mandag 22. juni 2009

Fin treningsøkt i sommarsol

I kveld var det strålande sol på området. Vi skulle trene på:
  • bli liggande på teppet
  • luktdiskriminering
  • apport

Det blei det som var planlagt pluss "på plass". Ekko var begynt å slurve veldig på den. Dekka istaden for å sitje.

Først var det teppet. Denne tok han fort og gjekk og la seg då eg sa teppe. Greidde å vente på "fri". Det var leik som var premien. Innimellom sette eg meg slik at det blei pausetid for begge.

Apporttreninga starta elendig. Han tøffa avgarde og henta apporten, beit på den, kom inn og la seg fint i eit dekk... Gjekk over til å trene kun sitt og på plass. Dette blei premiert med leik. Etterkvart tok eg fram apporten igjen, gøymte den og sende han avgarde. No var det fart og fine innkomstar. Veldig bra.

Luktidiskriminering slit eg med. Det går fint dei første momenta, men når det blir avstand har han lett for å ta det i munnen og apportere. Fekk trent litt, men ikkje nok. Han toucher egget, set seg mot meg osv. Eg skal ha bort koss han sitt difor trente eg på sjølve nasenkontakten med egget. Litt pirkearbeid, men det går vel bra til slutt ;)

Etter treninga gjekk vi ein fin tur med hundane. Ekko fekk her trent på å gå fint i band.

søndag 21. juni 2009

Tjensvollgjengen på tur.


Laurdag føremiddag møttes Tjensvollgjengen (Pia, Era og Ekko med førarar) med ryggsekk og godsko. Vi skulle kose oss, trene og nyte dagen. Vi starta ved litle Stokkavatn, gjekk vidare til store Stokkavatn. Til saman gjekk vi ca 1 mil. Ikkje rart vi syns at vi trengte lang matpause og fleire badepausar for hundane. Det var sol og mykje kjekt å trene på. Her er noko av det hundane var innom:


  • kyr, hestar, sauer, ender, måker og sinte svaner med ungar...
  • andre hundar
  • vente på tur medan ein badar og får pinnar kasta ut i vatnet (veldig vanskeleg)
  • gå roleg sjøl om ein hund ligg først i køen
  • sitje roleg ved sida av kvarandre
  • ikkje få lov til å vere ved sida av dei to andre (altså sitje på avstand)
  • slappe av når det er matpause og dei ligg bundne til kvar sitt tre (Era var suverent flinkast her)
  • gå roleg sjøl om det kjem joggarar, syklistar, barnevogner, ungar, folk med stavar osv
  • vente på versegod før ein får spise matpakken (Det var kun Ekko som hadde skikkeleg matpakke. Dei andre må ta det med neste gong..)
  • holde fokus sjøl om fuglane kreler rundt dei

Ja, og sikkert mykje meir. Hundane var kjempeflinke og takla det meste. Ekko må trenast på å slappe av på avstand frå meg. Ellers får Pia lov til å kjefte så mykje ho vil på han. Han overser det suverent.

Vi brukte 5 timar på turen. Det kunne fort blitt lengre for på slutten møtte vi ei svane med ungar. Og ein "smart" mann som kasta godbitar til dei. Dei var midt i vegen. På den eine sida var det gjerde og på den andre vatnet... Lite grøftekantar. Vi prøvde litt. Ekko kjefta litt, men det kom bare sinte fres frå svanemor. Ei dame skulle tydeleg ut å fotografere. Såg nok det fine motivet å starte med på turen, men måtte snu og gå tilbake til bilen. Vi andre stod på andre sida av villdyret og venta på fredstider. Heldigvis fann ho det for godt å ta sine søte små med ut i vatnet. Så vi kom oss heim.













Dette var ein kjempetur som vi kjem til å gjenta fleire gonger.

---

I dag sundag har vi vore på retrieverklubbtreff på området. Frå bruks møtte Gro og eg. Maja viste eit langt spor. Ekko viste ID-spor og rundering. Begge hundane var veldig flinke. Utanom det så imponerte jo lydnad og jakt. Triveleg dag i solskinnet.

