fredag 18. desember 2009

Nå vil eg seie noko..

Matmor mi har det altfor travelt. Ho har ikkje tid til å skrive om treningane våre. Ho spring bare på jobb, er så vidt innom for å lufte meg så spring ho igjen. I blant har ho med segmange posar med ting og tang. Her er så rotete at eg nesten har gitt opp. Men no har nå støvsugaren kome fram og det heng englar i nokre greiner. Har ein mistanke om at dei to ekle nissane òg dukkar opp. Eg får prøve å oversjå dei.

Men tilbake til livet her og no. Som sagt matmor jobbar, men ho tok seg litt fri. Jippi, tenkte eg. Det er nok for å trene meg. Men så kjørte ho meg til Torhild på Hundens Vertshus. Hallo, det var ikkje det eg hadde tenkt meg! Heldigvis kom ho òg henta meg og kjørte rett på trening. Eg var så treningssugen at matmor blei heilt overraska. Vi trente på sånne gamle ting som eg nesten hadde gløymt: Sitt, stå, dekk på kommando medan matmor går bakover og eg følgjer henne. Era stod til og med i vegen, men ka brydde eg meg om det? Me trente jo! Kjempekjekt. Fellesdekk gjekk fint den òg. Litt bamse fekk eg til. Ja ein god kveld.

I går kveld var det iskaldt, men eg har god pels. Det har Maja òg. Men dei andre har visst ikkje det, for dei kom ikkje på treninga. Det var dumt for dei gjekk glipp av då Maja tok ein Scotty! Eg såg det frå bilen for me øvde på lausbitt. Maja ville vere hjå matmor mi og kose seg, men då ho endeligt sprang til Gro, stakk ho av. Eg trudde dei tobeinte skulle flire seg i hjel. Ho gjorde mange gode meldingar òg forresten.
Gro er så kjekk for ho leike rmed meg så eg sprang avgarde for å hente lausbittet og full fart til matmor igjen. Det gjeld å ikkje sløse bort tida når kjekke ting ventar!

Etter eit par treningsøkter ( me greidde å halde dei tobeinte varme) bestemte dei seg for at det var turtid. Og det blei ikkje den vesle turen, men skikkeleg tur. Maja og eg fekk springe fritt over frosne jorder. Kjempekjekt. Eg fann spennande pels og tenkte å ta den med meg heim. Men rett før vi kom til bilen forsvann den. Hugsar ikkje heilt ka som skjedde, men borte blei den.

Nå er eg lei av dette livet så eg har bestemt meg for å bli rampete.Når ho er heime skal eg mase sånn at ho må leike eller trene med meg.

bjeff frå Ekko

søndag 6. desember 2009

God runderingsøkt


I går var det mange som ville rundere. 9 hundar skulle vise ka dei dugde til (Ekko, Balder, Dea, Molly, Scotty, Punky, Evita, Fabi og Ulva). Det krevde at vi måtte vere ganske effektive. Hadde vi tenkt oss om så skulle vi kanskje delt oss litt, men det er eit pluss å få vere fri for oppgåver rett før og rett etter at ein skal jobbe med sin eigen hund.

Ekko var førstemann ut. Vi brukte den store løypa. Ekko gjorde ein kjempejobb. Holdt koken gjennom heile løpet (10-12 slag). Han er blitt flink til å kome inn på midtlina straks figurant er passiv. skråing framover gjekk også veldig bra denne gongen, Han krysser fint.  Rett og slett eit godt stykke ar beid!

Eg hadde tenkt å kjøre lausbitt etter pausen, men sidan dagen blei lang og alle reiste heim etter første økt, blei det tur på Ekkoo i staden. Han likte nok det best :).
Men eg må få dette inn i arbeidet etterkvart no. Han er klar for det.

Dei nye hundane, Balder, Molly og Ulva, viste god framgang. Veldig kjekt å sjå.


Scotty viste at han er på hogget bare det er tendens til løpetid i nærleiken. Her er det ingen moden mann som kan styre lystene sine :). Anne Lise var litt oppgitt, trur eg, for straks han slapp laus var det null rundering, men full fart med nasen i bakken på jakt etter den godluktande dama. No viste det seg at Molly nok var i startfasen av løpetid og Punky var ferdig for ei veke sidan (men ikkje i Scotty sin nase. Ho var til å bli yr av). Og ved at vi hadde brukt både skogen og vegen med desse hundane (ingen tenkte på at den unge mannen skulle miste hovudet så fort...) var det ingen luktfrie område for galningen. Så etter siste rundering kom Anne Lise og firgurantane tilbake. Scotty var det ingen som såg noko til. Omsider dukka han opp. Ferdig trimma.

