tirsdag 7. oktober 2008

Så godt å trene igjen

Endeleg var det treningskveld igjen. Ekko var nok overtent og matmor hadde vondt i hovudet, men ka gjer vel det?
Vi trente saman med Elisabeth og Faya.

Aller først skulle alle hundane gjennom håndteringstrening. Nokre hundar skulle vise tenner. På Ekko ønska eg at dei skulle ta på han, kjenne og kikke som om han var hjå veterinær. Fungerte veldig bra.

Deretter skulle vi trene på stå med forstyrring. Det tok tid før Ekko skjønte ka eg ville. Han sette seg, rygga, trippa med bakbeina osv. Måtte ha nokre kjappe klikk straks han stod eit sekund stille. Er eigentleg herleg å sjå på kor treningsivrig han er.
Omsider forstod han teikninga. Då stod han stille om eg lea på meg, slapp godbitar i bakken og plukka dei opp igjen. Kjempebra. Må trene han på at han ikkje autmatisk kan spise dei eg har mista på bakken.
Neste runde trengte han òg tid på å koble til stilleståing.

Etter det skulle vi trene på kontakt under lineføring. Her er det framgang, men mykje arbeid framfor meg. Så denne veka skal eg ha fokus på at han set seg straks eg stoppar. No går han vidare medan eg står stille...

Treningsøktene var korte og effektive. Han hoppa fint inn i bilen mellom øktene.

På slutten gjekk vi tur. Han er veldig opptatt av Pia og blir uroleg når Scotty er i nærleiken for å oppsummere kort. På grusbanen får han eit kick. Han må leike. Så då blei det drakamp med bandet.

PS. Elisabeth syns han var blitt muskuløs sidan sist. Må sjekke om dei har treningsstudio på kennelen.....

Eit hundeliv på Kreta

Matmor har vore ute og reist - igjen. Eg syns det er så dumt når eg må bli igjen heime, men SÅ kjekt når ho kjem heim igjen. Denne gongen burde eg ha vore med. Hundelivet på Kreta ser jo ut til å passe meg utmerka. Eller ka syns de?
Sjefen for olivengården i Vrisses og butikksjef i ein liten butikk i Rethymnon.
Eg trur eg kunne hatt slike jobbar eg...

Bak på lasteplanet. Såg jo kjekt og spennande ut, men eg trur eg heller vil sitje i framsetet.
Hundar på bytur. Dei driv sikkert med bytrening der dei går i band....

Elles trefte ho visst på litt forskjellig frå dyreverda:
Sukk frå Ekko

fredag 26. september 2008

Retrieverar av alle slag...

Som eg skreiv i forrige blogg så instruerar eg på runderingskurset til Retrieverklubben. Det er ei morsom oppleving med spreke retrievarar av ulike rasar ;-). Det er så spennande å sjå kor lett dei tek utfordringa og kor flinke hundane er. I går var det enkeltslag og trening med apport som var tema. Her er nokre av dei flotte deltakarane. No satsar vi på at vi får fleire ivrige medlem i bruksgruppa vår. Kanskje vi etterkvart kan få ei gruppe som arbeider med fleire område innan bruks?
Og eit lite PS - takk til Anne Lise, Torhild og Silje som var på OD framleis då eg kom i går kveld. Både Ekko og eg var glad vi fekk avslutte kvelden med ein tur saman med trivelege tobeinte og firbeinte.

tirsdag 23. september 2008

Det blir lite trening på oss.

Denne veka får Ekko lite trening, mens eg arbeider med hund heile tida. Stakkars han!

Måndag var eg medansvarleg for runderingskurskveld i retrieverklubben. Veldig kjekt og flinke hundar. Satsar på at noen av desse heng seg på brukshundgruppa etterkvart. Blir ny runde på torsdag.

I kveld har Ekko og eg vore figurantar på Siddis hundeskole sitt problemhund-kurs. Ekko er ein tolmodig og roleg figurant. Nokre av hundane var veldig nære til tider. Kjenner det er kaldt når sola forsvinn og eg må seie eg er imponert over Ekko som går att og fram på asfalten i 2,5 timar.

I morgon er det igjen eg som skal lære om å instruere hund. Eg går i beina på Arne på kvardagslydnadskurs.

Torsdag er det igjen runderingskurset og så satsar eg på å rekke litt trening på OD (ver litt seine før de dreg heim......).

Så altså stakkars Ekko. Det er godt han og Kvakki forstår kvarandre. Eg får seie at denne veka har eg trent på sosialisering, bilburet og ro.

Ja, forresten, bilete er jo ein av Marit og Jan Inge sin kvelpar. Oskar og eg var der forrige fredag. Kjempesøte! Det var rett før vi lurte med oss ein heim.

søndag 21. september 2008

Kva for ein hund er du?

SVT har ein liten, morsom test. Ka for ein hund er du? Eg blei engelsk bulldog. Nå kan du jo sjekke ka du blir - eg tar gjerne i mot resultatet ;-). Her er linken.