tirsdag 15. januar 2008

Trening veke 3



Eg er litt seint ute med å skrive treningsplan for veka. Men betre seint enn aldri....

Aller først så må eg innrømme at hovudet har vore fullt av Chico og Elisabeth (begge to på bilete). Chico skada foten på tur for ei stund sidan. Han blei aldri god og no meinte dei at leddbåndet var gått. Dyredoktoren meinte det var dårlege prognoser for operasjon på ein hund som er 10 år. Han anbefalte avliving.
Elisabeth stilte på trening i går. Chico var med og fekk lufte seg litt. Vi snakka og diskuterte, ka nå? Silje meinte at ho ikkje skulle høyre bare på ein dyrlege, men sjekke fleire. Og i dag kom gladmeldinga. Elisabeth hadde sjekka med veterinær Lande på Karmøy. Han forstod ikkje at det kunne vere eit problem og ville sjå på Chico. Fekk melding i kveld om at Chico blir operert i morgon. Så no kryssar vi fingrar og labbar og sender tusen helbredande tankar til Chico i morgon. Måtte dette gå godt! Lande er forresten den dyrlegen som tok i mot Ekko og dei 16 søskena hans.

Nå har eg tørka litt tårer og er klar for planen for veka:
Grunnferdigheiter:
  1. Targeting. Vi har gløymt det litt i det siste, men Karin minna oss på det så no er det på programmet igjen. Targetpinnen går bra, pekefinger òg. Det einaste med begge, er at han av og til lurer på kvifor pinnen/fingeren forsvinn vidare. Han lurer på om det er ein ny test... Eg skal ha han til å følge etter, men det er han ikkje alltid like med på. Utfordring i denne veka.
  2. Sitt. Sitt på avstand begynte vi på denne veka. Det var vanskeleg. Han vil springe bort til meg før han gjennomfører det.
  3. Bakpartskontroll. Vi fortset med vinklar
  4. Utgangsstilling. Den kjem automatisk inn som treningselement i løpet av vekene.
  5. Galopp mot fører. Eg begynte på den i forrige veke og ser at det trengs. Han lar seg altfor mykje forstyrre på vegen inn. Eg er passe interessant. Og det vil eg jo ikkje vere.
  6. Holde fast. Denne er ein del av grunnferdigheitene og eg trener på den i forhold til brukshund. Eg vil ha sikker apportering.

Bruks:

  1. Apportering. Eg har no lese artikkelen om bringkobbelmelding. (Du finn den i høgre marg under "Gode artiklar"). Her stod det mykje fornuftig. Mellom anna må hunden apportere sikkert før eg set i gang med innlæringen av brinkobbelmelding. I tillegg må han synast at det å leike med figurant er noko i nærleiken av himmelriket på jord..... Akkurat den delen kan vi lære fort :-).
  2. Blindslag. Nå er det kanskje på tide å prøve blindslag? Ekko runderer svært godt, men har til no alltid funne nokon når han fyk ut. Kanskje eg skulle ta ein test på laurdag? Må få nokon til å hjelpe meg med korleis dette skal gjerast.

Nå ut og trene atferd.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heia Ekko og Aud Venke.

Akkurat nå ligger Chico og får ei metallplata plassert i foten sin. Så nå håpe me alt går fint. Så me kan ikkje komma på trening i mårå. Så då håpa eg dåkke kan følga godt med på Karin når hu lere dåkke den nye måten å apportere på, så kan kansje dåkke lera oss det på Mandag. Då komme i hvertfall eg og Faya. For alt det eg vett så kan det jo henda Andy og Faya kommer innom på torsdag. Tvila på det. Men ska spør Andy om han har lyst. E det regn sånn så det pleie å varra så tvila eg i hvertfall på det. Kansje me burde lera oss ein soldans eller noe sånn. Begynne å bli lei av dette regnet. Men om Andy skulle komma med Faya så håpa eg dåkke passe godt på Andy.

Elisabeth

Anonym sa...

Me ska passa på han me!