---

Litt tankar rundt det å dele gruppa eller vere mange og nytte tida betre: Eg kjenner at førebels er vi ikkje så stabil stor gruppe at vi kan satse på fast deling. Og 4 i ei gruppe er litt lite. Det er eit pluss å få tid til å lufte hunden sin både før og etter økta. Då får vi gjort han klar for arbeidet og roa han ned etter arbeidet. Eg trur vi må bli flinkare til å ha "morgonmøtet" og fordele jobbane oss i mellom. Då kan dei som veit dei har ei ledig stund til dømes ta med seg hunden sin og trene på andre moment. Eg kunne til dømes tenkt meg å brukt ein av dei andre og trent melding medan andre var i skogen og jobba. Vil gjerne ha innspel på ka andre tenkjer.


Fotograf til alle bileta: Anita Lie

mandag 30. november 2009

Atferdsproblem og førebuing til nyttår. To artiklar

I kveld har eg lese litt som Manimal har lagt ut på nettet. Der står det mellom anna at det er ein klar samanheng mellom salsalder og atferdsproblematikk.... Gjennomsnittsalder på hunden som kjem til konsultasjon er 3 år.
Dei vanlegaste problema er:
  • Fryktaggresjon mot andre hunder
  •  Separasjonsproblemer
  •  Frykt, angst eller fobi for lyder, hendelser eller steder
  • Oppmerksomhetssøkende
  • Fryktaggresjon mot mennesker
Manimal har sidan 1999 hatt 161 ulike rasar til konsultasjon. Det seier i alle fall at det ikkje er alltid er rasen som er problemet.... Les artikkelen her.

Så var det nyttår. Tips frå Manimal når det gjeld det store smellet. Les atikkelen her.

søndag 29. november 2009

Veka som har gått

Det er travle tider, men vi har då trent litt. Fram til torsdag skulle vi trene på egget og musematta. Ekko tar snuten på egget og set seg, men skal han leite det fram, begynner han å grave. Altså må eg finne ei løysing på det. Musematta bør ein ikkje stå lenge på utan å bjeffe syns Ekko så her gjeld det å klikke i rett tid.

På torsdag var det ny kurskveld med Arne. Vi hadde fått tak i nytt område (takk, Bente). Takk og lys. Luksus. Gro m/ Lotta trente saman med oss. Lotta fekk prøve seg på egget for 1.gong og tok det på eit par sekund. Ekko kom ikkje lenger enn så langt han var komen før. Eg er lei egget .......

Heldigvis gjorde Arne klar agilitybanen. Ekko fekk trent litt på slalom og hopp før det heile blei sett saman. Eg oppdaga då vi skulle starte at det var kome eit nytt element: Hopp gjennom ein ring. Ja, ja vi får ta det når vi kjem til det, tenkte eg. Ekko blei gira alt i starten. Dette er visst enormt kjekt. Men han kom seg gjennom den minste tunnelen (tok den to gonger), hoppet, den store tunnelen og rokkeringen, men den blei hengande igjen på halen.... Slalomen gjekk bare sånn passe for nå var han direkte høg/rusa. Siste hoppet gjekk bra.
I runde to gjekk det betre, men han sprang forbi rokkeringen og hadde for høg fart inn i slalomen. Ekko bit meg i jakken viss han må stoppe. Eg trur eg skal ta ein sakte variant for å sjekke stilen hans.

Alle hundane greidde seg fint. Pia imponerte med å stoppe opp ved slalomen for så å springe gjennom den perfekt. Ho har eit talent for agility. Som alltid på aktivitetskurset er Arne der med falkeblikket sitt. Eit par små råd frå han og vips fiksar hundane meir.


På veg til sporet vårt. Foto Gro Larsen

Laurdag var det spordag på Dale. Vi var mange så vi prøvde å fordele området mellom oss. Gro og eg la spor for kvarandre. Mens vi venta på at spora skulle godgjere seg, trente vi. Eg lånte slalompinnar av Gro. Nå fekk Ekko litt sving og fart i det. Men eg må stoppe etter 2-3 forsøk for han tar av. Etter kort pause er han klar igjen. Prøver og å trene på egget. Går greit til eg gøymer det. Då grev han det fram eller ta det i munnen og  leverer det til meg.

