søndag 6. januar 2008

Treningsplan veke 2 og brukshundtrening

Nytt år og gode forsetter...
I dag er det matmor som har ordet.
Eg har gått gjennom skjema for grunnferdigheiter. Det var mykje der Ekko er godt i gang med, men lite som er på flyt. Målet denne våren får bli å få mest muleg over på flytande. I tillegg til det som er vekeprogrammet, arbeider vi alltid med å møte andre hundar, og å gå fint i band. Det siste er han blitt ganske flink til.

Veka som kjem skal vi arbeide med dette:

Grunnferdigheiter:

  1. Bakpartskontroll. Rygge i vinkel inntil vegg
  2. Utgangsstilling. Perfeksjonere og drille på det å kome på plass bakfrå.
Lydnad:
  1. Utgangsstilling. Bli tatt på og at andre helsar på meg utan at hunden reiser seg.
  2. Fellesdekk. Bli liggande når andre hundar ligg nære. Trur ikkje eg skal gå for langt vekk på dei første forsøka. Det går fint når avstanden er stor, men nære...

Bruks:

  1. Lausbitt-trening. Fortsette med å plukke opp lausbitt og kome på plass med det. Gjerne hente det hjå ein figurant.
  2. Starte med enkeltslag på runderingstreninga.
  3. Luktdiskriminering. Vi begynte så vidt i dag med første steget på å trene inn luktdiskriminering. Her er eg er heilt på ukjent grunn, så eg skriv meir om korleis vi har tenkt å gå fram for å lære dette seinare. Det einaste vi har gjort før, er å gøyme ein pinne med merke på og sett at han finn korrekt pinne kvar gong. Så luktesansen er i alle fall i orden!

Triks:

  1. "Skjems du?" står på programmet til vi får det til.

Er jo usikker på om eg vel for mykje å gjere, men alt på grunnferdigheit og lydnad er kjent og dermed repetisjon og pirk. På bruks er punkt 1 og 3 kjempegreie å ha på kveldar inne. Og triksen MÅ vi jo bare få til. Flaut viss ikkje, syns eg :-).

Brukshundtrening.

Eg har lyst til å få i gang ei gruppe som trener bruks på sundagane (altså: rundering, spor og feltsøk). Vi må nok gjere det før alle folk er ute på tur så eg trur vi bør starte seinast kl 10. Du treng ikkje kunne noko særleg frå før. Vi lærer av kvarandre. Har du lyst, ta kontakt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ekko.

Om dåkke trenge litt hjelp med luktdiskriminering så har eg og Elisabeth jobba med dette littgrann på et kurs ein gong. Så kansje me kan tilføre noe, eller kansje ikkje. Me har i hvertfall sånne pinner. Du må huska å minna Aud Venke på å sende ein mld te Elisabeth om å ta dei med i morgen. Ja eg håpe det at me rekke treningå da. For i dag va me på Borestranden. Og Chico har skada foten sin, så han må te dyrlegen i mårå. Stakkars Chico. Han klare ikkje gå på foten sin. Andy måtte bære han heilt tebake te parkeringsplassen på Bore. Heldigvis hadde Elisabeth noen smertestillende tabletter te ham når me kom tebake. Men han har vondt ennå. Når han ska flytta på seg så halte han. Men Elisabeth seie hu vil følga han te dyrlegen med det samme me står opp i mårå, så eg tror me ska nå treningå. Men det blir nok bare meg og Elisabeth da. Nå må eg gå å se på den rosa hunden på tv. Den va litt rar.

Faya

Anonym sa...

Vi tar meir enn gjerne i mot både hjelp/ tips og pinnar.
Eg har hatt det kjempegøy i dag. Mor trefte på ein ho kjenner. Han har 3 ridgebackar. Han sa vi kunne bli med dei på ei mark i nærleiken. Og eg fiksa å leike med ungjenta i massevis. Eg sprang og ho sprang. Det var kjempekjekt.

Nå er eg trøytt. Har sett på Hundeskolen. Tenkte på oss - vi hadde sluppe å lære klikkar og target, vi kunne gått rett på sak. Eg kan apportere ( i alle fall litt), trykke på knottar og opne skuffer skulle eg vel fikse. Den oppgåva trur eg at eg hadde fått like godt til som dei hundane på TV i alle fall.

Stakkar Chico. Håper det går bra med han. Mor trudde eg og fekk vondt i dag, men så var det bare at eg hadde sprunge så mykje (og sikkert spist noko rart) at eg måtte kaste opp. Etterpå var eg i farta igjen.