Bileta er frå mobil (Torhild og min). Eg hadde gløymt å lade kameraet....

lørdag 20. juni 2009

Vi har trent sjøl om det er travelt

Eg trur Ekko er veldig glad for at denne veka er over. Det har blitt mange timar aleine i heimen. Men vi har altså trent litt...

På sundagen var vi på ein liten tur med Punky. Det var kjekt.

Måndag var det trening på området. Marit og eg trente på bringkobbelmeldinga. Her hadde Ekko to fine, men så skulle jo eg slå til med ein ekstra.. Akkurat, den var totalt mislukka. Han var ikkje så gira som på laurdag, men det er håp.
Så trente vi litt på te-egget. Altså luktdiskriminering. Her blandar han mellom å sitje og å dekke ved egget. Deretter sprang eg til kunstklubben. Og godt var det for eg blei eit flott bilete rikare:).

Tysdag var det ikkje tid til så mykje mental trening, men vi fekk til ein runde med te-egget. Oppdaga at han ikkje set seg ved egget, men ved meg. Dvs at eg no begynte å stille meg eit stykke frå egget. Då markerte han på deto og kom nærmare meg for å setje seg....
Om kvelden gjekk vi i Sørmarka. Her hadde Ekko fleire flotte opplevingar i møte med andre hundar. På ein bestemte han seg for ikkje å ta kontakt, men å følge kommandoen min, på ein annan gjekk han til meg då den andre knurra og resten tok han veldig bra. Gjett om eg var glad :)?

Onsdag var det ein runde rundt Mosvatnet før eg sprang på jobb igjen. Fekk ikkje tid til trening i det heile. Jo forresten, vi trente jo på turen. Han møtte hundar og fuglar. Og alt gjekk fint.

Torsdag var det heldigvis aktivitetskurs igjen. Det er kjekke timar det! Heldigvis skal vi fortsetje til hausten for vi blir inspirert, vi blir korrigert og vi har lekser til kvar gong. Rett og slett lærerikt.
Eg fortsette med te-egget. Arbeidde aleine på grunn av at eg kom ein del seinare enn resten. Fann ikkje løysinga på det å få han til å sitje ved egget bevisst. Trente på å få han interessert i å snuse på egget når det var synleg og når det var gøymt. Det gjekk veldig fint. Heilt på slutten fekk eg faktisk eit par markeringar på rett plass (altså at han sat ved egget og markerte)!
Etterpå trente vi litt tapt apport. Gjekk fint. Trente på å apportere dummien på slutten. Her må eg trene endå meir på ro før henting. Dummien er heit.

Fredag fekk Ekko ein tur rundt Mosvatnet. Turen var deilig. Etter den var det bare å skifte kler og dra på sommarfest på jobben. Stakkars dyret. Eg kom ikkje heim før langt på natt. Eg må innrømme at den der hunden min er snill og tolmodig.

All einsemd i veka tok vi igjen i dag, men laurdagen fortener eigen artikkel.

lørdag 13. juni 2009

Ein god dag på "jobben".

Sol, men litt kald vind på Sviland i dag. Vi var 5 spreke menneske og 4 spreke hundar som ville rundere i dag. Først ut var Punky som jobba godt i varmen, så Pia. Eg gjorde Ekko klar for arbeid så eg fekk ikkje med meg korleis det gjekk med henne. Men Silje var blid som ei lerke etter treninga. Pia hadde fortsett på det gode arbeidet ho gjorde sist laurdag.

