søndag 29. november 2009

Veka som har gått

Det er travle tider, men vi har då trent litt. Fram til torsdag skulle vi trene på egget og musematta. Ekko tar snuten på egget og set seg, men skal han leite det fram, begynner han å grave. Altså må eg finne ei løysing på det. Musematta bør ein ikkje stå lenge på utan å bjeffe syns Ekko så her gjeld det å klikke i rett tid.

På torsdag var det ny kurskveld med Arne. Vi hadde fått tak i nytt område (takk, Bente). Takk og lys. Luksus. Gro m/ Lotta trente saman med oss. Lotta fekk prøve seg på egget for 1.gong og tok det på eit par sekund. Ekko kom ikkje lenger enn så langt han var komen før. Eg er lei egget .......

Heldigvis gjorde Arne klar agilitybanen. Ekko fekk trent litt på slalom og hopp før det heile blei sett saman. Eg oppdaga då vi skulle starte at det var kome eit nytt element: Hopp gjennom ein ring. Ja, ja vi får ta det når vi kjem til det, tenkte eg. Ekko blei gira alt i starten. Dette er visst enormt kjekt. Men han kom seg gjennom den minste tunnelen (tok den to gonger), hoppet, den store tunnelen og rokkeringen, men den blei hengande igjen på halen.... Slalomen gjekk bare sånn passe for nå var han direkte høg/rusa. Siste hoppet gjekk bra.
I runde to gjekk det betre, men han sprang forbi rokkeringen og hadde for høg fart inn i slalomen. Ekko bit meg i jakken viss han må stoppe. Eg trur eg skal ta ein sakte variant for å sjekke stilen hans.

Alle hundane greidde seg fint. Pia imponerte med å stoppe opp ved slalomen for så å springe gjennom den perfekt. Ho har eit talent for agility. Som alltid på aktivitetskurset er Arne der med falkeblikket sitt. Eit par små råd frå han og vips fiksar hundane meir.


På veg til sporet vårt. Foto Gro Larsen

Laurdag var det spordag på Dale. Vi var mange så vi prøvde å fordele området mellom oss. Gro og eg la spor for kvarandre. Mens vi venta på at spora skulle godgjere seg, trente vi. Eg lånte slalompinnar av Gro. Nå fekk Ekko litt sving og fart i det. Men eg må stoppe etter 2-3 forsøk for han tar av. Etter kort pause er han klar igjen. Prøver og å trene på egget. Går greit til eg gøymer det. Då grev han det fram eller ta det i munnen og  leverer det til meg.

Så var det tid for spora. Det første, det eg la sjølv, gjekk veldig bra når det gjaldt å vere trygg på sporet, men farten var for høg. Han stoppar når eg ber han vente, men han har liksom ikkje tid til å vente så veldig lenge....
Spor nr 2 (det Gro har gått) begynner bra. Han rotar i steinrøysa, men gjev seg ikkje før han finn sporet igjen, går fint vidare, men kjem etterkvart ut på eit ope område. Her set han nasen i veret og har tydeleg ferten av eit eller anna. Eg lurer på om han kjenner til sporet til Gro lenger borte, eller om det er anna hund/ førar i nærleiken. Etter det rotar han rundt og finn ikkje vidare. Han begynner på baksporet. Då stopper eg han og vi tar til på vegen tilbake til utgangspunktet. Akkurat då skulle eg ønskt at Gro hadde brukt min GPS slik at eg kunne sjekka om vi var på sporet og hjelpt han i gang igjen. No ante eg ingenting.
Det viste seg at Torhild sitt spor kryssa Ekko sitt. Det er nok det han fekk ferten av der ute. Dei var jo ute på same tida som oss. Ja, ja, det såg ut som Ekko var lukkeleg for det om han ikkje fann slutten. Han var jo på skogstur :).

Det er veldig fint på Dale, men på ein sånn fin solskinsdag dukka det opp litt folk så det var greit å ha hundane i langline så hadde vi kontrollen.

I dag har vi vore på tur med Era og Pia. I kø rundt Mosvatnet. Kjempetrening. Mange hundar og store og små menneske. Ekko verka uinteressert i dei fleste hundane, men eg stod eit stykke vekke. Ville ikkje akkurat ha kjeft på ein fin sundag. Trur desse turane med Silje og Torhild og hundane har og er til stor hjelp i treninga med å gå pent i bånd , takle at andre hundar går først, stoppe og vente osb. VI begynte å mimre over koss vi sleit i starten då alle ville gå først.... No er det meir tilfeldig.

1 kommentar:

Gro sa...

Ikkje så rart Ekko ikkje klarte det sporet, he he. Masse sporkryssinger etter både Kari, meg og Torhild med Era.

Eg lover å gjøre en bedre jobb neste gang..... : )