søndag 27. januar 2008

Endeleg er vi i gang igjen.

Nå er formen god, og vi har fått trent rundering i to dagar. Ein dag med vind og til tider hagl og ein dag med sol og vårglimt.

Laurdagen på Bore viste at eg gjorde post 2 for vanskeleg. han fauk fort til nr 1, men rota til når han skulle forbi meg og over til nr 2. Det kan vere vi som stod for rotete, det kan vere at vi burde hatt ein enklare variant der. Men i alle fall gjorde figurant seg synleg og Ekko var på hogget igjen. Han har flott driv mellom figurantane etter det. Ser at han bruker nasen. Td såg eg fleire variantar der han snudde 90grader straks han fekk ferten av figuranten. Han held eit godt tempo og er stort sett i nærleiken av meg når han krysser. Leik hjå figurant er heilt topp! Og ekstra kjekt var det i dag med to mannlege figurantar som kunne bli litt med på drakampen.

Vi rakk to runder og eg gjorde same tabbe i runde to..... Kanskje eg treng å bli klikkartrent????

Våte og nøgde drog vi heimover. Skulle gjerne ha sett litt på korleis dei gjorde det i den gruppa som dreiv med spor òg, men det får vi ta ein annan gong.

Sundag på Sviland, var sundag i sol! Det trengte vi!
Her har vi ein ung figurant som har kakaopause og Silje som viser Max nokre kjekke leiker ho har. Tone prøver å halde villbassen på plass.

Det var kjekt å sjå Max krible av iver etter å setje i gang. Han hadde prøvd det ein gong før og var kjempegira! Dette var tydeleg kjekt.

Ekko runderte bra i dag òg. Det blei ikkje leik då eg var litt utrygg på korleis figurantane ville greie å kontrollere leiken. Men godbit er jo kjempegodt det òg. Eg er alltid i tvil når eg stopper han. Skulle han fått halde på lenger, og vi gjort det litt lettare ei stund? Når eg les om det, så ser eg at noen meiner at dei skal halde på til dei ikkje vil ha premien lenger, vi skal heller gjere det enklare ein periode slik at vi sikrar oss at dei lukkast. Eg stopper for eg ser at han slit med å fyke ut i ein periode. Eg kunne kanskje heller bestemt at figurantane skulle vere nærare/ synlegare ei stund? Må tenke på det.

Registrerte at det var mykje lyd i oss i dag. Vi slit med å la hundane få finne ut av det sjølv. Blir hunden sitjande igjen og sjå på figurant etter godbiten for lenge, kjem det lyd frå hundeførar. Vi bør jo stoppe hunden om han blir verande hjå figurant 1, men førebels har eg ikkje opplevd ein hund som er blitt verande igjen der for godt......
Og skal vi stoppe ein hund som verkar meir gira enn fokusert? Og korleis får giret over på fokus om oppgåva?
Ser det er lett for hundane å springe på hugsen, altså har dei ikkje fått inn signalet om å krysse nær førar for då kjem eg rett til matfatet/leiken?
Den evige faren mellom å gå for fort fram og å bli på eit nivå...
Eg var mykje "linjemann" i dag og det var interessant. Må tenkje meir på ein del av det eg såg der og så må eg få filma Ekko og meg i aksjon slik at eg får sett ka vi kan bli betre på.

Vi har ein del diskusjon om hunden skal springe i rett linje mellom figurantane eller om han skal på skrått inn mot hundeførar og i bein linje (90graders vinkel) derfrå og ut. Skulle gjerne hatt eit klokt svar her. Har funne artikkelen til Køste og Egtvedt frå 2004 der dei viser med teikning kva dei meiner. Men det skriv eg om i neste innlegg.

Ekko blir ikkje heilt utslitt av å rundere. Etter ein kvil syns han at livet må ha fleire utfordringar. I dag har utfordringane vore søk. Eg har hatt for lett for å legge det han skal finne på plassar eg har brukt før og såg at han blei litt for lite fokusert på nasen, men gjekk rett på hugsen. I det siste har eg variert meir, sjølv om det ikkje er lett når det er innomhus.

I dag såg han eg pakka pølsebitar inn i ein dorull og teipa den igjen. Deretter fekk han beskjed om å bli der han var og eg vandra rundt i fleire rom før eg fann gøymestaden. Han jobba godt. Eg såg han fulgte løypa mi, men tok ein bråsnu då han nærma seg stolen. Og til slutt: Halen i veret, premien i munnen og rett til koseplassen for å nyte byttet! Gjentok det tre gonger.

Ingen kommentarer: