onsdag 6. august 2008

Kvakkungen - den nye kvakkien min.

Matmor mi gløymde å ta med min kjære Kvakki sist vi var i Bergen. Eg har sagt til henne mange gonger at det er hennar ansvar å leite overalt slik at vi får med oss alt eg har spreidd rundt meg. Men hugsar ho det??


Eg har altså måtta vere utan LENGE. Har fått låne av Pia og Faya, men det er jo ikkje det same. Endeleg har jo kjøpt ny. I tillegg til ein store har eg fått ein liten som matmor tenkte ho kunne ha i lommen. Men det tenkte ikkje eg. Den er jo kjempekjekk å ha med seg overalt.

I natt la mor den høgt opp på eit skap. Eg fekk nesten ikkje sove og straks ho vakna, stilte eg meg opp slik at ho skjønte ka eg ville ha. "Kvakk-ungen" fekk bli med meg på morgonturen i dag.

Eg har gleda meg heile dagen til å vise den til ungane i barnehagen, så då matmor kom heim, stilte eg meg opp med Kvakkungen i munnen. Klar for tur. Men veit du ka mor gjorde? Ho gjekk forbi barnehagen! Eg prøvde å vise ka eg ville, men ho blei bare sur. Så snill som eg er, gjekk eg jo med henne eit lite stykke vidare. Det kunne jo hende ho trengte litt trim. Men då eg skjønte at dette bar heilt feil avgarde, nedla eg protest. Ikkje ein meter lenger i den retningen ho ville! Eg snudde 90 grader. Så stod vi der og hadde tause forhandlingar. Resultatet blei at vi gjekk strake vegen tilbake til barnehagen. Og der sat det mange jenter og bare venta på meg! Eg vifta rundt og laga litt lyd for at dei skulle sjå skikkeleg på den flotte anda mi. Dei likte den veldig godt dei òg.

Etter det kunne eg godt gå tur, men då gadd ikkje mor meir, så vi gjekk heim. Ho er ikkje lett å forstå ho eg bur hjå....

mandag 4. august 2008

Vi trufaste.

Det er ganske kjekt med denne sommartreninga. Vi har dei siste vekene vore ein liten kjerne å fire der det har dukka opp ein eller to ekstra i blant. Tempoet vårt har ikkje vore det høgaste, men det har til tider varmen vore, så då går det vel opp i opp?

I dag dukka Ingeborg og Sander opp. Det var kjekt. Kanskje det betyr at det nå går mot den tida der fleire kjem? Vi må gjerne setje opp tempoet òg då??

Aller først hadde vi helsing:
Det gjorde vi på ulike måtar med dei ulike hundane. Faya skulle ha utgangsstilling og sjå på Elisabeth før ho fekk kome til oss. Det var ei utfordring for vi lokka jo med godbitar. Men Faya greier det meste, så det gjekk jammen det òg.
Med Ekko ønskte eg at dei var i oppreist stilling. Det lokkar mest til hopp. Han forstod fort teikninga (at han skulle sjå på meg før han fekk helse). Då endra vi til at Ekko og eg gjekk tur i tillegg til at figurant gjekk rundt og lokka. Då gløymte Ekko alt. Dit ville han. Til slutt sette han seg ned med ryggen til meg! Han trengte tid før han forstod at det var blikk-kontakt som var viktig her òg. Ingen hopp.
Sander syns ikkje vi var interessante då vi bare lokka. Men då vi begynte å friste med godbitar kom han som ei kule.
Era skulle vi helse kort på og det var matmor som skulle premiere henne. Det gjekk veldig bra. Ho sprang fram. Det var vel kun eit lite hopp og det var då ho kom mot meg. Trur mest det var feilrekning av avstand.
Pia er i storform for tida så ho greidde det òg med glans, men ho syns ikkje vi var så spennande som før.

Innkalling.
Dei andre hundane er så flinke at det bare er å bøye seg i støvet. Innkalling er ikkje akkurat det vi kan best. I dag skulle eg trene med den nye fløyta eg kjøpte av Marit. Eg hadde sikra meg med at det var eg som hadde kvakkien. Ved første fløytelåt var det ingen reaksjon. Ekko sat som ein gud og venta på kommando. Eg måtte rope. Då kom han som ei kule. Dei to neste var med stor avstand, freisting i midten og med fløyte. No var han ikkje i tvil. Kjempebra!
På Pia tok vi ei innkalling som eg håper Ekko òg kan greie etterkvart. Pia gjekk og snuste i bakken. Plutseleg ser ho Ingeborg springe i fullt firsprang inn i buskane. Pia etter. Silje fløytar og Pia snur! Eg er imponert!

Klossen.
Eg må ta meg saman og ta opp den treninga. Den forsvann litt i varmen for meg. Ekko har begge beina på klossen og går med bakbeina. Men vi må vidare.

Frivillig sit/dekk/stå.
Eg gjekk bakover - Ekko framover. Eg premierte alle frivillige sitt og stå som kom. Det kom ingen dekk. Brydde meg ikkje om det. Var meir oppteken av at han tilbaud frivillig utan at eg stoppa å gå eller sa noko.

Felles tur.
Eg var litt spent på korleis Ekko ville reagere på Sander. Hadde sett at han ikkje brydde seg om han heile kvelden, men når dei skulle gå i lag... korleis ville det bli?
Det var ingen problem. Alle gjekk fint. Av og til i breidde og av og til på rad. Ser at det hjelper at Ekko trener på å gå midt i og bak i ei rad.

Når eg har fått sove ut etter dei rotete nettene med tôrever (Ekko var ikkje mykje høg i hatten då...) og gjort leksene til instruktørsamlinga, då skal eg setje opp nokre treningsmål for den nærmaste framtid. Kjenner eg treng det no. Er lite gjennomtenkt på ka det er eg vil for tida. Får skulde på feriekjensla.

søndag 3. august 2008

Kul-tur i Årdal

På torsdag fekk eg SMS med spørsmålet om eg ville bli med på kul-turen på sundag. Det høyrtes jo kjekt ut og når tilbodet inkluderte middag var eg kjempeklar.

Etter to rotete netter på grunn av tôrever, drog eg sundag føremiddag til Årdal (i Ryfylke for dei som er i tvil..). Ikkje langt frå gården som hadde flott laks til middag, starta løypa så her var det bare å ta skogen og kul-turen fatt.
Eg var jo spent på ka dette var for slags tur. Det viste seg å vere ein tur som ein kan gå heile året, men der det var lagt ekstra opp akkurat no. Løypa var veldig familievenleg. Vi møtte dikt, visdomsord, flott natur og sist, men ikkje minst: Eventyrskog! Kjempekjekt for store og små.
Ekko og mor Alpha hadde seg ei leike-ri då dei møttes. Det er full rulle med ein gong dei ser kvarandre.

Eg var spent på om Ekko ville greie å gå fint med Alpha framfor seg. Dei to har stadig konkurranse om kven som er først. I dag var det veldig tydeleg at Ekko ville markere at eg er hans. Snakka eg med Alpha, gnegde han seg inntil meg. Alpha er veldig klar over at Ekko får godbitar når ho høyrer at eg seier bra. Då er ho òg klar for premie.... Det er ikkje så mange godbitar i form av premie i forhold til innsats i hennar liv. Men det er mange godbitar i form av tjuveri, smisking.....

Ekko gjekk bra. Han drog litt meir i starten, men roa det ned. Fiksa å gå bak meg (til og med då eg gjekk langt bak i rekka) der det trengtes. Han visste vel at han hadde det beste kortet (godbitlommen). Heile turen gjekk dei i band for dette er verkeleg saue- og ungkyrland.

Villdyret mitt er jo litt skvetten av seg så eg var spent då dei ulike trolla dukka opp i eventyrskogen (storskrytaren, nøkken, fossekallen, ugla, Hugin og Munin, trollkjerringa, reven, bjørnen osv). Han har jo tendens til å begynne å bjeffe når noko er nifst. Men dette var visst heilt naturleg. Det var flotte figurar som var utskorne og som vi måtte bruke augo for å sjå langs løypa.

Har du lyst å ta med deg ungar og hund er det bare å kome seg til Årdal, kjøre mot Høyland gard (ein spise- og overnattingsstad) og forbi den. På første flate svinger ein inn til venstre (fleire postkassar og skilt til "Kul-turen"). Turen tar cirka 1 time i roleg tempo. Ungar kan fort leike den lenger. Løypa er merka med blå maling. Etter det eg forstod hadde det tidlegare vore ei lenger løype der dei gjekk til ein stad der det hadde stått ei flyktningehytte under krigen. Ein kan gå dit no òg, men historien heng ikkje på plakat der lenger.
Og er du først på dei kantar så er det bare å kjøre litt lenger oppover. Dette er utgangspunktet for fleire flotte fjelltoppar du kan kose deg med. "Nipen" og "Tofjell" mellom anna. Og at det er vakkert i Ryfylke, treng eg vel ikkje seie noko om..
...

lørdag 2. august 2008

Burleken

Vi prata på siste trening om at innlæringa av burleken på Fanny-kurset var kortutgåve og at vi burde sjå på artikkelen i Canis. Den er i Canis nr 4/2007. Artikkelen er skriven av Maria Yttermyr.

fredag 1. august 2008

Eit lite gjennombrot

"Har fått nytt bur eg, men veit no ikkje heilt om det er trygt. Best å ha snuten utanfor."
I varmen har vi hatt litt innetrening. Burleiken, henting av gjenstandar med avlevering og leik.
Og for første gong opplevde eg at han i fleire av tilfellene hadde heile kroppen godt innanfor i buret. Då tenkte eg at det var tid for å gje han ei ny utfordring - stengselet framfor inngangen. Eg tok det halveges ned, klikka og gav godbit. Nokre gongar slik. Så vågde eg meg på heilt ned. Då kom labben ut og halve snuten. Dette var nifst. Bestemte meg for å fortsetje sjølv om labben var litt utanfor. Det gjekk veldig fint. Han protesterte ikkje meir. Døra kunne ligge framfor snuten lenge. I andre runde var det bare ein pote som var utanfor.
For meg er dette eit stort gjennombrot med tanke å alle protestane mot å gå inn og all redsle for å bli stengt inne i eit bur. Eg har ikkje begynt å ta borti glidelåsen enno....
Og under over alle under - under middagen i dag, gjekk han inn i buret (det står nå på kjøkkenet) og la seg medan han venta på at måltidet skulle bli ferdig. Eg trudde mest ikkje det eg såg!
Eg skulle gjerne hatt eit større bur, men dette var det største vi fann og det ser ut til å fungere.