton å stå ute i regnet og bli kald og våt...ka e vitsen liksom?! så då me reiste hjem og me kom inn, så sko matmor fortsette treningene. DET var MYE kjekkere og mye varmere he he. Eg gjor mitt aller beste, og matmor var gavmild på pølsebit-fronten! JU-HU! Tror eg klarte å få hu i litt bedre humør...e så dumt hvis matmor må legge seg litt sånn småirritert på meg he he...
Håpe eg klare å dra matmor opp fra sengå på søndag, sånn at eg får bli med på rundering...ikkje at eg skjønne så mye av det.men hvis det innebære skog og springing, ja DÅ E EG MED!!!
Go bedring med foten forresten! Du får sei te matmor at det som hjelpe e masse kos og omsorg he he! kanskje klare du å lura deg te litt ekstra god mat og!!

Thelma

Anonym sa...

Hei Thelma. Så kjekt at du skreiv. Eg har fått kort tur,men litt for lite kos i dag. Hu gjekk ut på besøk utan meg.... Foten kjennes bra og eg trur eg er klar for rundering. Du må få matmor opp på sundag. Det er jo så kjekt!

Eg e motstandar av alt for mykje regn når vi skal trene. Vatn syns eg er topp, men det skal ikkje kome frå dusjen eller himmelen. Dte ska ligge på bakken, eller renne langs bakken. Det syns eg.