lørdag 21. november 2009

Luktdiskriminering og musematte

Torsdag måtte vi rømme under tak. Himmelen hadde opna seg og Vårherre hadde bestemt seg for at det var på tide med storvask før jul. Heldigvis har vi Austrått skole.

Gro Anita og eg trente i lag. Vi skulle ta fram øvingar som omtrent var gått i gløymeboka mi. Nemleg "egget" dvs luktdiskriminering og frys på musematte. Skjønar ikkje at eg gløymer slike ting for dette er jo øvingar som er perfekte å trene på heime.

Luktdiskriminering.
Ekko tok fort at snuten skulle borti egget. Gjekk fint då egget låg på bakken òg. Så trente eg på nokre sitt. Det gjekk fint. Men så skulle eg setje dette saman. Då var det ikkje enklet syns Ekko. Då egget var i handa, kunne han saktens spandere eit sitt, men på bakken - nei då måtte det bli bukk! Heldigvis kom det eit par vellukka òg. Men her er det utviklingspotensiale kan ein seie.

Musematte.
Tja. Eg måtte klikke fort for Ekko er kjapt framme med labben, så snuten og til slutt har han heile musematta i munnen. Her gjeld det å premiere rett atferd fort!. Etterkvart forsvann bitinga, men at han skulle stå på matta? Sånt tull. Han er jo ekspert i å bukke og det har matmor alltid likt..... Fram til musematte og bukk. Premie, takk! Har litt å jobbe med det `og :)

Ekko har forlengst lært at Anne Lise har så mykje i bilen at ho ikkje oppdagar at han forsyner seg. Då Anne Lise hadde kjørt heim og vi skulle ut i mørkret og regnet for å lufte hundane, tok han fram tjuvgodset sitt: Kvakkungen i tau blei med på heile lufteturen. Du skal snart få den igjen Scotty...

2 kommentarer:

Gro sa...

Jyseligt så de bukke disse hundane dokkers, kanskje like greit at Maja ikkje lærer det, he he....

Aud Venke sa...

Plussar og minusar med det meste:). Ekko er sånn som blir hekta på noe. Nå er det bukking og rygging.