fredag 25. januar 2008

Kampen mot taggarane.

Så er eg endeleg heime igjen. Hadde fine dagar hjå Torhild på kennelen òg. Blei litt forelska i ei labradortispe eg delte hybel med. I alle fall påstod Torhild det. Eg skal ikkje nekte, eg. Ho var ganske søt og vi likte å vere saman. Men det er nå godt å kome heim, sjøl om sjefen ikkje er opplagt til livleg uteliv. Gjekk glipp av trening på torsdag òg. Men satsar på å få henne på beina til helga.

På torsdag skulle vi gå kveldsturen og der ser eg ein mann som står i ein merkeleg stilling inn mot veggen på Sanitetsbygget. Han har knekk i knea og er litt skeiv elles òg syns eg. Ein taggar. Eg fyk ut og kjeftar! Kom deg vekk! Ingen tagging på bygg eg har i mitt ansvarsområde! Mor ber meg roe meg ned. Det er bare ein mann som står og tisser, seier ho. Hallo, kor dum går det ann å vere? Han såg ikkje ut som ein menneskekvelp akkurat. Kvelpar bøyer knea når dei skal tisse, men vi lærer jo etterkvart betre. Nemleg at når vi blir større, løfter vi den eine foten før vi tisser. Og han her såg jo ganske voksen ut. Har han ikkje lært det? Nei, eg trur det var ein taggar. Eg greidde ikkje heilt å roe meg. Trur ikkje han heller kjente seg trygg for han begynte å gå den vegen vi gjekk, men snudde då han såg meg. Hm. Sikker på at vi redda veggen den kvelden.

Mor blei usikker ho òg, for eg såg nok kor nøye ho sjekka veggen då vi gjekk forbi ein gong til.

Men nå må eg kvile litt, har trent på å halde apporten same ka mor gjer. Ganske slitsomt.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja Ekko. Eg e med i kampen mot alle taggere. La oss spise dei levande.

Chico

Anonym sa...

HAn såg ikkje så forlokkande ud at eg ville spist han. Men eg kunne nok tatt eit godt tak i han og rista han. Han trengte det. Got me e to