søndag 15. november 2009

Damene på dugnad.
















I dag skulle ein gjeng frå bruksgruppa stille til dugnad på området vårt. Vi hadde ikkje sjansen til å stille på dugnadsdagen, men meldte oss til ein eigen dag.

Sol, fin temperatur og damer i storform. Det kan ikkje bli anna enn triveleg dugnad då.



Oppdraget vårt var å skru i skruar på beslaga i ein port. Sette i klips på øvre og nedre del av gjerdet, lage til betre parkeringsplass ved å fjerne ein del ville vekster og spre sanden utover. Vi fann litt utstyr i bunkersen, men heldigvis hadde Marina med trillebåre, dei fleste med seg spade osv.

Anne Lise er opptatt av å vere vakker stadig vekk, så ho stilte med kvite arbeidshanskar. Sjå teknikken. Ho har spadd før!

Scotty var mest opptatt av å kjefte på oss som kasta dei store grastustene over gjerdet og å pisse overalt.


Kari hadde lånt mannen sin drill. Mannen sat enno mållaus heime for ho hadde aldri vist interesse for den drillen før... Men under arbeidet såg ho ut som om ho hadde smugtrent godt. Eller kanskje ho hadde fulgt godt med medan mannen arbeidde?

Torhild oppdaga at det gjekk ann å arbeide så hardt at sveitteperler kunne havne på augelokket!

Silje begynte å forstå alvoret i det å ha hage. Ho blei i tvil om det var det ho ønskte seg...

Ekko fekk endeleg vist at han eigentleg er anleggsgartnar. Han var til god hjelp då eg skulle få opp uvillige røter. Då drog han som ein helt. Men utover det sprang han rundt og stal litt frå bilen til Anne Lise og prøvde å invitere andre hundar til leik utan å lukkast særleg. Det er visst ingen som forstår at lydane hans er invitasjon :). Han treng visst eit lite norskkurs.

På slutten av dagen, då det var heilt mørkt, fann Gro og eg fram lyktene våre. Lykt i pannen er ikkje dumt. Då kunne vi trene litt slalom i mørkret. Det var Era og Ekko som fekk den gleda. Maja hadde fått seg ein solid tur tidlegare på dagen. Det er tydeleg at ein ikkje skal repetere mange gonger før hundane begynner å finne på andre ting for å få pause. Hjernearbeid krev sin hund.

Vi var alle einige om at dugnad er kjekt!

Ingen kommentarer: