mandag 21. juli 2008

Idear og inspirerande trening

I dag var det sol og varme på treninga. Herleg. Vi markerte at Anne hadde fått ei dotter (og hadde heldigvis ein grunn for å spise sjokolade og kransekakestenger..).

Marit hadde kome seg laus frå kvelpane og var framleis inspirert etter kurset med Fanny Gott. Og glad er vi for det, for ho inspirerte oss i treninga i kveld. Eg fekk gode tips og fekk prøvd noko av det dei hadde lært.

Vi starta med innkalling. Det var Punky, Ekko og Pia som skulle prøve seg på det. Silje holdt Ekko i starten, Marit frista med å holde fram godbitar og eg ropte han inn og hadde leike. Han kom fint (såg såvidt på godbitane til Marit) kvar gong. Men så fann vi den fine leika som Silje hadde sist. Då var det langt frå kjapp innkalling. Med Silje i midten, viftande med ei and med lyd, så var eg gløymt. Då tok Silje vekk leika og holdt Ekko fast medan eg sprang rundt han og leika med "kongen". Skikkeleg terga han. Så blei han levert til Marit utan godbit eller annan kommentar.
Det hjelpte lite. Han stoppa like fullt hjå Silje. Eg leika endå meir med leika mi og han fekk bare sjå på. Ved tredje forsøk der han igjen sprang til Silje, fekk eg Punky å leike med. Det gjorde susen. No sprang han sakte mot Silje, såg på anda og så i full fart vidare til meg.
Dette var kjekt. Eg må prøve det igjen.

Neste var helse på folk.
Det starta med at vi stod med hunden i band. Ein av dei andre lokka og frista med godbit. Då fekk hunden springe fram og helse. Men det ar bare eit par gonger så blei det stilt større krav før kommandoen "helse" kom. No skulle hunden sjå på matmor før han fekk springe bort og helse. Stakkars Ekko. Han holdt på å bli sprø for dei frista han slik og han fekk ikkje gå bort. Omsider kikka han på meg i rein naud og då slapp eg han og sa kommandoen. Dette gjentok vi tre gonger. Han treng mykje meir trening på den.

I tredje økt var det klossen for Ekko sin del. Han fiksa fint det å stå på den (er litt trang for dei store labbane hans, men det går). Han har begynt å flytte bakparten etterkvart som eg snur meg. Må jobbe meir med den òg.

Inn og ut av bilen var like dumt som før. No må eg bare skaffe meg eit større bur slik at eg slepp det maset og kan plassere han i bur ute.

Faya stod modell.








søndag 20. juli 2008

Burleiken

Nå er vi i gang med å trene. Det er utfordrande for oss begge. Eg begynte med klossen og i går kom vi så langt at han står med begge beina på klossen og flytter seg med bakbeina. Men førebels flyttar han frå meg. Det er jo ikkje akkurat planen. Må høyre med andre korleis dei fekk det til.

I dag starta vi med det eg grudde meg til. Ekko og burleiken. Ekko liker ikkje buret. Eg hadde bestemt meg at eg skulle trene i stova. Der er det trygt og ganske så kjedeleg.

Buret blei sett opp og eg la eit teppe inne. Opna døra og stilte meg til å vente. Ekko kom på plass, han sett seg, han snuste rundt buret. Men inni, nei takk. Han blei sint. Bjeffa og gjekk eit par rundar før han såvidt stakk snuten inn. Kasta premien inni buret. Han drog i teppet slik at godbiten kom nære utgangsdøra. Fleire forsøk med ein labb inn og ein godbit kasta inn i buret. Kasta eg den for langt, blei han skikkeleg frustrert. Til slutt fekk han ikkje godbit for labben to cm innanfor. Då var det ein som blei frustrert. Han hoppa på meg, han gjødde, han peip, han tilbaud alle kunstar han kunne, han sprang ut på terrassen. Mest av alt hoppa han på meg og gjødde. Til slutt tok han teppet ut av buret, rista det og la seg på det. No ville ikkje han meir.

Eg greidde å stålsette meg. Stod og stod. Peika i blant på buret når han blei for frustrert over at ingenting skjedde. Til slutt kasta eg ein pølsebit inn i buret. Etter nokre rundar, sprang han fort inn og fort ut. Klikka medan han var inni og han fekk mange godbitar då han kom ut. No tok han teikninga. Fort inn og fort ut. Rakk ikkje å gje godbitane medan han var i ro inni, men tenkte at han i alle fall får bli trygg på at døra ikkje går igjen. Det er panikken hans.

Etter mange kjappe inn og ut igjen, fekk han ikkje godbit. Eg sette meg på huk og viste at eg gav godbit inne i buret. Og jammen stoppa han inni buret. Først var det halvveis sitt, etter kvart kom det ligg. Som de ser av biletet, er buret i minste laget. Han må arbeide for å få heile seg innanfor. Men det går. Undervegs hadde eg sagt "i buret" kvar gong han var på veg inn.

Nå er vi komne til at eg kan seie "I buret" og han spring inn. Han ligg til eg seier "fri". Trener på at han då skal kome direkte til meg. Ingen av kommandoane er sikre enno, men han har forstått teikninga.

Eg må innrømme at dette gjekk fortare enn eg hadde frykta. Nå må eg bare skaffe meg eit bur som det er plass til heile han i.

Vi har etter at dette begynte å fungere, trent korte økter med "i buret", "fri", på klossen og leik. Veldig kjekt.

fredag 18. juli 2008

torsdag 17. juli 2008

Eg blir tullete i hovudet

Veit ikkje heilt om eg liker taktene i heimen etter at eg kom frå feriekoloni. Matmor har vore klistra til datamaskinen i fleire dagar. Eg har prøvd å få henne til å forstå at eg er her eg òg. Men det er som om ho ikkje høyrer. Heldigvis ser det ut til at ho har tenktå ta eit lite pust borte frå maskinen slik at eg kan kome til. Det h har arbeidd med er forresten reisebloggen ho har laga seg. Det var visst ikkje bare enkelt å skrive frå USA. Dei mangla bokstavar (stakkars dei) sånn at mor måtte kladde mykje å skrive det etter at ho kom heim. Reisebloggen finn du her viss du er forviten på ka ho har brukt tida til.

Men tilbake til meg og dagane i heimen.

Aller først eg er blitt kasta på golvet. Får ikkje sove i senga meir. Det verste av alt er at det var ganske greit å ligge på sakkosekken min.

Så var det treninga. Vi møtte Punky med familie på onsdag. Og etter det er det bare tull. Vi har fått ein trekloss i hus. Den skal eg visstnok stå med framlabbane på. Eg blir frustrert og set i gang med å klage. Ka er det ho vil? I dag bar ho opp eit bur òg. Vi treng ikkje bur! Ein ting er at eg ikkje får sove i senga, men skal ho stenge meg inne i buret i tillegg.

I kveld trente vi saman med Pia og Faya (og matmødrene deira). Det var den dumme klossen, metallapport og innkalling. Pia fekk til den der dumme treklossen. Eg lurer på kossen ho gjorde det. Prøvde å følge med frå bilen, men forstod ingenting. Metallapporten var faktisk kjekkare, men den er framleis litt ekkel. Dei blei litt imponert då eg greidde å halde den fast. Dei andre fekk leike med dummy og tre/plastapportar dei. Ikkje eg....

På slutten skulle vi ha innkalling. Det var kjekt for Silje stilte seg i midten og vifta med eit pipedyr. Så kjekt. Eg stoppa opp og ville leike. Men ho er jo ikkje heilt smart. Då ville ho brått ikkje. Ka var poenget med det? Så blei matmor litt sur og eg fekk ikkje pølse. Skjønar lite eg. Dette gjentok vi. Mor fløyta, Silje vifta med pipedyret og eg sprang til henne. Då forsvann pipedyret og det var bare fløyta til mor igjen. Den var jo grei den og eg sprang fort til henne. Men eg skjønar ikkje kvifor Silje ikkje ville leike.

Nei, eg får legge meg å tenkje på alt dette rare. Buret har ho heldigvis ikkje slått opp enno.

mandag 14. juli 2008

I'm back

Ja, det er Matmor som trur ho kan litt engelsk etter ferien. Eg held meg til det internasjonale hundespråket.

Men altså endeleg er eg tilbake. Eg har vore på feriekoloni (andre kallar det kennel) i 19 dagar. Ganske lenge ikkje sant. Då eg skulle dit hadde eg for første gong ikkje lyst. Ho som eig Vertshuset syns eg var rar for eg plar alltid kome springande til henne. Men eg syns det var vanskeleg å gå frå matmor denne gongen. Vi hadde vore saman heile døgnet i ein lang periode. Det hjelpte då ho eg skulle dele rom med, kom ut.

Mor sa etterpå at ho hadde sendt ein SMS til Vertshuset for å sjekke om alt var bra. Trur ho hadde kutta ut ferien bare for det. Meldingen frå Torill i kennelen var: "Han er i knallform! Har vært ute og leika og sprang rett inn i garden og logra då han måtte inn igjen :-).. hadde eit fanteblikk då han "tok av" :-)"
Då reiste matmor på ferie til USA. Eg er glad eg slapp å vere med. Tenk om eg måtte vere i bagasjerommet på flyet så mange timar som dei reiste?! Det trur eg ikkje eg hadde likt.

Dei såg mange hundar på ferien. Dei syntes at dei på landet som hadde mange mange jorder å springe på, hadde det bra, men det var veldig varmt i Amerika så matmor syntes synd på alle dei stakkars hundane som var ute og gjekk i den varmen. Tenk å vere stor hund i 35-40 grader!

Veit de ka? Det var fleire hundar som hadde straumhalsbånd rundt halsen! Tenk at dei gjer sånt. Det var til og med hundar som gjekk i band som hadde det. Det kan jo vere at dei hadde brukt det då dei sprang fritt. Men tenk å få eit støt kvar gong eg ikkje kom straks mor ropte. Hjelp! Eg har prøvd sånn eit bånd for lenge sidan. Eg skulle liksom bli sauerein, men vi fullførte ikkje kurset for ingen av oss likte det. Eg syns det er feigt av dei tobeinte å bruke slike metodar. Dei som trur dei er så glupe, kan vel finne på betre metodar!

Her er det tre hundar som er på veg til Central Park for å lufte seg. Eg hadde så lyst på eit bilete av ein hundeluftar med mange hundar, men trur du ho hugsa på det? Så det eg fekk i trøyst var dette. Ikkje hadde ho kjøpt noko fint til meg heller. Det einaste ho hadde sett som var smart der, var ei hundeseng og den tok visstnok for stor plass til å bli med heim. Pøh. Hadde ho villa så hadde ho fått det til. Men kanskje eg bare skal vere glad for at ho ikkje kjøpte dei der stygge halsbanda med seg heim.

I helga har eg stort sett kost meg saman med den tobeinte familien. Eg har bada og gått ein liten fjelltur.

I dag har matmor halde på med maskinen heile dagen. Ho ryddar visst i ein annan blogg ho har. Skal visst fikse og legge inn bilete frå ferien. Det tar altfor lang tid. Ho burde heller trimme meg.

I kveld har eg trent litt. Eg har trent på å avlevere gjenstandar som ligg ute på asfaltet (ho hugsa brått på at eg ikkje var flink til å levere under feltsøket før ferien) og så har eg prøvd meg litt på ein kasse. Skulle ha labbane på. Men koffor det? spør nå eg. Pia hadde tatt med seg matmora si så dei var òg med for å trene. Pia hadde trent litt på den kassen så ho gjorde rett med ein gong. Hm. Må tenke på den der.

Og endeleg fekk eg sånn "vom og hundemat" igjen. Det er SÅ godt at eg har problem med å greie ein skikkeleg på plass før maten. Eg blir så gira bare med tanken på ka eg skal få ete, at eg set meg heilt skeivt. Og når det er ekstra god mat, krev ho ekstra fin på plass. Å- det er vanskeleg!

Ekko