søndag 13. januar 2008

Runderingstrening er kjempekjekt!!

Denne helga har vore heilt topp! To dagar med rundering! Eg trur eg er skapt til brukshundstrening.

I går var det rundering med retrieverklubben. Då såg mor blant anna på at Trofast gjekk ID-spor. Det såg visst spennande ut det òg. Eg er klar eg, det er bare å lære meg det.

I dag starta vi ei ny brukshundsgruppe. Og det var kjempekjekt! Då var det hundar som kunne så mykje som meg og hundar som var heilt i startfasen. Dei tobeinte storkoste seg. I dag var Oskar og Rasmus òg med. Dei var flinke figurantar. Eg fekk rundert til tunga hang ut av munnen. Og så fekk vi prøvd oss på henting og levering av lausbitt. Syns eg var ganske flink eg.

Her er noen glimt frå dagen i dag (det er litt mørkt i skogen og vi spring veldig fort så det er visst ikkje lett for matmor å ta gode bilete).


Scotty i farta!

Era skal ha på arbeidsantrekket. Det sprang ho av seg i iveren i dag.

Oskar og Pia ute på post

To gode figurantar

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko!
Mor putta meg i bilen mellom min treningsøkter(skikkelig kjipt), så jeg fikk ikke sett hvor flink du var i dag. Men mor har fortalt meg at du var veldig flink og at hun ble imponert...tror mor var veldig godt fornøyd med meg også etter treningen i dag. I tillegg har jeg klart å lure masse pølsebiter utav henne senere i dag også, bare ved legge meg ned på gulvet , eller sitte ved siden av henne og se på henne med mine tryglende blikk eller bare dilte etter henne ha ha hva er vel bedre enn det?!?!
Snakkes i morgen, håper jeg!

Anonym sa...

Hei Thelma!
Eg òg syns eg er flink :-).
I kveld har eg fått godbitar for å sette snuten borti noko ho kallar target. Eg ville nå sagt pinne eller finger eg då, men sama det bare eg får godteri.

Dei tobeinte e rare. Tenk alt vi kunne lært av å sjå på kvarandre.... eg kikkar for harde livet eg på treningane på Sola. Syns eg lære någe òg eg. F. eks lærte eg å halta av Chico på torsdag. Det var ein glimrande måte å sleppa trening i plaskregn. Hadde eg ikkje sett han gjorde det, hadde eg ikkje fått den gode ideen eg heller.