Så var det tid for spora. Det første, det eg la sjølv, gjekk veldig bra når det gjaldt å vere trygg på sporet, men farten var for høg. Han stoppar når eg ber han vente, men han har liksom ikkje tid til å vente så veldig lenge....
Spor nr 2 (det Gro har gått) begynner bra. Han rotar i steinrøysa, men gjev seg ikkje før han finn sporet igjen, går fint vidare, men kjem etterkvart ut på eit ope område. Her set han nasen i veret og har tydeleg ferten av eit eller anna. Eg lurer på om han kjenner til sporet til Gro lenger borte, eller om det er anna hund/ førar i nærleiken. Etter det rotar han rundt og finn ikkje vidare. Han begynner på baksporet. Då stopper eg han og vi tar til på vegen tilbake til utgangspunktet. Akkurat då skulle eg ønskt at Gro hadde brukt min GPS slik at eg kunne sjekka om vi var på sporet og hjelpt han i gang igjen. No ante eg ingenting.
Det viste seg at Torhild sitt spor kryssa Ekko sitt. Det er nok det han fekk ferten av der ute. Dei var jo ute på same tida som oss. Ja, ja, det såg ut som Ekko var lukkeleg for det om han ikkje fann slutten. Han var jo på skogstur :).

Det er veldig fint på Dale, men på ein sånn fin solskinsdag dukka det opp litt folk så det var greit å ha hundane i langline så hadde vi kontrollen.

I dag har vi vore på tur med Era og Pia. I kø rundt Mosvatnet. Kjempetrening. Mange hundar og store og små menneske. Ekko verka uinteressert i dei fleste hundane, men eg stod eit stykke vekke. Ville ikkje akkurat ha kjeft på ein fin sundag. Trur desse turane med Silje og Torhild og hundane har og er til stor hjelp i treninga med å gå pent i bånd , takle at andre hundar går først, stoppe og vente osb. VI begynte å mimre over koss vi sleit i starten då alle ville gå først.... No er det meir tilfeldig.

lørdag 21. november 2009

God treningsøkt på nytt område

Balder har funne Kari.

I dag skulle vi prøve skytebanen på Madla. Vi hadde fått avtale med Madlaleiren om bruk av området (takk, Anne Lise. Utan din sjarm og innsats hadde vi aldri vore her).
Ekko var andre hund ut. Vi har i det siste vore flinke til å få tid til å gjere hundane klar før det er vår tur. Det ser eg er ein fordel for Ekko. Han blir meir gira når han og eg har hatt ein liten lufting, litt leik og kos før han skal i ilden.

I dag var det spennande då det var nytt område. Ekko arbeidde ivrig. Kryssa meg fint. Men vi kan med fordel arbeide endå meir med å springe beint ut. Han ville leike med Gro Anita på dei aller fleste slaga. Det var eit pluss. Blir ellers fort lei leik og sparar energi ved å stå i ro. Trur Kari bare var glad for at han ikkje ville leike hjå henne. Det krever jo litt å gå inn i leik med han :).  Hadde planar om å ha eit par enkeltslag med lausbitt, men såg at nytt område var utfordring nok.

Balder var hund nr 3. Han var meir uthaldande i dag og imponerer. 5 1/2 månad og begynner skikkeleg å skjøne teikninga
Balder: Hm. Hu ville ikkje gje meg meir mat. Ka var det eg skulle no? Jo over til andre sida!

Det var fleire hundar som brukte ein del tid på snusing og ekstra rundar i dag. Tydeleg at nytt område krev at vi må gjere oppgåvene enklare for dei då. I staden for å bli irriterte og få nederlagskjensle når hunden byrjar å rote, kanskje vi skulle tenkje at vi gjer det for vanskeleg? Sjølv om vi meiner at hunden kan det. Hunden viser tydeleg at han/ ho ikkje kan det. Så for blodtrykket, hundegleda osb gjer det litt enklare enn vi hadde tenkt. Det gjeld like mykje meg sjølv. Eg vil jo så gjerne at han kan det.
Sita i godt driv

Siste hund ut i dag var Maja. Eg må innrømme at eg tenkjer på Maja då ho var redd for å springe ut til figurant, då Gro bare måtte ha to slag og det måtte vere enkle slag. Ingen skulle tru det no når Maja er i farta. Her var det fart, fine kryssingar og ein ivrig hale! Så dei to siste hundebileta er Maja i farta.



Vêret var nydeleg. Etter 2 dagar med skikkeleg regnver, fekk vi strålande sol ogblå himmel!

Etter kaffipausen var vi 4 igjen som trente melding. Ekko jobba godt, men hadde ikkje verdas høgaste fart. Ut til Gro gjekk det fort. Ho er kjempeflink til å leike med han så det er tydeleg at gevinsten er verd å jobbe for! No må eg prøve melding i skogen neste gong.