onsdag 16. januar 2008

Eg pines....

Både matmor og eg er frustrerte i kveld. Eg fordi det luktar altfor godt i huset og går rundt og grin for eg har så lyst på. Matmor er frustrert fordi eg går rundt og grin. Vanskeleg dette her for eg vil jo ikkje at ho skal slutte å lage verdas beste godbitar, men eg greier ikkje å la vere. Eg bare må lage lyd. Nå har vi endt opp på arbeidsrommet og døra til kjøkkenet er stengt. Eg prøver å ligge fint sånn som ho vil, men greier det cirka eit halvt minutt. Må opp for å sjekke om ikkje døra til kjøkkenet sånn brått har opna seg. Mor har med godbitar, men eg syns ho forlangar for mykje av meg før eg får. Eg vil ha ein jamn straum.

Du lurer kanskje på ka det er ho har laga? Jo, det er levergodbitar. Ho kuttar lammelever opp i terningar og har det oppi ein maskin som bråker som eit uvèr. Så har ho visst oppi litt mjøl og bakepulver. Når ho syns det er nok bråk, smører ho alt utover ei plate og steiker det i omnen. Det er SÅÅÅÅ GOOOOODT.


Når eg ikkje har pint meg gjennom kvelden på grunn av godluktene eg ikkje får spise opp, har vi trent litt. Eg har tatt eit par dekk på kort avstand og trent på å halde lausbittet. Vi begynte med apportbukken, men eg trur mor syns det bråkte for mykje då eg slapp han i bakken (eg prøvde jo å treffe beina hennar - he, he). På bilete sit eg og ser på ein levergodbit. Har lært at det smartaste er å halde fast og vente. Greier eg det, blir det premie.


Det blei kort tur på meg i dag og det er mest min eigen feil. Vi var på veg mot Sørmarka, men eg ville snu og gå heimover. Trur eg begynner å bli vèrsjuk. Det regner jo heile tida. Då er det faktisk like kjekt å leike med ball inne (eg får lov når det er liten ball) og trene litt. Trur matmor syns eg er litt rar for tida.


Nei, eg må ut og sjekke om døra til kjøkkenet har opna seg........

2 kommentarer:

Anonym sa...

off det hørtes ut som terror! De kan ver utrolig kjipe disse eierene. De forlange så fryktelig mye av oss,og det bare for ein bitteliten go'bit?!? Men må nok innrømme at det er vel litt min feil også, for jeg vil jo så veldig gjerne ha denne go'biten he he.
Nå sitter jeg og ser på mor med de mest sørgmodigste øynene eg klare å laga( et triks eg har lært heilt sjøl)og håpe hu skjønne at eg vil på tur på stråndå. Mor har nemlig vært hjemma fra jobb HEILA ukå. Det e digg! MEn hu sove fryktelig mye, så det føles av og te som hu ikkje e heilt testede allikavel hehe. Mor har sagt at me ikkje komme på trening i kveld heller,pga legen seie hu må ta det litt med ro. Det e jo kjipt.
Ja ja eg ska gjør mitt for at me komme på mandag...då ska eg visa deg alt eg og mor har trent på det sista. Syns eg begynne å bli flink eg...vet ikkje heilt om mor e enige, he he!

Forresten, de levergo'bitene dine hørtes fantastike ut. Mor prøvde seg ein gang før jul å laga noen pølebiter hu sko steika i ovnen. Tror hu gjor noge feil, for heila kjøkkenet var røyklagt og alle pølsebitene var helt sorte...de var helt like de jeg pleier å finne i peisen. Vet ikkje om eg tør å tipse henne om disse levergo'bitene..hvis du forstår he he

Anonym sa...

Hu har nok hatt for sterke varme når hu lagte pølsebitane.

Heldige du at mor di e heima. Mi e aldri heima. Syns hu sko begynna å skulka skolen eg... Du må passa litt på na, så hu ikkje bler så voldsomt trøtte. Greit å ha henne passe trøtt for då e u brugandes te så møje mer.

Dumt du ikkje komme i dag, det bler jo kanskje oppholdsver???