Så var det Ekko:
Han var i storslag. Fekk med seg at dei snakka i walkie og at det tydeleg var nokon i skogen. Stod på parkeringsplassen og trippa. Gjekk fram til der eg skulle sende han ut. Bad om eit klapp, gjekk i ring og stilte han opp. Rett ut i god fart! Finn figurant, forflyttar seg fint framover då eg roper og krysser midtlina. Rett over til neste figurant. Slag tre blir like godt. På slag 4 lurte eg på om han begynner å tulle for han kjem tilbake mot meg, men nei, det var bare ein omveg for å finne betre plass å krysse elva. Finn figurant og kjem fint tilbake, krysser lina. No stoppar han opp. Hm.... Men det var visst bare for å spise gras. Då den jobben var gjort, sprang han fort innover i tette skogen.
Det 6.slaget blir eit blindslag. Han finn ikkje figuranten, men kjem inn igjen. Sender han over på neste. 7.slaget går fint. Det 8. er eit planlagt blindslag. Silje gøymer seg på midtlina, men Ekko er ikkje lett å lure. Han ser henne og ser ikkje poenget med å springe inn i skogen. Set nasen i veret, kjenner ikkje lukta av menneske og vel heller å spise gras. Då sender vi han over på Jan Inge som no har fått beskjed om å kome nærmare. Hunden begynner å bli sliten. Full fart ut der og fin overgang til Silje igjen. Sluttar her.

I dag har han altså holdt koken lenge, han hadde fart, forflytta seg fint framover fleire gonger. I tillegg underholdt han oss med å kome springande med gras i munnen. Han åt faktisk gras i fart :). Kjempefin økt!

Etter pausen var det meldetrening. Eg har strevd med siste moment i baklengskjedinga av meldetreninga: Frå figurant - inn til meg - ut igjen til figurant. I dag løsna det. Han tok teikninga. Ikkje den største farten inn til meg, men farten kan ingen klage på då han fekk kommandoen "vis". Han auka farten inn til meg då eg gjorde ein variasjon med å bli med han ut til figurant, la dei leike ferdig, gje figuranten lausbittet og få Ekko til å sjå meg medan eg spring nedover vegen. Stiller meg opp, figurant held bittet framfor Ekko og han spring inn til meg, set seg og ventar med å sleppe lausbittet til kommandoen kjem. Er litt for ivrig etter å kome ut, men det går bra.

Like gode var Pia og Maja (Punky hadde reist heim) på det momentet dei trente på. Så her var det ekvipasjar som reiste glade heim.

fredag 12. juni 2009

Tapt apport og luktdiskriminering

I går var det endeleg akrivitetskurs igjen. Eg har ikkje vore med sidan midten av april så dei andre var komne langt på område eg ikkje hadde begynt på.

Eg arbeidde saman med Gro og Maja. Maja var blitt ein reser til å plukke opp tapt apport og legge seg ved sida av gjenstand med den lukta ho hadde trent på. Spesielt på dette med å markere på funn var ho veldig interessert i.

Ekko og eg var på bar bakke. Vi starta med å trene på tapt apport på asfalten. Ekko har ingen problem med å plukke opp og kome inn med det han finn, men det er ikkje fart over sakene. Vi gjekk ut i naturen, men der mista eg all kontakten med hunden. han tok "stand" og det var visst gevær og ikkje godbitar eg skulle stille opp med.
Dette må vi trene meir på.

Så var det første trening med te-egget. Ekko fekk klikk for all kontakt med egget. Etterkvart la eg det på bakken. Han markerte det fint. Så skulle eg trene på sitt. Det var frustrerande syns Ekko. Han tilbaud rygging og stå, men sitt var ikkje på lista han kom med. Etter ein del frustrasjon, måtte eg kommandere sitt. etter det kom det fleire sitt. Eg må få med meg stega etter det...

--
Ekko har i det siste hatt fine møte med andre hundar. Eg kan sjå på han når eg bør lage avstand og når han er venleg interessert. Han har fiksa forskjellige hundar i forskjellig alder. I går var han avslappa nær Scotty. Utruleg. e
Eg tør nesten ikkje skrive om det for då tek det vel slutt.
---
I kveld har vi trent på te-egget. Ekko begynner å forstå at han skal setje seg ved sida av egget, Men når eg legg egget eit stykke unna og seier søk, apporterar han. Ordet søk har eg brukt på det å leite etter godbitar og mykje anna. Må visst bli meir bevisst bruken av ord.